Velkommen til Førdecup 2023!

Publisert 09.11.2023 av Karen Nilsen

Del via

– Vi er klare for eit av dei største kulturarrangementa i Førde gjennom året, fortel ein engasjert leiar for Førde IL, Per Øivind Storevik. Det er 26. året ein ivrig dugnadsgjeng og dyktige Førdefolk husar fotballspelarar, støtteapparat og foreldre på Førdecup. Arrangørane fortel at i år er det rekordmange påmeldte. Dei kunne ikkje hatt fleire…

– Vi er klare for eit av dei største kulturarrangementa i Førde gjennom året, fortel ein engasjert leiar for Førde IL, Per Øivind Storevik. Det er 26. året ein ivrig dugnadsgjeng og dyktige Førdefolk husar fotballspelarar, støtteapparat og foreldre på Førdecup. Arrangørane fortel at i år er det rekordmange påmeldte. Dei kunne ikkje hatt fleire lag sjølv om dei ville. Det blir over 2 000 menneske tilknytt cupen denne helga med 138 påmeldte lag. – Det er stor happening for alle som er med! Lag frå Ålesund til Bergen er representert, og det blir fult køyr heile helga, fortel Per Øyvind.

Meir enn å sparke ball
– Klart det er viktig med dei minuttane ein har på bana. Laga bruker gjerne cupen som ein god avslutning på sesongen. Men samtidig er det sosiale kanskje det viktigaste. No samlast fotballglade ungdommar og får nye vener, og det er kjekt å legge til rette for dette, fortsett han.

Foto: Collage frå tidlegare år med Førde Cup.

Navet i Førdecupen
Det er ikkje få personar som er med å gjere cupen det den er. Mange foreldre og dugnadssjeler er i sving denne helga. Alle har kvar sine ansvarsområde, og skal vi tru Per Øivind er det litt av ein logistikk som skal sitte. Alt frå sekretariat, dommarar, kampoppsett, mat, rydding, rigging og overnatting må vere på plass. Heldigvis har dei gjort det før, og med ein dyktig dugnadsgjeng som ikkje er redd for å ta ansvar går det saumlaust. – Denne helga er det «døgnet-rundt» dugnad, og eg er glad for at mange stillar opp. Dei gjer ein kjempejobb, skryt leiaren.

Heile Førde i sving
Dei Vidaregåande skulane i området tas i bruk, og husar kring 700 personar. Resten overnattar på hotella eller andre stader. I tillegg er godt samarbeid med Sunnfjord Kommune og Førdehuset avgjerande. Heile Førde er med andre ord i sving når så mange tilreisande kjem på besøk. 

Den nye leiaren for cupen har kontroll
I år tok Tone Lin Støfring Skovro over stafettpinnen frå Odd Hagen. No leiar ho det overordna, og skal sørge for at den står til alle sine forventningar. Ho trekk fram den dugnadsånda som finns hos både lag og føresette er heilt enorm. Saman ser det ut som det blir nok eit strålande arrangement i Førdehuset. No ønsker ho alle hjarteleg velkommen til underhaldande fotball både fredag, laurdag og søndag!

Her kan du finne oversikt over lag og kva bane og tid dei spelar på:
https://www.profixio.com/app/forde-cup-innandors-2023

Relatert