VASKAR NED HEILE SKULEN PÅ DUGNAD

Publisert 08.11.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk desse 11 frivillige. Onsdag ettermiddag og kveld vaska dei ned minst 5000 kvadratmeter på Hafstad vidaregåande skule, slik at 550 fotballspelarar i Førde Cup skal komme til reine rom. -Det er litt av ein jobb som ventar oss. Vi skal vaske ned 26 toalett, 22 klasserom, fire store fellesrom og ikkje minst mykje fellesareal.…

Sjekk desse 11 frivillige. Onsdag ettermiddag og kveld vaska dei ned minst 5000 kvadratmeter på Hafstad vidaregåande skule, slik at 550 fotballspelarar i Førde Cup skal komme til reine rom.

-Det er litt av ein jobb som ventar oss. Vi skal vaske ned 26 toalett, 22 klasserom, fire store fellesrom og ikkje minst mykje fellesareal. Men det skal vi klare i løpet av kvelden, fastslo overnattingssjefen i årets Førde Cup, Øystein Fosstvedt.

Rekord i overnatting

Faktum er nemleg at Hafstad vidaregåande skule har stått tom sidan nyeskulen på Øyrane vart teke i bruk i august, og det er dermed trong for å vaske med tanke på innrykket som kjem fredag ettermiddag.

-Det er midt i blinken og heilt fantastisk at vi kan få plass til heile 550 personar her på Hafstad vgs. Når vi dessutan skal ha folk på overnatting på Førde ungdomsskule, så vil vi i år sette rekord med over 800 personar til overnatting på to skular. Og alle har gangavstand til Førdehuset, seier Fosstvedt og deler ut vaskeutstyr som moppar, kluter, toalettpapir, vaskemiddel, bøtter og anna til dugnadsgjengen. Dessutan skal vindauga i fleire av romma tildekkast med papir for å hindre innsyn.

Dugnadsløft

-Her på Hafstad vgs skal vi sjølvsagt ha minst to vakter døgnet rundt. Og etter at turneringa er ferdig utover sundagen, så startar nedvaskinga. Den er sjølvsagt også på dugnad. Men då er det ikkje denne gjengen som skal i elden. For i samband med årets Førde cup er det totalt eit par hundre foreldre og andre i Førde-samfunnet som stiller opp på dugnad under Førde cup, fortel Fosstvedt og legg til:

-No håpar vi berre at Førde-folk tek turen i Førdehuset og ser mylderet av glade ungdommar, seier han.

På bildet ser vi foreldregruppa frå G13 og G14-laga som har ansvaret for nedvaskinga på Hafstad vidaregåande skule. Frå venstre Øystein Fosstvedt, Bente Herland Aase, Kjersti Lundekvam Hoff, Liv Reidun Bergseth, Geir Angedal, Jannicke Hoff Strand, Paul Christian Sandal, Roger Strand, Runar Torsheim, Anne Grethe Kleiva og Thomas Tordal.

Dette er kort og godt fantastisk!!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert