-VI ER KLARE FOR 2.RUNDE

Publisert 12.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde sitt jentelag er vidare til 2.runde i NM-cupen etter siger mot Sogndal onsdag kveld. -No håpar vi på ein tøff motstandar i neste runde, seier Johan Pettersen. Det er tydeleg at Førde sitt J19-lag har kontroll på Sogndal. Dei slo sogningane i finalen i Vinterserien for kort tid sidan, og slo dei ut av…

Førde sitt jentelag er vidare til 2.runde i NM-cupen etter siger mot Sogndal onsdag kveld. -No håpar vi på ein tøff motstandar i neste runde, seier Johan Pettersen.

Det er tydeleg at Førde sitt J19-lag har kontroll på Sogndal. Dei slo sogningane i finalen i Vinterserien for kort tid sidan, og slo dei ut av NM-cupen i kveld.

-Ja, vi har godt grep på dette laget. I Vinterserien vann vi 6-3, medan det vart 3-1 i dag. Og på ein dårleg dag, var det godt å nå må¨let om å gå vidare, seier Johan pettersen rett etter kampslutt på Kvåle stadion i Sogndal.

To frå midten

Førde leia 3-0 ved pause, etter to nettkjenningar ved midtbanespelar Johanne Støfring, medan kantspelar Martine Honningsvåg Aarnes opna scoringsballet.

-Det var vanskelege tilhøve under kampen, med knusktørr bane og kraftig vind. Det får vere noko av forklaringa på at vi ikkje storspelte. Dessutan hadde vi såpass god kontroll at vi kunne la dei tre jentene som skal på Team Vestland-samling i Trondheim, kunne stå over. Det betyr at alle spelarane i troppen fekk speletid. Noko som også er positivt, seier Petersen og håpar på tøff motstand i 2.runde.

Vil ha heimebane

-No er dette den første kampen i 1.runde då kampen vår var framskunda. Men eg håpar forbundet er litt kreative når det gjeld oppsettet. I det minst håpar vi sjølvsagt på heimebane, avsluttar Pettersen og ser jublande glade Førde-jenter gjere seg klare for heimreise til Sunnfjord.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Kjartan Aarnes

KAMPFAKTA

1.runde NM J19

Kvåle stadion, Sogndal

Mål:

1-0 25 min Martine Honningsvåg Aarnes

2-0 35 min Johanne Støfring

3-0 44 min Johanne Støfring

3-1

Dommar: Therese Figved, Bjerkreim

Førde sin tropp: Sofie Honningsvåg Aarnes, Lea Oline Aamot Fonn, Linnea Levik Aamot, Sigrid Welle, Viktoria Zablotna, Johanne Støfring, Anne Gyldenskog Kilnes, Dina Sande Søgnen, Martine Honningsvåg Aarnes, Nora Flatjord Gjelsvik, Vilde Sunde Wie, Marit Hjelmeland Berqvam, Andrea Myren Ynnesdal og Henriette Palma Flaten

Relatert