OPPSETTET FOR 2023 ER KLART
Norges Fotballforbund offentleggjorde dei seks avdelingane i Norsk Tipping-ligaen (3.divisjon) fredag ettermiddag. Og for Førde og trenar Terje Rognsø sin del så blir det lokaloppgjer mot både Florø og Sogndal 2 i 2023. Og mest sannsynleg vil sunnfjord-derbyet neste år bli spelt på Førde stadion 16. mai. Fire nye lag -Ja, inndelinga vart omtrent som…
- -Vi får mange av dei same laga som denne sesongen, seier trenar Terje Rognsø om serieoppsettet i Norsk Tipping-ligaen i 2023.
Norges Fotballforbund offentleggjorde dei seks avdelingane i Norsk Tipping-ligaen (3.divisjon) fredag ettermiddag. Og for Førde og trenar Terje Rognsø sin del så blir det lokaloppgjer mot både Florø og Sogndal 2 i 2023. Og mest sannsynleg vil sunnfjord-derbyet neste år bli spelt på Førde stadion 16. mai.
Fire nye lag
-Ja, inndelinga vart omtrent som denne sesongen. Dei fire laga som forsvann (Aalesund 2, Lillehammer, Toten og Kongsvinger 2) har blitt erstatta med Sogndal 2, HamKam 2, Eidsvold Turn og Fu/Vo. Det siste laget heiter eigentleg Funnefoss/Vormsund, og held til nord for Lillestrøm.
-Dette betyr at det blir omtrent same reisebelastning som i 2022. I staden for ein tur til Sunnmøre, blir det ein ekstra tur til Austlandet, seier Rognsø og seier det er altfor tidleg å ha synspunkt på det sportslege nivå Førde vil stå overfor.
-Nei, det får vi ta etter kvart. Eg ser at det er to andrelag til Tippeligaklubbar (Molde og HamKam), og tre andrelag til klubbar i OBOS-ligaen (Raufoss, Sogndal og Hødd). Så i utgangspunktet er nok nivået omtrent på samme nivå som i år, seier Rognsø.
Inndelinga
Dette er laga i Norsk Tipping-ligaen avdeling 2:
Brumunddal
Eidsvold Turn
Elverum
Florø
Funnefoss/Vormsund
Førde
HamKam 2
Hødd 2
Hønefoss
Molde 2
Raufoss 2
Sogndal 2
Spjelkavik
Volda
Tekst og foto: Stig Roger Eide