Sluttspurten starta for seint

Publisert 24.09.2023 av Geir Vindheim

Del via

Det enda med tap 3-2 for J14 i kvartfinalen mot KFUM-Kam Oslo lørdag på Gol. Jentene var i 2022 i sluttspelet, men grunna kolliderande kretsaktivitet fekk ikkje alle bli med. Dei var derfor veldig motivert for eit nytt sluttspel i år. Kamplan var klar Trenar Rasmus Faleide fortel om at dei hadde ein klar kampplan…

Foto:

Det enda med tap 3-2 for J14 i kvartfinalen mot KFUM-Kam Oslo lørdag på Gol. Jentene var i 2022 i sluttspelet, men grunna kolliderande kretsaktivitet fekk ikkje alle bli med. Dei var derfor veldig motivert for eit nytt sluttspel i år.

Kamplan var klar

Trenar Rasmus Faleide fortel om at dei hadde ein klar kampplan med å være direkte i starten, få ballen opp til deira mål og trykke dei bakover. Det lykkast vi ikkje heilt med, og slepp inn eit “merkeleg mål” etter 2 miniutt. Vi prøver å kjempe oss tilbake, og vi veit vi kan komme tilbake i kamper. Seinast onsdag henta vi inn 3 mål mot Sogndal.

I pausen vart vi einige om å på nytt prøve å ta tak i kampen, men i staden vart det KFUM som tok meir og meir over. Dei rundspeler oss nesten ein liten periode, og då står det brått 3-0 etter to dødballer. Vi legg då om formasjon, og får to reduseringsmål ved Andrea Løkkebø Lekva, Solveig Hoff. Desse måla kom dessverre for seint til å skaffe ekstraomgonger, men jentene skal ha ros for å ha gjort eit iherdig forsøk og kjempe heilt inn. Dermed var årets adidascup eventyr ute, og no må vi berre brette opp ermane til resten sesongen i lokal serie.

Vi ynskje KFUM-Kam Oslo lykke til i sluttspelet. Eit godt lag som var eit steg opp frå lokal serie, og vi håpar dei vinner heile adidas cup oppsummerer Rasmus Faleide.

Relatert