NY UTKLASSING AV FLORØ

Publisert 19.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Taktikken vår med å satse på kontringar lukkast først i 2. omgang, seier Terje Rognsø etter 5-2-siger over Florø i Hafstadparken søndag ettermiddag. Forventa storm ved kysten vart skifta ut med plaskande regn og sleip bane då naboane Florø og Førde valde å flytte treningskampen frå Florø til Førde på søndag. Og sjølv om kunstgrasmatta…

Foto:

-Taktikken vår med å satse på kontringar lukkast først i 2. omgang, seier Terje Rognsø etter 5-2-siger over Florø i Hafstadparken søndag ettermiddag.

Forventa storm ved kysten vart skifta ut med plaskande regn og sleip bane då naboane Florø og Førde valde å flytte treningskampen frå Florø til Førde på søndag. Og sjølv om kunstgrasmatta var såpeglatt, var det i periodar vist bra fotball av begge lag.

Mykje bra

-Ja, i periodar var det mykje bra. Florø var flinke til å bryte opp spelet vårt i 1. omgang, og hadde bra intensitet i overgangsspelet sitt. Medan vi først kom til vår rett utover i 2. omgang. Vi hadde lagt opp til at dette skulle vere ein kontringskamp, men romma opna seg først opp etter kvilen. Og då vart det tre kjappe mål på 10 minutt, seier Terje Rognsø og likte veldig godt det spelarane presterte då.

-Vår beste spelar i dag var Kristian Hauståker. Han var god defensivt, og skapar veldig mykje på overgangane på høgresida. Dessutan må sjølvsagt Mathias Sagevik krediterast for to flotte scoringar og mange flotte, djupe løp i sin indreløpar-posisjon, seier Terje Rognsø og legg opp til at dei tre siste vekene fram mot seriestart skal nyttast til å perfeksjonere laget.

Styrka seg

-I utgangspunktet skal vi ikkje ha andre treningskampar enn internt i gruppa vår, men det kan hende vi får til ein kamp mot eitt av dei laga som blir slått ut av NM-cupen i desse dagar. Det skal vi komme tilbake til, seier Rognsø etter 5-2-sigeren mot sine gamle lagkameratar i Florø.

-Florø har styrka seg sidan sist då vi vann 6-0. Tomas Hallstensen og Kim Vik betyr mykje defensivt, og i tillegg fekk dei vel testa ut ein ny fransk spelar mot oss. Så Florø vil garantert ha ein god første 11´ar i årets sesong, avsluttar Rognsø etter møtet med naboklubben i Hafstadparken søndag ettermiddag.

Vi kjem tilbake med meir stoff frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

FØRDE-FLORØ 5-2 (2-1)

Hafstadparken, 100 tilskodarar

Mål:

1-0 25 min Jacob Bergset

1-1 33 min Lido Lotefa

2-1 35 min Vegard Savland

3-1 52 min Mathias Sagevik

4-1 59 min Mathias Sagevik

5-1 64 min Øystein Østvik

5-2 80 min Ulrik Domben Rognaldsen

Dommar: Jacob Søgnen, Gaular

Raudt kort: Leander Høyvik, Florø (men laget fekk spele med fullt mannskap likevel)

Førde: Håvard Folkestad, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Eirik Flatjord (Elias Grimeland i 60. min), Øystein Østvik, Jacob Bergset, Elias Rognebakke, Mathias Sagevik (Christian Josefsen i 75. min), Sander Aamelfot (Lasse Aamelfot i 75. min), Vegard Savland (Sander Kapstad i 75. min), Mathias Helgheim (Magne Aarøen i 45. min)

Relatert