Første seriekamp for damelaget

Publisert 25.04.2022 av Emil Rasmussen

Del via

OPNAR MED TØFF BORTEKAMP       I fjor vann Førde sitt damelag 3. divisjon. Målet er å vere i toppen i år også. – Ja, det skulle berre mangle, seier hovudtrenar Bjørn Totland. Trenartroikaen Bjørn Totland, Terje Norevik og Ottar Klopstad rår over ei stor tropp til årets sesong i 3. divisjon for kvinner,…

Foto:

OPNAR MED TØFF BORTEKAMP

 
 
 
I fjor vann Førde sitt damelag 3. divisjon. Målet er å vere i toppen i år også. – Ja, det skulle berre mangle, seier hovudtrenar Bjørn Totland.
Trenartroikaen Bjørn Totland, Terje Norevik og Ottar Klopstad rår over ei stor tropp til årets sesong i 3. divisjon for kvinner, og har som mål å vere med å prege det øvre sjikt av tabellen.
– Ja, dei fleste av våre spelarar var også med i fjor, og har utvikla seg gjennom vinteren. Så vi bør absolutt vere med i toppen. Dessutan er vi opptekne av at spelarane skal utvikle seg, og at resultatet av det er at laget som heilskap skal prestere bra, seier Totland.
 
Utsett den første
 
Den første seriekampen skulle eigentleg ha blitt spelt sist fredag, men då det rir ei influensa-bølgje i Sogndal for tida, så akseptere Førde-leiinga å utsetje opningskampen til førstkomande tysdag.
– Allereie i den første bortekampen, så møter vi kanskje eit av laga som vil vere med i toppen i vår avdeling. Samstundes er vi usikre på kva tropp dette nye laget mønstrar, så lenge den nye klubben Sogndal FK endå ikkje har komme skikkeleg i gang. Dei har overteke Kaupanger sin plass i 2. divisjon, og planen er at dei skal ha eit tilbod til dei nest beste spelarane sine i 3. divisjon. Så dei vi skal møte er nok ei blanding av Sogndal FK 2 og Sogndal, seier Bjørn Totland føre den første kampen som blir spelt på Kvåle stadion i Sogndal tysdag klokka 19.30.
 
I toppen
 
I tillegg til spelarane som er avfotograferte her, så mangla trioen Inga Hoff, Ida Kristine Rotnes og Marit Hjelmeland Berqvam på trening denne kvelden.
– Vi har spelarar frå heile kommunen, og eg håpar vi kan gje eit godt tilbod til dei beste spelarane utan at det verkar negativt inn på dei mindre klubbane i området, seier Totland og viser til at spelarane har bustadadresse på plassar som Holsen, Sande, Kvammen, Naustdal, Eikefjord, Jølster og Førde.
– Dette er ein flott gjeng med utviklingsorienterte spelarar. No lengtar vi etter å komme skikkeleg i gang, seier hovudtrenaren.
I Førde si avdeling spelar følgjande klubbar: Måløy, Stryn, Eid, Sandane, Sogndal FK 2/Sogndal og Førde.
Dette er troppen: Bak frå venstre: Terje Norevik, May-Linn Honningsvåg, Stina Hillersøy, Kaya Bird Fonn, Viktoria Zablotna, Bea Hallstensen, Maria Høyvik, Una Claussen Thingnes, Astrid Bolstad Blikra, Sofia Paulen, Lea Storøy, Thea Holsen, Anne Gyldenskog Kilnes, Andrea Myren, Bjørn Totland og Ottar Klopstad.
Framme frå venstre: Linnea Aamot, Martine Aarnes, Agathe Slettehaug, Synne Bell Folland, Ingrid Sande Søgnen, Sofie Aarnes, Frida Skilbrei, Sigrid Welle, Nora Flatjord Gjelsvik og Eline Botnen.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert