Nett der du er!

Publisert 05.06.2023 av Karen Nilsen

Del via

Enivest er ein leverandør av internett, og leverer i dag fiber til bygd og by i Sogn og Fjordane-delen av Vestland. Dei har snart 25 000 nøgde kundar, godt spreidd utover eit område prega av lange avstandar, smale og svingete vegar og ferjeforbindelsar. Totalt er dei nesten 60 tilsette i Enivest, og sjølv om hovudkontoret ligg…

Foto:

Enivest er ein leverandør av internett, og leverer i dag fiber til bygd og by i Sogn og Fjordane-delen av Vestland. Dei har snart 25 000 nøgde kundar, godt spreidd utover eit område prega av lange avstandar, smale og svingete vegar og ferjeforbindelsar. Totalt er dei nesten 60 tilsette i Enivest, og sjølv om hovudkontoret ligg i Førde er dei tilsette også godt spreidd.  – I tillegg til Førde har vi folk på Sandane, Florø, Sogndal og Stryn. Vi bur og jobbar i den geografien vi gjer, og då er det viktig for oss å leggje til rette for medarbeidarane våre. Difor arbeidar fleire remote, og vi har eit fleksibelt system, fortel marknadssjef Ellen Katrine Kristensen. Hos Enivest har dei forstått viktigheita av å kunne bu der ein vil. Difor bygg dei ut høghastighetsnett i utkantar, på småstader og i bygdene. – Med våre tilsette forstår vi at godt internett er viktig for å bu og leve der ein ønskjer. Behovet har endra seg, og utviklinga går radig. På få år har internett gått frå å vere noko vi fungerte fint utan, til å bli heilt utenkjeleg å ikkje ha. Det er blitt ein samfunnskritisk teneste som vi blir ekstremt sårbare utan. Det er både ein viktig og spennande bransje, fortel ho engasjert.

Over eit fjell, gjennom ein tunell, over ei bru – ja der bur du!
– Vilde og Anna forklarar Vestlandet(2016) godt.

Meir enn berre 90 min
Det står ikkje på lokale lag og organisasjonar Enivest støttar. Dei har eit vidt spenn og mangfald i støttemidlar og sponsoravtalar som strekk seg frå både topp- til breidde, innan idrett og kultur, festivalar, LAN, E-sport og konferansar. – Vi vil vere med å lage eit kjekt miljø og levande lokalsamfunn. Skal vi få fleire til å flytte til utkantane, og bli verande her, må tilbodet vere godt. Vi bidrar gjerne til at området vårt er ein kjekk plass å bu og leve, og fordeler støtta vår variert og godt, fortel marknadskonsulent Reidun Hegrenes.

Enivest er ein av Førde IL sine viktige Førdepatriotar, og det har dei vore lenge. – Fotballen er viktig for lokalsamfunnet, og den breiaste gruppa med flest medlemmar. Klart vi er med som stolt patriot, fortel Reidun. Ellen skyt inn at fotballen, liks med andre aktivitetar, ikkje berre handlar om dei 90 minutta dommaren held kampen i gong. – Det handlar om det sosiale tilbodet, treningane, måltida og bilturane. Rett og slett ein inkluderande arena kor ein treff vener, fortel ho. Det harmoniserer godt med Førdepatrioten sitt slagord «ein del av noko større».

I tillegg har Enivest fleire årskort til kampane, og dei blir hyppig brukt av dei tilsette.

Jenteløftet
Som sponsor får ein vere med å påverke. Når Enivest skulle skrive ny avtale med Førde IL Fotball sette dei krav: Det skal satsast meir på jentefotball. Dette resulterte i «Jenteløftet» som går ut på å byggje ein treningskultur og kompetanse som får fram jentene meir. Dette har resultert i eit trenings- forum og akademi for jentefotballen på tvers av klubbar. – Det er kjekt at jentene har fått eit større og betre tilbod, det var viktig for oss, fortel Reidun.

Medlytt-maraton
Den innovative internettleverandøren skil seg frå sine konkurrentar på fleire område, men på kundeservice er dei spesielt dyktige. – Vi er i norgestoppen på kundeservice, og prioriterer dette høgt. Hos oss kan du for eksempel booke ein kunderådgivar akkurat når det passar deg og vi har ei svartid på under halvminuttet, fortel Reidun. – Vi ønsker at alle tilsette forstår viktigheita av kundeservice, og kan sette seg inn i kundane sine eventuelle problem, skyt Ellen inn. Vi har noko vi kallar «Medlytt-maraton» som er ei samling for alle tilsette. Då inviterer Kundesenteret vårt til konkurransar og aktivitetar, der alle set av tid til å lære og få innblikk i kva kundane faktisk spør om og treng. Det er ekstremt viktig at alle avdelingar har innsikt i dette, i tillegg er det nokre kjekke dagar med mykje konkurranseinstinkt, ler Ellen.

Støttar du oss – støttar vi deg
Enivest sin visjon er at du skal leve og bu der du vil. Då er det viktig med samarbeid og lokale forankringar. – Synergiane heng saman. Vel du oss, ein lokal leverandør, er du med på å gi verdiar tilbake til lokalsamfunnet. Både ved at vi leverer ei samfunnskritisk teneste, har attraktive arbeidsplassar og gir varierte støttemidlar. Som Enivest-kunde bidrar du til å skape levande lokalsamfunn nett der du er – og vi ser på dette som ein vinn/vinn situasjon, avsluttar Ellen.

Fem gode grunnar til å velje Enivest

  • Internett som er best i test – 3. året på rad!
    Kåringa gjeld best i test på fast breiband 2022.​ Utført av *nPerf Speed Test H2 2021– H1 2022, fast breiband​.
  • Kundeservice i Norgestoppen
    Dei fekk 2. plass Kundeserviceprisen 2022 og 3. plass 2023, kategori breiband
  • Ubegrensa surfing​
    Så lenge du har fått fiber inn i hus, kan du bruke så mykje «data» du berre vil.
  • Stabil og høg hastigheit heile døgnet​
    Med fiber har du di eiga linje inn til huset, som vil sei at den ikkje vert påverka av andre sin bruk
  • Skapar levande lokalsamfunn
    Gjennom å støtte og sponse ei rekke kultur- og idrettsarrangement i regionen vår bidreg vi til gode aktivitets- og møteplassar – nett der du er.

Sjå meir om Enivest nettstaden deira: enivest.no

Relatert