DESSE FEM SKAL TIL TRONDHEIM

Publisert 11.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde har med heile fem jentespelarar på Team Vestland som skal spele kretslagsturnering i Trondheim komande helg. -Eg håpar vi får vist det beste i oss, seier Inga Hjelmeland Berqvam. Førde er den beste klubben i Sogn og Fjordane når dei har med heile fem jentespelarar på dette spissa tiltaket i Trondheim. Dette er eit…

Førde har med heile fem jentespelarar på Team Vestland som skal spele kretslagsturnering i Trondheim komande helg. -Eg håpar vi får vist det beste i oss, seier Inga Hjelmeland Berqvam.

Førde er den beste klubben i Sogn og Fjordane når dei har med heile fem jentespelarar på dette spissa tiltaket i Trondheim. Dette er eit tiltak for dei beste spelarane fødde i 2008 og 2009, og Sogn og Fjordane stiller lag saman med Hordaland under namnet Team Vestland.

Topp helg

I turneringa i Trondheim skal desse fem spele tre kampar kvar, og motstandarar er Trøndelag, Møre og Romsdal samt Rogaland.

-Dette er noko vi verkeleg gleder oss til. Vi skal ta fly både oppover og nedover igjen. Vi håpar dette blir ei topp helg, seier Ida Øvrebø Sætre som er ei av to Førde-spelarar på det yngste laget.

For på 2009-laget er Sogn og Fjordane berre representert med fire spelarar, og halvparten kjem altså frå Førde. Dei resterande 14 spelarane er frå forskjellige klubbar i Hordaland.

Følge med

I den eldste klassa, fødde i 2008, er vårt fylke best representert med totalt 10 spelarar, kor av tre av dei altså kjem frå Førde. Dei andre klubbane som har med spelarar som har komme gjennom dette tronge nålauget er Måløy, Hafslo, Kaupanger (2), Jotun og Sogndal (2).

-Vi har fått høyre at det brukar å vere ein del talentspeidarar på slike turneringar, så vi får forsøke å gjere vårt beste. Kanskje nokre av oss kan bli aktuelle til eit eventuelt landslag eller talentsamling, seier Kaja Skrede Johannessen håpefullt på vegner av dei fem unge og talentfulle Førde-jentene.

Dei fem jentene er Ida Øvrebø Sætre, Malin Øren Otternes, Inga Hjelmeland Berqvam, Kaja Johannessen Skrede og Kristina Hjelmeland Berqvam.

Førde il Fotball ønsker lukke til i Trondheim, jenter!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert