-EG HAR LYST Å KASTE KRYKKENE

Publisert 11.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

På ei av dei siste treningane føre seriestarten, small det plutseleg i kneet til Mathias Sagevik. -Eg har aldri stått over kampar før i karriere mi, så eg forstod ganske raskt at dette var alvorleg, seier midtbanespelaren. I år ut og år inn har Mathias Sagevik (22) vore ein trufast Førde-spelar, og har spelt alle…

På ei av dei siste treningane føre seriestarten, small det plutseleg i kneet til Mathias Sagevik. -Eg har aldri stått over kampar før i karriere mi, så eg forstod ganske raskt at dette var alvorleg, seier midtbanespelaren.

I år ut og år inn har Mathias Sagevik (22) vore ein trufast Førde-spelar, og har spelt alle kampane på alle lag sidan han debuterte på Halbrend for om lag 15 år sidan. Men når alvoret skulle ta til i Florø måndag ettermiddag, måtte Mathias ta plass på betongtribuna blant Førde-supporterane. Med krykkene liggjande ved sidan av.

Inn på bana

-Eg hadde lyst å kaste krykkene og springe innpå bana. Det var heilt merkeleg å vere på sidelinja for første gang. Og det til noko som eg hadde sett så mykje fram til, seier 22-åringen etter serieopninga mot naborivalen.

-Det er ikkje så mykje å snakke om. Dette var ein kamp som Florø vinn først og fremst fordi dei trøkker til i alle duellane. Vi vart passive, og det går ikkje, seier Mathias.

Usikker framover

Når det gjeld hans eiga skade, så veit han veldig lite.

-Eg var hos fysioterapeut onsdag i påskeveka, og då fekk eg fortalt at omtrent 50 prosent av det fremre korsbandet hadde rift. Slik eg forstod fysioen så trudde han det var mogleg å trene seg sterk igjen. Så vi får sjå kva ei MR-undersøking kan vise. Eg håpar det ikkje går så lang tid før eg får time, seier han og vil ikkje ha tankar på kor lenge han kan bli ute av spel.

Støttar Førde

-Nei, det er heilt umogleg å vite. Eg har aldri stått over ein kamp før, så dette er heilt nytt for meg. Og no forstår eg kor tøft det har vore for dei andre spelarane våre som har slite med skader. Eg håpar sjølv at eg snart kan vere klar igjen, men det kan jo hende at vårsesongen går utan meg. Men som sagt, eg veit ikkje slik situasjonen er no. Eg berre håpar det beste. Før eller seinare så måtte det kanskje skje med meg også, seier 22-åringen og førebur seg på krykketrening med det første.

-Eg er iallfall topp motivert for å drive alternativ trening, og eg skal støtte opp om laget uansett. Og eg skal tilbake så fort som råd, understrekar Mathias etter den tøffe påskeveka.

Førde il Fotball håpar du er snart tilbake, Mathias!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert