KOM RETT FRÅ PORTUGAL OG HERJA PÅ SKEI

Publisert 12.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Johanne Støfring vart den store helten då Førde knuste Sogndal i finalen i Vinterserien for J19-lag søndag ettermiddag. – Scoringa hennar er nok årets mål i Skeihallen, seier trenar Johan Pettersen. Scoringa til Johanne Støfring kom då det var knappe fem minutt igjen av oppgjeret, og stillinga var 5-4 til Førde i ein kamp som…

Foto:

Johanne Støfring vart den store helten då Førde knuste Sogndal i finalen i Vinterserien for J19-lag søndag ettermiddag. – Scoringa hennar er nok årets mål i Skeihallen, seier trenar Johan Pettersen.

Scoringa til Johanne Støfring kom då det var knappe fem minutt igjen av oppgjeret, og stillinga var 5-4 til Førde i ein kamp som hadde bølga fram og tilbake.

-Dette vart litt for spennande, men det står respekt av det jentene gjer då dei får to baklengsmål rett i fleisen i starten av 2. omgang. Dei reiser seg meistarleg og vinn heilt fortent, seier Pettersen etter oppgjeret og ser at med 6-4-sigeren er Førde vinnarar av årets vintersereie for J19-lag. Dei er dermed også kvalifiserte til å spele NM seinare på sesongen.

Frå Portugal

Men tilbake til hovudpersonen: Johanne Støfring. Ho kom rett frå treningssamling med Sogn og Fjordane Friidrettskrins i Portugal, og viste med scoringa si rett føre slutt at ho hadde trent masse løping.

-Eg fekk ballen omtrent på midten, og då tenkte eg at her var det berre å sette fart. Og om det var seks eller sju spelarar eg finta vekk på veg framover, er eg usikker på. Men då eg nærma meg keeperen, valde eg berre å plassere ballen i buret. Men eg kunne sikkert ha finta ho vekk også, ler Støfring og takkar trioen Asgeir Årdal, Eivind Øygard og broren sin, Øystein Støfring, for at det vart treningssamling med fokus på løping i Portugal.

-Det var ei flott veke i Portugal, og vi var fire jenter frå J19-laget som deltok, nemleg Sigrid Welle, Victoria Zablotna, Marit Hjelmeland Berqvam og meg. Klart vi lærte mykje der som vi kan ta med oss i fotballen, seier Støfring som går andre året på Hafstad vgs i Førde.

Tre mål på Wie

Men før Støfring sitt enorme raid frå midtbana, såg det ut til at Vilde Wie skulle bli den store helten for Førde. Spissen scora tre mål, og var konstant trugsmål mot Sogndal-forsvaret.

-Eg vil helst ikkje framheve einskildspelarar, men eg trur du har plukka ut to av dei som gjorde det best i dag, ja, ler trenar Johan Pettersen og ser jublande glade Førdejenter omfamne kvarandre etter ein sterk siger mot Sogndal.

Vi kjem tilbake med bildeserie og kampfakta frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert