Den siste veka har Førde trent i Skeihallen. Kampen mot Varegg på laurdag går også i storstova i Jølster. -Vi har ikkje noko val slik tilhøva har vore i Førde, seier Terje Rognsø.
Så lenge undervarmen på bane 1 i Hafstadparken ikkje fungerer optimalt, så har herrelaget til Førde il Fotball dei siste dagane trent innandørs i Skei storhall.
-Ja, vi har hatt ein utfordrande vinter. Periodevis mykje nedbør, og no kulde, gjer at vi ikkje på nokon måte har hatt det optimalt i oppkøyringa. For å vere på den sikre sida, så har vi leigd timar i Skei storhall den siste veka, og vi kjem sikkert til å satse på nokre innandørs-treningar der også framover, seier Rognsø føre treningskampen mot bergensklubben Varegg laurdag ettermiddag.
Inn i hus
Det betyr at Førde sin siste treningskamp på heimebane, er flytta til Jølster. Kamptidspunktet er også endra.
-Kampen skulle i utgangspunktet gå i Hafstadparken 13.30, men no er den skjøve til 17.00. Då var det ledig i storhallen på Skei, seier Rognsø som sjølv ikkje har høve til å vere til stades på denne treningskampen.
-Nei, det har vi vore klar over lenge, og det er Knut Erik Folland som leiar laget. Sjølv er eg oppteken med å feire mine svigerforeldre sin 80-årsdag i Molde i helga, seier Rognsø.
To lag
I utgangspunktet skulle fleire av Førde sine beste spelarar ha delteke i cupfinalehelga i futsal i Drammen denne helga, men dei har no meldt forfall til den turneringa.
-Det betyr at vi har så godt som alle spelarane våre tilgjengelege til kampen mot Varegg. Mest sannsynleg vil vi difor bruke to forskjellige 11´arar i dette oppgjeret, seier Rognsø.
Førde sin siste treningskamp vil vere mot Florø i kystbyen neste helg.
Etter det blir det nokre interne oppgjer i klubben fram mot serieopninga om ein månad, 10.april. Då møtest dei to sunnfjordklubbane til årets første kamp om poenga. Den kampen går også i Florø.
Tekst og foto: Stig Roger Eide