«EIN DEL AV NOKO STØRRE»
Merk deg dette slagordet! «Ein del av noko større» skal prege Førde-fotballen framover, og slagordet har blitt lansert i samband med oppstartsmøta som klubben har hatt dei to siste vekene. Måndag kveld var det foreldra til spelarar i alderen 13 til 16 år som hadde sitt oppstartsmøte på Scandic Sunnfjord Hotell. Og på samme vis…
Merk deg dette slagordet! «Ein del av noko større» skal prege Førde-fotballen framover, og slagordet har blitt lansert i samband med oppstartsmøta som klubben har hatt dei to siste vekene.
Måndag kveld var det foreldra til spelarar i alderen 13 til 16 år som hadde sitt oppstartsmøte på Scandic Sunnfjord Hotell. Og på samme vis som rundt 200 ungdomsspelarar hadde fått orientering sist veke, så var det 60-70 foreldre som stilte opp måndagskvelden.
Suksess
-Vi hadde trudd det kanskje ville komme fleire foreldre. Uansett er vi veldig godt nøgde med denne måten å informere på. Tilbakemeldingane har vore eintydig positive, så dette er ei form vi vil gjenta seinare, kan leiaren i breiddefotballen, Geir Vindheim, fastslå etter at han har gjennomført det tredje av slike informasjonsmøter.
Møtet for foreldra var bygd på mykje den same lesten som opplegget for spelarane, men innhaldet var sjølvsagt meir tilpassa den vaksne målgruppa.
-Leiar Arild Sandvoll orienterte først litt om klubben og målsettingane. Deretter tok Lars Solnørdal og Bjørn Totland føre seg den sportslege satsinga for både gutar og jenter i denne aldersgruppa, medan Mariann Flo orienterte om Fair Play-satsinga til klubben. Dessutan hadde Eirik Flatjord nok eit spennande innlegg om trening og restitusjon. Dommar Jonas Mossestad orienterte om dommarsituasjonen i klubben, og ba foreldra snakka varmt om dommarjobben og prøve å rekruttere inn rekruttdommarar «ved kjøkkenbordet» heime.
Nytt slogan
Dessutan kunne dagleg leiar Per Øyvind Storevik orientere om det nye slagordet til Førde il Fotball.
-Styret var samla på nokre arbeidsmøter rett føre jul, og då vart vi samde om å gå for dette slagordet. «Ein del av noko større» fortel eigentleg det meste i seg sjølv, men gjev oss samstundes ei forståing for at vi berre er ein brikke i den store samanhengen. Vi er alle avhengige av kvarandre, og saman skal vi utvikle denne klubben vidare. Vi har som mål å dra i same retning, og ber alle ta kontakt med oss i Hafstadparken viss det skulle vere noko som er usikkert, sa Storevik og viste til at slagordet vil pryde mykje av klubbens materiale i tida som kjem.
– «Ein del av noko større» skal i framtida prege Førde il Fotball, sa Storevik under møtet.
Tekst og foto: Stig Roger Eide