Er du klar til å støtte våre seniorlag?

Publisert 16.09.2023 av Geir Vindheim

Del via

Denne helga har alle våre fire seniorlag heimekampar, og alle håpar å få god støtte frå publikum. Først ut er A-lag herre når dei lørdag møter topplaget Eidsvoll Turn til kamp på Førde Stadion lørdag kl 1300. Eidsvoll Turn er favoritter, men her har Folland sine menn planer om å revansjere tapet i vårsesongen. SUPER…

Foto:

Denne helga har alle våre fire seniorlag heimekampar, og alle håpar å få god støtte frå publikum.

Først ut er A-lag herre når dei lørdag møter topplaget Eidsvoll Turn til kamp på Førde Stadion lørdag kl 1300. Eidsvoll Turn er favoritter, men her har Folland sine menn planer om å revansjere tapet i vårsesongen.

SUPER SØNDAG I HAFSTADPARKEN

Søndag er det berre å komme i Hafstadparken. Her blir ikkje mindre enn tre kampar.

Kretsligaen Førde 2 – Årdal kl 1400

Førde 2 imponerte stort i førre serierunde med å slå Eid på heimebane. Denne gang er det serieleiar Årdal som kjem til parken. Førde sine nest beste har vist at dei kan slå kven som helst. Førde 2 har i mange kamper slitt med å skore, men no ser det ut som Sander Kapstad har funne skoringsformen. Med fire mål på dei tre siste kampane håpa vi at han fortsette mot Årdal.

3 Divisjon Damer Førde – Lyngbø kl 1630

Damene har allereie vist at dei tar nivået i felles serie med Hordaland. Det skiller kun tre poeng mellom 1 og 6 plass i serien, så blir det tett. Klare Vilde Wie og damene å følge opp 3-2 sigeren mot Loddefjord førre helg? Wie opna sin skoringskonto med to mål førre helg, og er klar for nye mål. 🙂 Damene håpar at mange vil ta turen for å støtte laget mot tre nye poeng.

5 Divisjon Førde 3 – Florø 2 kl 1900

Søndagens siste kamp er lokalderby i 5 divisjon mellom Førde 3 og Florø 2. Førde 3 har levert solide prestasjoner i årets sesong sjølv om det har vore stor rotasjon på laget grunna mykje skader. Det har vært mange unge som har fått prøve seg, og viser at det er mange talent i klubben. Ingen vil vel tape mot Florø ? Dei er også naboer på tabellen , så her blir det garantert ein spennande kamp.

KOM OG HEIE FRAM VÅRE LAG – HEIA FØRDE

Relatert