Vegard Savland

Vegard Savland er tilbake

 
 
 
 
Fjorårets toppscorar for Førde, Vegard Savland, er tilbake i full trening. – Det er utruleg godt å vere i gang igjen, seier spissen.
Dei siste åra har Vegard Savland vore ein notorisk målscorar, om det så har vore for Tambarskjelvar, Tertnes, Stryn, Florø eller Førde. I år står han så langt utan seriemål mål etter at han vart skadd tidleg i årets første seriekamp mot Brumunddal. Sidan då har det vore alternativ trening for Førde-spissen.
 
I trening
Men denne veka har Savland vore med på dei vanlege treningsøktene igjen, og meldt seg speleklar til oppgjeret mot Florø måndag 16. mai.
– 16. mai-kampane mot Florø er sjølvsagt det store. Sjølv om eg hadde 1 ½-sesong for Florø i 2018 og 2019, så er det alltid ekstra kjekt å slå Florø. Eg har jo vore med på fleire slike 16.mai-kampar tidlegare. Faktisk scora eg Førde sitt mål då vi spelte 1-1 i 2014, smiler Savland etter treninga torsdag kveld.
 
Mykje folk
Torsdag er det berre fire dagar igjen til lokaloppgjeret, og Savland håpar sjølvsagt at han skal kunne vere aktuell for spel.
– Det kan hende det blir litt i tidlegaste laget for meg, men vi får sjå. Det har iallfall gått veldig bra etter treningane denne veka, smiler den kjappe midtspissen og håpar lokaloppgjeret nok ein gong skal fylle tribunene.
– Ikkje noko er så kjekt som når Førde og Florø møtest. Eg hugsar “Stimen” frå perioden min i Florø, og veit dei kan skape god stemning. Og det samme gjeld for “Førdianarane”. Så eg trur kampen på måndag skal bli ei flott oppleving uansett. Vi er iallfall veldig klare for ein ny duell mot Florø, seier Savland.
 
Sist
Førde og Florø har ikkje møtt kvarandre i serien sidan 2016, og 16. mai-kampen det året vart spelt føre 2503 tilskodarar i Hafstadparken. Då vann Florø 0-4 etter scoringar av brørne Erlend og Runar Hove, medan Endre Kupen scora to mål på kunstgraset i Hafstadparken.
– Og det verste var at Florø vann heile 7-0 på heimebane på hausten det året. Det stortapet gløymer eg aldri, seier Savland om sesongen Førde rykka ned ein divisjon, medan Florø på side tok steget opp i OBOS-ligaen.
– På måndag er det heilt ope, og slike lokaloppgjer lever gjerne sitt eige liv. Eg ser verkeleg fram til kampen, seier Savland.
 
Tekst og foto: Stig Roger Eide