NY KVARTFINALE PÅ DESSE!
Sist veke slo dei Aalesund i NM-cupen. I helga slo dei også osloklubben Bækkelaget, og er dermed klare for ny kvartfinale i Adidas Cup. Førde sitt G16-lag ser aldri ut til å stoppe. Midt i førebuingane sine til kvartfinalekamp mot Brann i Bergen, reiste dei sundag til Årdal for å møte Bækkelaget. Og i kjent…
Sist veke slo dei Aalesund i NM-cupen. I helga slo dei også osloklubben Bækkelaget, og er dermed klare for ny kvartfinale i Adidas Cup.
Førde sitt G16-lag ser aldri ut til å stoppe. Midt i førebuingane sine til kvartfinalekamp mot Brann i Bergen, reiste dei sundag til Årdal for å møte Bækkelaget. Og i kjent stil trygga dei inn nok ein siger, og nærmar seg ei ny historisk finalehelg i Adidas Cup. No står berre Rælingen eller Søgne i vegen for ei slik oppleving.
Vikar-trenarar
-Ja, desse gutane sluttar aldri å overraske meg. Dei har ein heilt unik vinnarkultur, og tek kommandoen i dei fleste kampar. Slik også mot Bækkelaget. Sjølv om vi mangla tre av dei spelarane som har vore sentrale tidlegare, så vart det nok eit cupavansement, seier Ole Bjørn Otternes. Saman med Kay Lorgen vikarierte han som trenar for oppgjeret i Øvre Årdal medan lagets hovudtrenar Bjørn Totland var oppteken med 4.divisjonskamp i Førde.
-Kay og eg har vore rundt dette laget i mange år no, og det gjorde tydelegvis ikkje så mykje at vi hadde hovudansvaret denne gongen. Av og til verkar det som om desse gutane nærast køyrer på autopilot, smiler Otternes etter 3-1-sigeren på kunstgrasbana i Øvre Årdal.
Ros til IL Jotun
-Det var eit fantastisk arrangement, og IL Jotun la verkeleg alt til rette for at vi skulle kunne gjennomføre ein god kamp på nøytral bane. Så sjølv om vi mangla spelarar som Teodor Aamot (klar for FK Haugesund), Vegard Lorgen (skade) og Miguel Garfors (skuletur), så hadde vi stålkontroll mot Bækkelaget, seier Otternes og viser til at osloklubben var i kvartfinalen i årets Norway Cup med dette laget.
-Likevel tok vi raskt styringa i denne kampen. Sander Lekva scora på tidleg straffespark. Sjølv om Bækkelaget utlikna, så kvitterte Vegard Fløholm rett etterpå. Så når Noah Otternes aukar til 3-1, kunne laget ha stålkontroll gjennom heile 2. omgang. Og alle dei 17 spelarane vi hadde i troppen fekk spele minst 20 minuttar, fortel trenaren etter bataljen i Øvre Årdal.
Brann er neste
-No er vi klare for ein ny kvartfinale, og då møter vi anten Søgne eller Rælingen i den kvartfinalen. Den kampen skal bli spelt 10. september, så vi må nok vente til slutten av september før vi skal spele den kampen. Så vi kan no konsentrere oss om kvartfinalen i NM-cupen i Bergen akkurat sundag 10. september. Då er det Brann som er motstandar i NM-cupen for G16. Og eg håpar mange sunnfjordingar stiller opp på Varden Amfi denne sundagen klokka 15.00. Vi treng all mogleg støtte då, seier Otternes etter nok ein siger for dette sigersvande mannskapet til Førde il Fotball.
NB: Dette laget har allereie vunne Adidas Cup to gonger på rad, og har 2.plass frå Norway Cup i fjor i beltet sitt. Dessutan var dei i semifinalen i årets Norway Cup. Kan det bli nye merittar i 2023-sesongen?
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat