Florø førde fotball

– Vi har berre oss sjølve å skulde på

 
 

Medan det var ekstatiske scener på Florø-spelarane etter kampen, rusla Førde tafatte og slukøyra inn i garderoben. -Ja, dette var ikkje akkurat det vi hadde håpa på, seier Terje Rognsø.

Førde tapte lokaloppgjeret mot Florø med 2-0, og få på tribunen kunne påstå at det var ufortent at heimelaget tok alle tre poenga. Florø fekk ei tidleg (og noko heldig) leiing, og etter det styrte dei kampen inn i sitt spor.

-Ja, vi har snakka heile veka om at vi skal gå ut på bana og ikkje vere redde for å ta kommendoen. I staden gjer vi akkurat det motsette, seier Rognsø sjølvransakande etter tapet i sin heimby.

 

Viktig siger

-Ja, vi ser at fotball er følelsar, og at ein siger mot Førde er viktig. Og Florø brukte sjølvsagt alle dei triksa som dommaren tillater, seier Førde-trenaren og siktar til at dei siste 45 minutta stort sett bestod av Florø-spelarar som låg nede med krampe og spelarar som hala ut tida. Effektiv spelegtid var det lite av.

-Men så lenge dommaren aksepterer det, så må vi lære. Så sjølv om vi leverte ein betre 2. omgang, så var det nesten umogleg å få noko rytme på spelet. Så dette har vi verkeleg grunn til å vere skuffa over, seier Rognsø og høyrer at i nabogarderoben så rungar «Florø by, stolt og kry» lenge, lenge etter kampslutt.

 

Ferskvare

-Det var tydeleg at for Florø så var dette viktig, både med tanke på lokaloppgjeret og tabellsituasjonen. No er dei oppe i ryggen på oss, og kan puste litt ut. Medan vi verkeleg må gå i oss sjølve. Dette er ikkje noko å vere stolte av. Men heldigvis er fotball ferskvare, og eit tap er fort gløymt. Ikkje minst fordi det om tre dagar er ny kamp, seier Rognsø og viser til at leiaren i divisjonen over, Hødd, allereie 19. mai entrar Førde stadion til 2. runde i NM-cupen.

-No må vi bruke kvelden i dag og 17. mai på å riste dette av oss. Så må tankane vere retta mot Hødd-kampen. Då må vi vise oss frå eit heilt anna side, avsluttar Rognsø og ser at feststemninga er i ferd med å ta seg opp blant flesteparten av dei 1700 på tribunene.

-For Florø var dette heilt ideellt på bursdagen til byen, og fin oppstart til 17. mai. Inne i vår garderoben er det ikkje akkurat den stemninga, seier Rognsø tappert.

 

Florø førde fotbakk

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide