-I ÅR BLIR VI LANGT FLEIRE

Publisert 13.07.2023 av Stig Roger Eide

Del via

I fjor var det omtrent 300 førdianarar på Norway Cup. -I år blir vi rundt 450. Dette blir ei knallveke for alle laga våre, seier Geir Vindheim. Førde er som venta den største klubben frå Sogn og Fjordane under årets Norway Cup. Totalt stiller klubben med 11 lag i verdas største fotballturnering, og har med…

Foto:

I fjor var det omtrent 300 førdianarar på Norway Cup. -I år blir vi rundt 450. Dette blir ei knallveke for alle laga våre, seier Geir Vindheim.

Førde er som venta den største klubben frå Sogn og Fjordane under årets Norway Cup. Totalt stiller klubben med 11 lag i verdas største fotballturnering, og har med omtrent 180 spelarar.

-Vi har to lag meir enn i fjor. Men med større tropper på kvart lag, så blir vi totalt fleire spelarar i år. Vi reknar faktisk med at omtrent 450 førdianarar vil prege årets Norway Cup. Mot om lag 300 i fjor, fortel breiddesjefen i klubben, Geir Vindheim.

Fullt hotell

I 2022 var det første året vi samla alle våre lag på same hotel under Norway Cup. Mange tenker cup med overnatting på skule for spelarane, og var kanskje litt spente på korleis opplegget med hotell vart.

-Her fekk vi positive tilbakemeldingar, og har i år lagt beslag på så godt som alle romma på hotellet EXPO Fornebu. Dette er med å bygge samhald i klubben. Vi har booka totalt 230 rom, og alle er smekk fulle. Dessutan er det mange som overnattar på andre hotell, eller privat. Uansett så kjem Førde til å sette sitt preg på Oslo i perioden 29. juli til 5. august, seier Vindheim.

Turneringa i Oslo har deltakarar frå totalt 30 nasjonar, og det stiller om lag 2000 lag i turneringa. Og som venta er klubbar rundt hovudstaden dominerande i storleik. Klubben Lørenskog er den største med totalt 80 lag.

Støtte frå Sparebankstiftinga

Frå Sogn og Fjordane dominerer Førde med sine 11 lag, men det er i tillegg heile 17 klubbar frå fjordafylket som stiller i årets turnering.

-Dette kjem til å bli ei fantastisk flott veke, seier Geir Vindheim og viser til at dei 200 000 kronene klubben fekk av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i fjor haust, er med å bidrar til at kostnadane per spelar blir lågare.

Troppen

Dette er oversikta over Førde-laga som skal delta i årets Norway Cup:

J14: 1 lag, 19 spelarar

J15: 1 lag

J17: 1 lag, J15 og J17 har til saman 33 spelarar

G13: 3 lag, 33 spelarar

G14: 2 lag, 32 spelarar

G15: 1 lag, 22 spelarar

G16: 1 lag, 21 spelarar

G19: 1 lag, 18 spelarar

-Dessutan har Førde il Fotball med to dommarar til årets turnering. Det er Jonas Sande Mossestad og Astrid Kiil. Så dette blir ei fantastisk veke for Førde-fotballen, seier Geir Vindheim.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Privat

Relatert