Førde 2 kom til kort mot Årdal

Publisert 22.06.2023 av Geir Vindheim

Del via

Det vart som forventa ein tøff kamp mot Årdal i Kretsligaen for Førde 2. Årdal fekk ei tidleg leiing med stortalentet Julian Lægreid, og hadde mykje av spelet i starten av kampen. Førde 2 kom gradvis meir med, men i staden for utlikning kom 2-0 før pause til Årdal. -Avslutta vårsesongen til Godkjent + Førde…

Foto:

Det vart som forventa ein tøff kamp mot Årdal i Kretsligaen for Førde 2. Årdal fekk ei tidleg leiing med stortalentet Julian Lægreid, og hadde mykje av spelet i starten av kampen. Førde 2 kom gradvis meir med, men i staden for utlikning kom 2-0 før pause til Årdal.

-Avslutta vårsesongen til Godkjent +

Førde 2 var fullt på høgde med Årdal, og hadde ikkje mindre enn tre mål som vart annulert for offside. Her var altså ikkje marginane på Førde si side, og kanskje vart dei snytt for eit mål eller to. Bjørn Totland var strålande nøgd med innsatsen og gjennomføringa av kampen. Det kanskje rart å seie det når ein taper 2-0, men no ser vi endeleg igjen det vi trenar på i kamp. Fortsetter vi slik vil mål og resultat komme. Det er god spelarutvikling å spele denne typer kampar, og i dag får heile laget godkjent. 🙂

-Litt ferie og Norway Cup

No blir det eit par veker til med trening, litt ferie, og for mange av spelarane deltakelse med G19 på Norway Cup. Haustsesongen for Førde 2 startar 12 august borte mot Sandane.

Relatert