Nettmaskene betyr alt for meg

Publisert 07.04.2022 av Emil Rasmussen

Del via

Han har scora 28 mål på dei siste 14 kampane. På laurdag er han i gang igjen. – Det einaste som betyr noko for meg er å finne vegen til nettmaskene, smiler Vegard Savland lurt. Gløym Erling Braut Haaland og hans scoringsrekordar ei stund. For Vegard Savland på Førde har eit gjennomsnitt av scoringar som…

Han har scora 28 mål på dei siste 14 kampane. På laurdag er han i gang igjen. – Det einaste som betyr noko for meg er å finne vegen til nettmaskene, smiler Vegard Savland lurt.

Gløym Erling Braut Haaland og hans scoringsrekordar ei stund. For Vegard Savland på Førde har eit gjennomsnitt av scoringar som går langt utanpå det norske spiss-ikonet. I år etter år har Savland scora mål for forskjellige klubbar i området, og han går nesten aldri av bana utan at det har blitt nettkjenning.

Bøttevis med mål
-Ja, det har vel blitt nokre mål gjennom åra. Viss eg ikkje tek heilt feil, så er det minst 138 mål, gliser Savland som er ein av trenar Terje Rognsø sine viktigaste spelarar når Norsk Tipping-ligaen startar opp på laurdag.
Klokka 14.00 startar oppgjeret mot Brumunddal i Hafstadparken i Førde, og som midtspiss vil Førde-trenar Terje Rognsø garantert stille med Vegard Savland. 28-åringen er ein notorisk målscorar, og har hatt suksess i dei klubbane han har spelt.
-Sidan eg starta for Tambarskjelvar som 16-åring har det blitt nokre klubbar, ja. Og ikkje minst mål, smiler Savland under ei av dei siste treningane føre seriestart.

To i snitt
-Etter Tambarskjelvar-debuten har eg fortløpande spelt for klubbane Førde, Saga, Tertnes, Tambarskjelvar, Stryn, Førde, Florø og så Førde igjen. Det flotte er at eg har fått spele på forskjellige nivå. No ser eg verkeleg fram til å spele for Førde i 3. divisjon igjen, smiler Savland som i fjor også vart lagets toppscorar med 25 mål på 12 kampar i Kretsligaen.
-Du veit, eg elskar å spele fotball, og eg er framleis svolten på å utvikle meg. Det å score mål triggar meg framleis mykje. Desse nettmaskene er alt eg er oppteken av. Så når kampen startar på laurdag, så er det ein ting som betyr noko for meg. Det kan du vere trygg på, understrekar Savland føre møtet med ein av seriefavorittane i årets Norsk Tipping-liga, Brumunddal.
Så kom deg på kamp og opplev Vegard Savland, du også!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert