INGEN OVER, INGEN VED SIDAN AV

Dette er statistikken over alle spelarane som har spelt for Førde sitt A-lag herrar dei siste 20 åra. Og på toppen tronar sjølvsagt Eirik Flatjord med imponerande 361 obligatoriske kampar. Det er her snakk om 2., 3. og 4. divisjon.

Heilt sidan Eirik Flatjord fekk sin debut på Førde sitt A-lag i 2006, har forsvarsspelaren spelt så godt som alle kampar gjennom sesongane. Sjå berre på denne rekka av kampar som den fotrappe og gjennomtrente Eirik Flatjord har spelt: 15-21-25-24-26-18-26-26-16-24-25-24-23-21-10-20-17. Til saman 17 sesongar så langt, og mest sannsynleg går han på ein ny sesong med moderklubben.

PS: Det er verdt å merke seg at den sesongen med ti kampar (2021), så skuldast det at A-laget til Førde berre spelte ti kampar grunna korona-pandemien.

Mange på lista

Bak Eirik Flatjord er det eit sprang tilbake til Kai Kilnes som stoppa opp på 290 kampar, medan veterantrioen Gisle Isene, Thor Jørgen Spurkeland og Pål Arve Myklebust stoppa opp på høvesvis 206, 203 og 200 kampar.

Det er Marius Storevik, den yngste sonen til dagleg leiar Per Øyvind Storevik, som har ført statistikken fram til dags dato. Det heile starta med at han hadde utplassering i Førde il Fotball på ungdomsskulen, og seinare har han møysommeleg ført inn alle kamptroppene til Førde. På same viset har han henta fram tal frå både Firda sine kampstatistikkar og Norges Fotballforbund sine oversikter.

Sjekk desse

Dette er spelarane som har meir enn 90 kampar for Førde i denne perioden:

Terje Sørbø                       192 kampar

Kai Vidar Nygård              177     «

Bernt Norevik                   169      «

Øystein Vetti                     154      «

Benny Rivedal                  154      «

Ruben Holsæter               145      «

Ole Henrik Gulliksen       144      «

Vegard Savland                142     «

Alexander Ødegaard       132      «

Tore Evensen                   131     «

Vegar Gjermundstad       126      «

Kim Tangedal                    123     «

Sander Solvik                    120      «

Henrik Hagen                    114      «

Erlend Moen Taule          114      «

Kristoffer H. Iversen        112      «

Fredrik Hanssen               111      «

Vegard Skjeldestad          106      «

Daniel Kvalvågnes           102     «

Steinar Tenden                 99        «

Stein Erik Solheim           96       «

Eirik Fraas                        95      «

Mathias Sagevik              92        «

Thor Erik Nygård             90        «

Skulle det vere ønske om komplett liste, så får vi komme tilbake til den.

Det er totalt 183 spelarar som har spelt for Førde i alle desse åra.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

ELIAS ER KLAR FOR ELITERUNDEN I EM

Førde kan få ein spelar med i sluttspelet i EM til sommaren. Elias Grimeland spelte to av kampane då det norske G16-landslaget denne veka kvalifiserte seg til eliterunden til EM etter ei turnering i Romania.

Elias Grimeland kom rett heim frå turneringa i Bucuresti i Romania seint onsdag kveld, og reiste rett til naturfagprøve på Førde vidaregåande skule torsdag morgon.

-No skal det bli godt å ta litt pause frå fotballen ei stund. Det einaste eg veit no er at eg skal spele KM-innandørs i Førdehuset om vel ei veke, smiler 16-åringen då han møter Førdepatrioten sin utsende heime.

Til EM

For faktum er at Elias Grimeland i løpet av den siste veka har fått bokført to nye landskampar på sin CV. Mot Romania spelte han det siste kvarteret i 0-0-kampen, medan han spelte heile oppgjeret mot Estland då laga spelte 2-2 på det rumenske nasjonalanlegget i Bucuresti.

-I den siste og avgjerande kampen mot Frankrike vart eg sittande på benken i heile oppgjeret. Då la vi for første gang om til fem mann i forsvaret, og gjennomførte ein prikkfri forsvarskamp mot dei franske favorittane. Med uavgjort der, er vi klare for eliterunden til neste år, seier venstrefotaren og er svært glad for den positive utviklinga han har hatt i det siste.

Tillit

-Det starta med at eg fekk mykje tillit på Førde sitt A-lag under trenar Knut Erik Folland. Så kom landslagsuttaket etter det, og eg føler at landslagstrenar Bjørn «Bommen» Johansen også har gjeve meg mykje tillit, seier venstrebacken og håpar sjølvsagt at han er med i framtidige landslagstropper for Norge.

-Eg trur det skal vere ei turnering i vinter, før vi skal ut i eliterunden til EM. No er det visstnok 32 nasjonar som er klare, og dette talet skal ned til 16, trur eg. Men korleis dette skjer, og kor kampane skal bli spelte veit vi ikkje noko om enda, seier 16-åringen og vedgår at han no i tida som kjem vil ha fokus på skulegang.

Fokus på skule

-I følgje dei andre elevane i klassen, så har eg visstnok ikkje gått glipp av så mykje den siste veka. Men eg trur eg må vise litt meir interesse for skulen no når fotballsesongen er over. Og eg kjenner at det også skal gjere godt for kroppen, seier Elias som er ein av spelarane i Førde som har spelt flest kampar i år.

-Ja, det har blitt mange, men eg har ikkje talet. Men det er sikkert nok. Så no er det viktig å restituere seg, og i tida framover er det planlagt berre to treningsøkter i veka med A-laget til Førde. Eg trur det er nok, ja, smiler Elias Grimeland.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

DETTE ER DEN NYE TRENAREN

Førde il Fotball har signert ny herretrenar. – Dette er ein trenar vi har svært god tru på, seier sportsleg leiar Lars Solnørdal då signaturen kom på plass torsdag.

Etter at trioen Knut Erik Folland, Gisle Isene og Øystein Vetti overtok trenarjobben i Førde etter at Terje Rognsø slutta i sommar, så er det nok mange som hadde rekna med at ein av desse ville ta over permanent frå 2024-sesongen. Men i staden valde styret å tilsetje Alexander Lekva.

-Dette er ein trenar vi kjenner godt, og som har fått gode erfaringar frå sine jobbar med både Jølster og Florø. Hanhar dessutan vore trenar for aldersbestemt fotball i klubben, og har også vore trenar for krets- og sonelag. Og det trass sin unge alder, seier Lars Solnørdal om 34-åringen Alexander Lekva.

Ambisiøs

Solnørdal trur nyetrenaren vil setje sitt preg på klubben, og at han skal vere den som skal løfte Førde til å vere med i det øvre sjikt i 3. divisjon.

-Dette står sjølvsagt ikkje berre på trenaren. Fleire treningar, betre fasilitetar og tilgang på spelarar er faktorar som påverkar dette. Men klubben har målsetting for 2024 at vi skal vere på den øvre halvdelen. Dette er noko som også har komme fram gjennom forhandlingane. I Alexander Lekva får vi ein ung og ambisiøs trenar, seier Solnørdal.

Utdanning

For dei som ikkje kjennar Alexander Lekva, så fortel han dette om seg sjølv:

-Eg er 34 år, og har to barn på 10 og 12 år. Eg er dessutan bror til Mathias Sagevik på A-laget, og er onkel til Sander og Elias Lekva, som har spelt på Førde 2 denne sesongen. Sist sesong har eg vore assistenttrenar for Florø i 3. divisjon, og har elles trent kretslaget i Sogn og Fjordane for 13-åringar. Eg har elles UEFA-B utdanning, og fullførte faktisk sist helg spelarutviklings-delen på dette nivået, smiler nyetrenaren som elles i det sivile har eit aksjeselskap som heiter «Vestland Marine Service».

-Men for å vere ærleg så har det gått veldig mykje tid på fotball. Eg har ambisjonar som trenar, og brenn for fotballen. Dette er sikkert noko som mange rundt meg opplever, smiler Alexander Lekva og festar signaturen til kontrakten med Førde il Fotball.

-No ser eg berre fram til å ta fatt på denne oppgåva når den nye sesongen startar, seier Alexander Lekva.

Førde il Fotball gratulerer Alexander Lekva med den nye jobben som hovudtrenar for Førde sitt A-lag herrar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Velkommen til Førdecup 2023!

– Vi er klare for eit av dei største kulturarrangementa i Førde gjennom året, fortel ein engasjert leiar for Førde IL, Per Øivind Storevik. Det er 26. året ein ivrig dugnadsgjeng og dyktige Førdefolk husar fotballspelarar, støtteapparat og foreldre på Førdecup. Arrangørane fortel at i år er det rekordmange påmeldte. Dei kunne ikkje hatt fleire lag sjølv om dei ville. Det blir over 2 000 menneske tilknytt cupen denne helga med 138 påmeldte lag. – Det er stor happening for alle som er med! Lag frå Ålesund til Bergen er representert, og det blir fult køyr heile helga, fortel Per Øyvind.

Meir enn å sparke ball
– Klart det er viktig med dei minuttane ein har på bana. Laga bruker gjerne cupen som ein god avslutning på sesongen. Men samtidig er det sosiale kanskje det viktigaste. No samlast fotballglade ungdommar og får nye vener, og det er kjekt å legge til rette for dette, fortsett han.

Foto: Collage frå tidlegare år med Førde Cup.

Navet i Førdecupen
Det er ikkje få personar som er med å gjere cupen det den er. Mange foreldre og dugnadssjeler er i sving denne helga. Alle har kvar sine ansvarsområde, og skal vi tru Per Øivind er det litt av ein logistikk som skal sitte. Alt frå sekretariat, dommarar, kampoppsett, mat, rydding, rigging og overnatting må vere på plass. Heldigvis har dei gjort det før, og med ein dyktig dugnadsgjeng som ikkje er redd for å ta ansvar går det saumlaust. – Denne helga er det «døgnet-rundt» dugnad, og eg er glad for at mange stillar opp. Dei gjer ein kjempejobb, skryt leiaren.

Heile Førde i sving
Dei Vidaregåande skulane i området tas i bruk, og husar kring 700 personar. Resten overnattar på hotella eller andre stader. I tillegg er godt samarbeid med Sunnfjord Kommune og Førdehuset avgjerande. Heile Førde er med andre ord i sving når så mange tilreisande kjem på besøk. 

Den nye leiaren for cupen har kontroll
I år tok Tone Lin Støfring Skovro over stafettpinnen frå Odd Hagen. No leiar ho det overordna, og skal sørge for at den står til alle sine forventningar. Ho trekk fram den dugnadsånda som finns hos både lag og føresette er heilt enorm. Saman ser det ut som det blir nok eit strålande arrangement i Førdehuset. No ønsker ho alle hjarteleg velkommen til underhaldande fotball både fredag, laurdag og søndag!

Her kan du finne oversikt over lag og kva bane og tid dei spelar på:
https://www.profixio.com/app/forde-cup-innandors-2023

VASKAR NED HEILE SKULEN PÅ DUGNAD

Sjekk desse 11 frivillige. Onsdag ettermiddag og kveld vaska dei ned minst 5000 kvadratmeter på Hafstad vidaregåande skule, slik at 550 fotballspelarar i Førde Cup skal komme til reine rom.

-Det er litt av ein jobb som ventar oss. Vi skal vaske ned 26 toalett, 22 klasserom, fire store fellesrom og ikkje minst mykje fellesareal. Men det skal vi klare i løpet av kvelden, fastslo overnattingssjefen i årets Førde Cup, Øystein Fosstvedt.

Rekord i overnatting

Faktum er nemleg at Hafstad vidaregåande skule har stått tom sidan nyeskulen på Øyrane vart teke i bruk i august, og det er dermed trong for å vaske med tanke på innrykket som kjem fredag ettermiddag.

-Det er midt i blinken og heilt fantastisk at vi kan få plass til heile 550 personar her på Hafstad vgs. Når vi dessutan skal ha folk på overnatting på Førde ungdomsskule, så vil vi i år sette rekord med over 800 personar til overnatting på to skular. Og alle har gangavstand til Førdehuset, seier Fosstvedt og deler ut vaskeutstyr som moppar, kluter, toalettpapir, vaskemiddel, bøtter og anna til dugnadsgjengen. Dessutan skal vindauga i fleire av romma tildekkast med papir for å hindre innsyn.

Dugnadsløft

-Her på Hafstad vgs skal vi sjølvsagt ha minst to vakter døgnet rundt. Og etter at turneringa er ferdig utover sundagen, så startar nedvaskinga. Den er sjølvsagt også på dugnad. Men då er det ikkje denne gjengen som skal i elden. For i samband med årets Førde cup er det totalt eit par hundre foreldre og andre i Førde-samfunnet som stiller opp på dugnad under Førde cup, fortel Fosstvedt og legg til:

-No håpar vi berre at Førde-folk tek turen i Førdehuset og ser mylderet av glade ungdommar, seier han.

På bildet ser vi foreldregruppa frå G13 og G14-laga som har ansvaret for nedvaskinga på Hafstad vidaregåande skule. Frå venstre Øystein Fosstvedt, Bente Herland Aase, Kjersti Lundekvam Hoff, Liv Reidun Bergseth, Geir Angedal, Jannicke Hoff Strand, Paul Christian Sandal, Roger Strand, Runar Torsheim, Anne Grethe Kleiva og Thomas Tordal.

Dette er kort og godt fantastisk!!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide