FRÅ 3. DIVISJON TIL EM-KVALIK

Elias Grimeland fekk måndag ettermiddag gladmeldinga han hadde drøymt om. No ventar EM-kvalifisering for G16-landslaget for venstrebacken på 3. divisjonslaget til Førde.

Jubelropa frå den avgjerande 3. divisjonskampen til Førde hadde knapt nok stilna av i øyra til Elias Grimeland, før det kom gladmelding frå Norges Fotballforbund: Han er nemleg med i troppen til landslagstrenar Bjørn Johansen som skal møte Romania, Estland og Frankrike i Romania om kort tid. I perioden 11. til 22.november skal nemleg det norske G16-landslaget vere i Romania for å spele tre viktige kvalifiseringskampar for å bli klare til G17-EM. Denne meisterskapen vert spelt på Kypros i perioden 20. mai til 5. juni neste år.

Dette er spelarane som Norges Fotballforbund har registrert til EM-kvaliken (NB: Legg merke til klubbane som desse spelarane representerer):

Mathias Engevik Klausen – Brann
Isak Jønvik Holmen – Rosenborg 
Teo Emanuel Hindenes Ingilæ – Bodø/Glimt 
Filip Jensen Riise – Stabæk
Jesper Nerhus Eikrem – Brann 
Jonathan Vonheim Norbye – RB Leipzig
Sebastian Olderheim – Stabæk 
Joachim Prent Eckbo – KFUM
Markus Lennart Seim-Monsen – Nordsjælland
Isak Sjong – Bodø/Glimt
Daniel Skaarud – Lillestrøm 
Håkon Singsdal Volden – Rosenborg
Oskar Spiten Nysæter – Stabæk
Even Caspersen Knudsen – Lillestrøm 
Elias Grimeland – Førde 
David Steinegger – Brann 
Mikkel W.Linnbæck – Skeid
Lucas Svenningsen – Ull/Kisa
Sean Lucian Nilsen-Modebe – Ull/Kisa 
Felix Taraldset – Viking

Bilde: Elias Grimeland går frå spel for Førde i 3. divisjon til spel for det norske G16-landslaget. Bildet er frå oppgjeret mot Elverum sundag ettermiddag.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

ALLE VILLE HA EIN BIT AV HELTANE

Førde klarte oppgåva i siste kamp. Elverum vart regelrett kjempa i senk, og Jacob Bergset si scoring i det 4. minutt vart ståande som avgjerande. Ikkje rart at tilskodarane storma bana etterpå. Førde spelar i 3. divisjon også neste år!

Dert var ekstatiske scener i sluttminutta i årets siste seriekamp i Norsk Tipping-ligaen. Førde-spelarane kjempa som løver og brukte alle metodar for å halde Elverum på avstand. Så når dommar Yngve Håkonssen endeleg blåste av kampen, storma tilskodarane bana og omfamna Førde-spelarane.

Ellevilt

-Dette er så fantastisk. Og så fortent. Det denne gjengen her har gjort det siste halve året fortener absolutt fornya tillit i 3. divisjon. Tenke seg til at vi avgjer dette sjølv, og ikkje treng hjelp av nokon andre, strålar trenar Knut Erik Foland og går smilande rundt og tek alle i handa.

-No er det fritt fram for ein fest gutar. Reknar med at arbeidsgjevarane har forståing for det etter ei slik bragd, smiler Folland då han gratulerer spelarane i garderoben etter 1-0-kampen.

Straffe!

For det vart med Jacob Bergset si straffescoring i det 4. minutt. Høyanger-guten vart sjølv sparka ned innanfor 16-meteren, og assistentdommar Petja Cink gav melding til hovuddommar Yngve Håkonssen om at det var straffe. Noko som var udiskutabelt for alle som stod i nærleiken av tacklinga. Jacob Bergset var sikker frå 11-meteren, og gav dermed heimelaget eit viktig psykologisk overtak frå starten av.

Riktignok styrte Elverum banespelet dei første 45 minutta, men i 2. omgang var det faktisk Førde som skapte dei fleste målsjansane. Det var tydeleg at denne leiinga ville ikkje Førde-spelarane gje frå seg, og det vart kjempa som løver i alle duellar. Og då resultata frå dei andre kampane tikka inn, og gjekk i Førde sin favør, så hadde heimelaget eigentleg ikkje trong for dagens trepoengar.

Glad Folland

-Men vi avgjorde det sjølv. Det er det viktigaste. Spelarane viser moral som er heilt fantastisk. Ikkje rart at tilskodarane stormar bana for å takke spelarane for innsatsen. Så sjølv om det var kaldt i Hafstadparken i dag, så varma verkeleg spelarane alle hjarte, smiler Folland og vert takka for kampen av Elverum-leiinga.

-Det var fortent at Førde overlever i divisjonen. Dette er ein flott klubb, og vi kjem gjerne igjen hit neste år, sa hovudtrenar Stian Aasen på veg ut i spelarbussen.

Førde il Fotball kjem med masse meir stoff utover denne festdagen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampprogram Førde – Elverum

Førde – Elverum

-NO KJEM JENTENE FOR FULLT

-Det er fantastisk flott at vi har eiga jentegruppe på Akademiet vårt, seier Bjørn Totland under treningar med dei mest aktive i Førde il Fotball.

Gjennom veka er godt 100 utøvarar i alderen ni til 12 år deltakarar på Førde-akademiet. Gutegruppene er inndelt i årskull, men for jentene er det samla spelarar i heile aldersspennet.

Tøffe jenter

-Det betyr sjølv at vi har nokre tøffe jenter i niårsalderen som er saman med 12-åringane. Men det er noko dei vekse på, og som vi tek omstyn til, seier Totkland og ser at for første gang i hans tid i Førde-fotballen, så er det ei rein jentegruppe. Og som dessutan har eigne kvinnelege trenarar.

-Totalt har vi innpå 35 deltakarar, men i dag er vi 24 spelarar. Det skuldast at nokre kan vere sjuke, og nokre driv med alternative treningar akkurat i dag, seier Totland og ser dei tre damespelarane Viktoria Zablotna, Frida Skilbrei og Marit Hjelmeland Berqvam startar oppvarminga med akademi-jentene.

A-laget kjem også

-Dette er framtida til Førde il Fotball, og det er viktig at vi gjev dei så gode økter som mogleg. Noko vi legg stor vekt gjennom skulering av trenarkorpset vårt. Og om ei god veke har vi utfordra A-laget til herrane om å ta akademi-treningane laurdag 4. november. Noko eg er sikker på vil vere populært, seier Totland medan dei 24 jentene på bildet er i full aktivitet på bane 2 i Hafstadparken.

-Til og med veke 49 skal vi ha treningane i Hafstadparken. Dessutan har vi fått tildelt to treningstimar inne i Førdehuset som vi vil rullere mellom gruppene, seier Bjørn Totland til Førdepatrioten sin utsende tysdag ettermiddag.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

FØRDE CUP BLIR BERRE STØRRE OG STØRRE

Innandørscupen i Førdehuset 10. til 12. november når nye høgder. -Vi kunne hatt 160 lag på plass, men har sett stopp då vi ikkje har plass til meir enn 138, seier Geir Vindheim som er ansvarleg for kampoppsettet i den tradisjonsrike turneringa.

Når eit stort frivillegkorps av foreldre og andre i Førde il Fotball tek mot delatakar-laga fredag 10. november, vil heile Førde bli prega av at at det er minst 2000 gjester i byen. I tillegg til at dei fleste hotellromma er okkuperte av tilreisande fotballspelarar, vil om lag 800 personar overnatte i klasserom på anten Hafstad vidaregåande skule eller Førde Ungdomsskule.

-Vi har totalt 800 overnattingsgjestar og det er soleklar ny rekord for Førde cup. Heile 84 av laga skal ha denne typen overnatting. Det flotte er at vi får nytte to skular i gangavstand frå Førdehuset, som gjer arrangementet kompakt. Noko som eg trur gjer at Førde Cup er såpass attraktiv, seier Øystein Fosstvedt som er ansvarleg for skule-overnattinga.

På venteliste

Totalt vil 138 lag delta i årets Førde Cup og Geir Vindheim, som er ansvarleg for kampoppsettet, seier at dei har åtte lag på venteliste.

-Vi hadde totalt 151 påmelde, og kunne garantert ha hatt 160 lag til årets Førde Cup. Men vi har kort og godt ikkje kapasitet til fleire enn 138 deltakarlag. No er vi heilt på grensa. For å kunne gjennomføre årets Førde Cup må vi dessutan ta i bruk hallen på Halbrend til nokre kampar laurdag og sundag. Det gjev litt større fleksibilitet ved Førdehuset, men har det minuset at nokre av laga må spele ein av kampane sine på Halbrend. Noko som medfører noko transport-utfordringar, seier Vindheim om den enorme deltakinga av lag frå Møre og Romsdal, samt Vestland.

Mykje mat

Med så mange tilreisande, er det også mange munnar som skal mettast. Og leiar for matserveringa, Anita Solsvik, seier at det er venta 600 til tacomiddag fredag kveld.

-Saman med Martin Haug på Coop-kafeen skal vi servere lasagne, og pølse med stappe, på laurdag til hundrevis av svoltne spelarar/lagleiarar. På sundagen oppfordrar vi laga til å smørje seg nistepakke, og det vil ikkje vere felles middag då. Først og fremst for å redusere matsvinnet som oppstår då mange reiser tidleg då dei blir slått ut av turneringa, seier Solsvik som også har mange års erfaring på Førde Cup.

Ny leiar

-Dette er 26. året vi arrangerer Førde Cup, og det er etablert gode erfaringar i denne gjengen. Ikkje minst er den frivillege innsatsen frå svært mange foreldre i klubben heilt unik. Vi treng folk på rydding, rigging, vakter både i Førdehuset og på skulane, sekretariat, matlaging etc, etc. Dette blir ei helg med fotball døgnet rundt for dei fleste av oss. Kampane startar 08.00 om morgonen og på laurdagskevlden er dei ikkje ferdige før 23.00. Den siste finalen blir ikkje ferdig før 18.00 på sundag. Det trengt då mange skal reise innpå fire timar etter at kampane er ferdige, seier turneringsleiar Tone Lin Støfring Skovro.

På bildet ser vi leiarane i Førde il Fotball som ser fram til årets Førde Cup med rekorddeltaking. Frå venstre: Geir Vindheim, Tone Lin Støfring Skovro, Simo Koskinen, Per Øyvind Storevik, Anita Solsvik, Odd H. Hagen og Øystein Fosstvedt. Dommaransvarleg Bjørn Egil Sunde var ikkje med på møtet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

BEST I NORGE FOR TREDJE ÅRET PÅ RAD

Sjekk desse gutane. For tredje året på rad har dei vunne Adidas Cup. -Dette er ei fantastisk gruppe, seier trenar Ørjan Vikum.

Førde sitt G16-lag fornekta seg ikkje under helgas finalehelg på Gjøvik. Dei vann igjen denne landsomfattande turneringa som har status som uoffisielt NM. I 2021 vann dei som G14, i fjor som G15 og i år som G16.

Tre på rad

-Dette er ei vanvittig bra gruppe. Vi hadde utfordringar under semifinalen mot Kongsberg laurdag. Det var eigentleg den moralske finalen. Likevel klarte vi å avgjere kampen til vår fordel med 3-2-siger. Då forstod eg at det kunne bli ein ny siger i denne turneringa, seier Ørjan Vikum som har vore trenar for denne suksessfylte gjengen i to sesongar. I fjor var det Lars Ove Nistad som hadde laget.

-No er vi historiske med tre sigrar på rad i Adidas Cupen. Vi har tangert Fyllingsdalen sin prestasjon for 12-13 år sidan. Dette står det verkeleg respekt av, seier Førde-trenaren etter at gullmedaljane er heng rundt halsen på spelarane på Vind stadion i Gjøvik.

Sliesiger i finalen

I finalen mot bergensklubben Fana sundag føremiddag vart det også ein slitesiger til Førde, fortel Ørjan Vikum.

-Vi fekk ei leiing i 1. omgang ved Liam Bruflot Undeland, og det vart uhyre spennande gjennom heile den siste omgangen. Men det er klart at når Elias Grimeland kom rett frå landslagssamling i England til finalekampen, så skapte han meir ro i gruppa defensivt. Og vi klarte å ri i land ein fortent 1-0-siger. Dessutan spelte både Liam Bruflot Undeland og Vegard Otterlei Fløholm svært godt i finalen. Og for tredje året på rad, så vart ein Førde-spelar kåra til turneringas beste, nemleg Vegard Lorgen. Han vann også for to år sidan, medan det var Teodor Aamot som fekk denne statusen i fjor, fortel Ørjan Vikum og må fullrose heile støtte-apparatet rundt laget.

-Og ikkje minst dei entusiastiske foreldra i denne gruppa. Dette samhaldet som er skapt er nok ein av suksessfaktorane, ja, seier Førde-trenaren.

Desse skal rosast

Dette er spelarane på G16-laget som har vore med på finalehelga i Gjøvik, og som har vunne Adidas Cup for tredje året på rad: Ruben Jordanger, Miguel Grønl Garfors, Kasper Haaland Fureli, Marius Øksenberg, Noah Øren Otternes, Thomas Sunde, Daniel Gjelsvik, Vegard Lorgen, Sondre Løland, Håvard Vik Søvde, Aron Zerai Okbanderias, Matias Sæterdal Steen, Liam Bruflot Undeland, Emil Frøysland, Vegard Otterlei Fløholm, Elias Myrland, Elias Grimeland og Sander Lekva.

Støtte-apparatet består av Ørjan Vikum, Kariann Husevåg Løland, Ole Bjørn Otternes og Kay Lorgen. Samt ei rad entusiastiske foreldre!

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Kariann Husevåg Løland

KLARE FOR NY FINALE I ADIDAS CUP

Førde sitt G2007 kull er klar sin tredje strake finale i Adidas Cup. Dei to første har endt med siger. Søndag kl 0900 møter dei Fana i finalen.

Kongsberg slått 3-2 i semifinalen

Trenar Ørjan Vikum og resten av trenarteamet såg at laget tok leiinga tre ganger laurdag. Kongsberg var eit godt fotballag, så vi måtte verkeleg grave djupt for denne sigeren. Vi får det viktige 3-2 målet ca 10 minutt før slutt, og det blir mykje hawai dei siste minuttane. Pulsen på benken var heilt i taket, men gutane stod i mot presset og kan juble over nok ein finale i adidas cup.

Fantastisk prestasjon

Det er berre å gratulere gjengen med nok ein finale. No blir det eit skikkeleg vestlandsoppgjer i finalen. Kampen blir forsøkt streama i morgon, så vi kjem til å legge ut link når dette er klart.

Fakta:

Mål 1-0 – Kasper Haaland Furelid 6min 1-1 – 14min 2-1 – Vegard Lorgen 34min 2-2 – 47min 3-2 – Sjølmål 58min / innlegg av Daniel Gjelsvik 😮‍💨

-I DAG VAR DET MANNFOLK MOT GUTAR

Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug sine ord vart meir og meir forståelege etter at Førde utklassa sogningane heile 6-0 i Hafstadparken laurdag.

Det som i utgangspunktet skulle vere ein tett og jamn duell mellom to lag som kjempar for å unngå nedrykk, vart i staden einvegskøyr utover i kampen. Førde dominerte meir og meir, og utover i 2. omgang var det eigentleg berre spørsmål om kor stor sigeren til Førde skulle bli.

Ros til alle

-I dag skal alle spelarane ha ros for intensitet og løpsvilje begge vegar. Vi har hatt jamn stigning i mannskapet i det siste, men har fått altfor dårleg utteljing med tanke på poeng i dei siste kampane, seier ein tydeleg letta og glad Knut Erik Folland etter 6-0-sigeren. Og han er raskt framme med å rose alle spelarane som var i aktivitet i plaskregnet.

-Vi ser at denne viljen smittar over på alle. Også innbytarane som kjem inn har lyst til å bidra. Men det er klart at til dømes ungguten Nicolai Hvidsten gjer ein strålande jobb sentralt på midtbane. Han blir berre betre og betre. Og så har vi Jacob som duellerer som berre det, og Magne som er som ein virvelvind. Og så har vi Vegard som stikk i bakrom heile tida. Og så har…… Nei i dag fortener absolutt alle å få skryt. Dette var ein fantastisk dag, smiler Folland og vil helst flytte fokuset fra til dei to siste kampane.

Audmjuk sogning

-Det er dei to siste kampane som er viktig no. Vi skal kose oss med denne sigeren, men eg forventar same innsats i dei to siste kampane, mot Brumunddal og Elverum. Det er det alt handlar om, seier Folland og takker Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug for oppgjeret.

-Dette vart akkurat slik eg forventa. Våre unggutar har ikkje sjanse til å vinne desse duallane som Førde legg opp til. Eg rekna med at det vart langpasningar frå den bakre firaren deira. Og det stemte. Då hadde vi eigentleg ikkje sjanse. Og det er klart at hadde eg hatt dei same spelarane som Førde har, så hadde eg gjort det samme, seier Krosshaug og er audmjuk med tanke på at Førde fekk dominere banespelet utover i 2. omgang.

Kniven på strupen

-Resultatmessig var ikkje dette ein 6-0-kamp, men Førde lukkast med det meste i dag. Og det skal dei ha all ære for. Mine unggutar må lære av denne kampen. Slik er vaksenfotballen, og då må du gå i duellane. No har vi Spjelkavik og Hødd 2 igjen. Så vi har absolutt kniven på strupen, seier sogningen med ansvar for Sogndal 2.

-Eg håpar at både Florø, Førde og Sogndal 2 vil overleve, men akkurat no ser det mest alvorleg ut for vår del. Vi må iallfall gjere som Førde, og vise vilje til å vinne. Og akkurat der var Førde gode i dag. Så fullt fortent tre poeng til Knut Erik Folland og Førde i dag, seier Krosshaug og gjer klar for heimreisa til fruktbygda med null poeng i bagasjen.

Etter kampane i dag, ser botnstriden slik ut i Norsk Tipping-ligaen. Tre av desse laga vil rykke ned:

Brumunddal        31 poeng

Florø      27 poeng

Førde    25 poeng

Volda     25 poeng

Sogndal II           24 poeng

Spjelkavik            23 poeng

Hødd II                22 poeng (har spelt ein kamp mindre)

Raufoss II            10 poeng

Vi kjem med meir frå 6-0-kampen mot Sogndal 2 litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide