

-Haustens akademi-treningar blir både billegare og betre enn tidlegare, seier Bjørn Totland. No er allereie 10 trenarar klare for dei første øktene som startar opp i veke 41.
Frå 9.oktober startar Førde il Fotball opp med akademiøkter for spelarar fødde i åra 2011, 2012, 2013 og 2014. Den første veka vil øktene vere på dagtid. Nytt av året er at det i tillegg til to grunnøkter i veka, så vil det frå november komme tilbod om ekstra futsal-økt inne i Førdehuset. Det kan også bli aktuelt med både helgesamling og morgontreningar for dei ivrigaste.
Puslespel
-Vi er i ferd med å leggje på plass dei siste brikkene i planleggjinga, og kjem til å gje eit betre tilbod enn kva som har vore tilfelle tidlegare. Dessutan er det planar om å gjennomføre ei eiga akademi-turnering i slutten av november med deltakarar frå klubbane Eid, Sogndal og Florø.
-No er vi i ferd med å få på plass eit stort og godt team rundt akademi-satsinga. Dette opnar også opp for at viss det er trenarar i barnefotballen som har lyst til å hente inspirasjon og anna, så er det berre å ta kontakt. Vi håpar på den måten å involvere mange trenarar, som også vil fungere som trenarskulering i klubben, seier Totland som står fagleg ansvarleg for akademiet som går under namnet Åsen & Øvrelid-akademiet.
Billegare
-Dessutan trur eg det er mange som vil like at vi set ned prisen på Akademiet med 500 kroner i haust. Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at prisen har vore for høg, og dette har vi prøvd å komme i møte. Vi har mellom anna kutta ut Akademi-gensaren, og har fokusert på innhaldet i øktene. Vi opnar dessutan opp for at spelarar frå andre klubbar i nærleiken også skal kunne få plass. Ikkje minst håpar vi at god dialog med andre særidrettar skal gjere det lettare for dei unge å finne tilbod som passar for dei. Det er alltid mogleg å finne gode løysingar på slikt, seier Totland og trur årets akademi blir eit populært tiltak.
-Vi har allereie god påmelding, og trur vi får mange gode grupper i haust. Det er ganske store barnekull i området, og vi reknar med at mange vil finne dette interessant. Ikkje minst håpar vi at mange jenter vil søke, seier Totland om årets Førde-akademi.
Treningane vil stort sett vere i Hafstadparken, men frå november månad får Førde il Fotball også tilgang til Førdehuset. Basisdagar er måndag, onsdag og torsdagar, og treningane vil gå frå 15.30 til 16.45.
På bildet ser vi instruktørane i årets Åsen & Øvrelid-akademiet: Bak frå venstre: Elise Astad Sygna, Frank Robert Værn, Alexander Lekva, Bjørn Totland og Jonas Nistad. Framme frå venstre: Frida Skilbrei, Marit Hjelmeland Berqvam og Viktoria Zablotna. Dessutan skal både Karl Martin Opseth Norbom og Thomas Fraas vere instruktørar.
Tekst og foto: Stig Roger Eide
Førde 3 tok måndag kveld turen til Årdal for å møte opprykksjagande Årdal 2. På forhånd sett på som ein meget vanskeleg kamp.
Ingen ting å tape alt å vinne 😊
Strategien til Benny Rivedal før kampen var klar – Her skulle Førde være offensiv og spele angrepsfotball. Benny kunne etter kampen konstantere at dette er spelemessig den beste kampen i år. Vi produserte fleire store sjanser og ein mengde med nesten sjanser. Sjølv om Årdal også hadde sine moglegheiter vinner vi fortent, men sigersmålet satt langt inne. I det 95 minutt ble vi tildelt straffe etter at Hallvard Sagevik ble felt etter en kontring – Straffen satte Elias Lekva kontant i mål på kampens siste spark. Dermed enda kampen med 2-1 siger til Førde 3. Førde 3 sitt første mål blei skora av Linus Hagenes etter 31 minutt, mens Årdal utlikna etter 75 minutt. Årdal pådro seg også to raude kort i situasjonen rundt straffesparket i det 95 minutt.
Imponerande resultat av Førde 3 som stilte med følgande lag:
Nikolai Berqvam, Linus Hagenes, Markus Solnørdal, Henrik Strømmen, Oscar Sørheim, Elias Lekva, Tobias Vikøren, Hallvard Sagevik, Norfinn Tonning, Arne Olai Vallestad, Miguel Garfors, Matias Steen
Neste kamp til Førde 3 er borte mot Hafslo/Bjørn/Fanaråk søndag 1 oktober. Dette er nest siste kamp for sesongen før dei avslutter sesongen heime mot Kaupanger måndag 9 oktober kl 1900.
Det enda med tap 3-2 for J14 i kvartfinalen mot KFUM-Kam Oslo lørdag på Gol. Jentene var i 2022 i sluttspelet, men grunna kolliderande kretsaktivitet fekk ikkje alle bli med. Dei var derfor veldig motivert for eit nytt sluttspel i år.
Kamplan var klar
Trenar Rasmus Faleide fortel om at dei hadde ein klar kampplan med å være direkte i starten, få ballen opp til deira mål og trykke dei bakover. Det lykkast vi ikkje heilt med, og slepp inn eit “merkeleg mål” etter 2 miniutt. Vi prøver å kjempe oss tilbake, og vi veit vi kan komme tilbake i kamper. Seinast onsdag henta vi inn 3 mål mot Sogndal.
I pausen vart vi einige om å på nytt prøve å ta tak i kampen, men i staden vart det KFUM som tok meir og meir over. Dei rundspeler oss nesten ein liten periode, og då står det brått 3-0 etter to dødballer. Vi legg då om formasjon, og får to reduseringsmål ved Andrea Løkkebø Lekva, Solveig Hoff. Desse måla kom dessverre for seint til å skaffe ekstraomgonger, men jentene skal ha ros for å ha gjort eit iherdig forsøk og kjempe heilt inn. Dermed var årets adidascup eventyr ute, og no må vi berre brette opp ermane til resten sesongen i lokal serie.
Vi ynskje KFUM-Kam Oslo lykke til i sluttspelet. Eit godt lag som var eit steg opp frå lokal serie, og vi håpar dei vinner heile adidas cup oppsummerer Rasmus Faleide.
Denne helga har alle våre fire seniorlag heimekampar, og alle håpar å få god støtte frå publikum.
Først ut er A-lag herre når dei lørdag møter topplaget Eidsvoll Turn til kamp på Førde Stadion lørdag kl 1300. Eidsvoll Turn er favoritter, men her har Folland sine menn planer om å revansjere tapet i vårsesongen.
SUPER SØNDAG I HAFSTADPARKEN
Søndag er det berre å komme i Hafstadparken. Her blir ikkje mindre enn tre kampar.
Kretsligaen Førde 2 – Årdal kl 1400
Førde 2 imponerte stort i førre serierunde med å slå Eid på heimebane. Denne gang er det serieleiar Årdal som kjem til parken. Førde sine nest beste har vist at dei kan slå kven som helst. Førde 2 har i mange kamper slitt med å skore, men no ser det ut som Sander Kapstad har funne skoringsformen. Med fire mål på dei tre siste kampane håpa vi at han fortsette mot Årdal.
3 Divisjon Damer Førde – Lyngbø kl 1630
Damene har allereie vist at dei tar nivået i felles serie med Hordaland. Det skiller kun tre poeng mellom 1 og 6 plass i serien, så blir det tett. Klare Vilde Wie og damene å følge opp 3-2 sigeren mot Loddefjord førre helg? Wie opna sin skoringskonto med to mål førre helg, og er klar for nye mål. 🙂 Damene håpar at mange vil ta turen for å støtte laget mot tre nye poeng.
5 Divisjon Førde 3 – Florø 2 kl 1900
Søndagens siste kamp er lokalderby i 5 divisjon mellom Førde 3 og Florø 2. Førde 3 har levert solide prestasjoner i årets sesong sjølv om det har vore stor rotasjon på laget grunna mykje skader. Det har vært mange unge som har fått prøve seg, og viser at det er mange talent i klubben. Ingen vil vel tape mot Florø ? Dei er også naboer på tabellen , så her blir det garantert ein spennande kamp.
KOM OG HEIE FRAM VÅRE LAG – HEIA FØRDE