

Etter suksessen som Førde sitt G16-lag har hatt dei siste åra, er det kanskje ikkje så underleg at større klubbar blir klar over våre spelarar. No er midtbanespelaren Teodor Aamot klar for FK Haugesund.
-Ja, frå mi side er alt klart no. Eg har flytta nedover, og har allereie hatt fleire treningar på Kraft-akademiet, som FK Haugesund driv. Faktisk er det ein tidlegare Førde-spelar, Maid Memic, som er trenar for G17-laget her og som har treningane med oss, fortel midtbanespelaren som allereie i vinter var på prøvespel i Haugesund.
Prøvespel i vinter
-Eg har ein stefar og stebror som bur her nede, og då eg samstundes opplevde at kombinasjonen toppfotball og vidaregåande skule i Haugesund passa meg veldig godt, valde eg å satse på denne klubben, seier teknikaren som under G15-finalen i Adidas Cup i fjor vart kåra til beste spelar totalt.
-Vi har hatt ei flott oppleving i Førde med det som i dag er G16-laget. Eg fekk ikkje spele NM-kampen mot Aalesund sist helg, og skal heller ikkje spele kvartfinalen Førde skal ha mot Brann. Og slik eg ser laget no, så trengst eg heller ikkje, ler Teodor Aamot som reknar med å spele for FK Haugesund sitt G17-lag i den nasjonale serien utover hausten.
Nasjonal serie
-Eg er eitt år yngre enn dei fleste spelarane, men det er berre ei flott utfordring no i starten. Og eg har sett at spelarane held eit høgt nivå, seier midtbanespelaren. Faktisk ligg FK Haugesund på femteplass i 1. divisjon i den nasjonale serien, og har klubbane Vålerenga, Stabæk, Viking og Rosenborg føre seg på tabellen føre haustinnspurten. Medan klubbar som Brann, Sogndal, Åsane, HamKam, Sandefjord og Aalesund held til i divisjonen under med sine G17-lag.
Draumen er eliteserien
Teodor Aamot har begynt på Haugesund Toppidrettsgymnas, og tek studiespesialiserande retning med toppidrett.
-No har eg eit perspektiv på tre år her i Haugesund, og skal kombinere fotball med vidaregåande skule. Eg har sjølvsagt eit mål om å få sjansen til å springe ut på Haugesund stadion på sikt, men veit at det førebels er ein lang veg å gå. Men eg er villeg til å gje det ein sjanse, seier midtbanespelaren og håpar hans tidlegare lagkameratar knusar Brann om 14 dagar.
-Det hadde vore kjekt viss Førde kunne slått ut Brann frå NM-cupen, ler Teodor «Teo» Aamot om kvartfinalekampen som er terminfesta til 10. september på Varden Amfi i Bergen.
-Sjølv om eg no er Haugesund-spelar, så seier eg «Heia Førde» i den kampen iallfall, ler den ferske Haugesund-spelaren.
På bildet er Teodor Aamot saman med den tidlegare Førde-spelaren Maid Memic etter dagens trening.
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat
Norway Cup er no over, og denne veka haustsesongen i gong for fullt der J17 starta opp måndag med lokalderby mot Gaular. Her kunne dei reise tilbake til Førde med 1-0 siger og perfekt start. Fleire av våre lag i ungdomsfotball og senior fortsetter idag og resten av veka. I aldersklassane 9-12 år er oppstart frå neste veke.
NM i fokus
Både J19 og G16 skal denne veka ut i spennande NM kampar. Her håpar dei på mykje støtte frå sidelinja, så merk allereie tidene. Her skal J19 møte Molde onsdag 16 august kl 1645, mens G16 møter Ålesund kl 1700. Begge kampar i Hafstadparken. I tillegg har vi to spennande adidascup kampar i sluttspelet 1/8 finale – dette er G14 møter Dale kl 1900 torsdag, mens G13 møter Smørås laurdag kl 1200.
Kommande helg er det også oppstart for A-lag herrer med spennande bortekamp mot Hamkam 2 laurdag, mens Førde 2 søndag møter Fjøra til tøff dyst i parken kl 1630. Førde 3 opnar haustsesongen måndag kveld i parken kl 1900 mot Sogndal 3 / Fjøra 2.
A-lag damer i serie med Hordaland
Damene vant vårserien og skal no spele mot fem lag i Hordaland for å kjempe om opprykk til 2 divisjon. Her skal også Rogaland inn til slutt i ein play off. Det blir spennande å sjå nivået vi møter, men vi har stor tru på at damene våre skal hevde seg godt. Kommande søndag er føste kamp og den går i Hafstadparken kl 1400 mot Fana. Sjå eigen sak som kjem.
Det mangler altså ikkje på høgdepunkt no starten, og heller ikkje utover i hausten. I løpet av veka vil vi også opne opp for påmelding til Førde Cup innandørs 10-12 november. Ynskje alle våre lag lykke til med haustsesongen.
Torsdag ettermiddag satte Vebjørn Høynes signaturen sin på overgangspapira til Førde il Fotball. – Eg håpar å vere i troppen til første haustkamp neste helg, seier 25-åringen.
Vebjørn Høynes har dei siste vekene vurdert om han skulle spele for klubbane Sogndal, Florø eller Førde. I dag kom avgjersla frå den ettertrakta spelaren:
-Totalt er det mest spennande i Førde. Eg har følt meg veldig ønskt av klubben, og dessutan er det jobbmuligheter her som eg ikkje ville ha fått verken i Sogndal eller Florø, seier fysioterapeuten som frå februar 2024 skal jobbe på Sentralsjukehuset i Førde.
Toppscorar
Høynes har dei siste sesongane spelt for Fana i Bergen, og har vore toppscorar for 3. divisjonsklubben denne sesongen.
-No gler eg meg til å spele for Førde på same nivå. Eg skal i starten trene noko med moderklubben Eid medan eg bur på Stårheim i ein overgangsperiode. Men eg kjem til å ha nokre treningar med Førde og forhåpentlegvis spele kampane, seier Høynes då han set signaturen sin på overgangspapira saman med dagleg leiar Per Øyvind Storevik og sportsleg leiar Lars Solnørdal.
-Vi har store forventningar med denne overgangen, og ser på Vebjørn som ein referansespelar som blir viktig for heile gruppa. Vi har mange unge spelarar, og det er alltid trong for spelarar i gruppa som kan vere gode rollemodellar. Noko vi er trygge på at Vebjørn vil vere, seier Lars Solnørdal og vert støtta av Per Øyvind Storevik.
På laget?
-Vi har fulgt Vebjørn i lengre tid, og har vore klar over hans kvalitetar. No ser vi fram til at dei kvalitetane er på vår side. Ikkje minst er eg trygg på at vi får ein spelar som vil ta ansvar overfor dei unge, og vere med på å gje dei trygge utviklingskår, seier Storevik under signeringa.
Vebjørn Høynes stilte på si første trening med Førde i Naustdal torsdag kveld, og håpar sjølvsagt at trenar Knut Erik Folland vil ha han på laget når HamKam 2 er motstandar på Briskeby neste helg. Første heimekamp for Høynes vil i tilfelle bli mot Spjelkavik laurdag 26. august.
-Eg skal iallfall gjere mitt beste for å overtyde Folland, gliser nordfjordingen.
Tekst og foto: Stig Roger Eide
Førde var klar til å revansjere det sure tapet mot Ullern i semifinalen i lørdagens bronsefinale mot Røa. Røa var i det effektive hjørnet lørdag, og med 1-0 vart det ein kamp der Førde måtte jage for utlikning. Sjølv om dette var sjette dagen med kamp for G16 var det upåklageleg innsats, men i staden for 1-1 klarte Røa å få inn 2-0. Førde flytta då opp alt dei hadde og med reduseringa 7 minutt før slutt vart det spenning til siste slutt. Ballen ville dessverre ikkje i nota, og G16 laget måtte då sjå at Røa stakk av med tredjeplassen.
Imponerande av G16
Akkurat no er det nok ein skuffa gjeng, men når skuffelsen har lagt seg så vil dei nok ein gong sjå at dei har prestert på øverste hylle. Det å bli nr 4 av 156 i Norway Cup er ein stor prestasjon. Når vi samtidig inkluderer 2 plass i fjor + 2 år på rad med adidas cup siger, så er det berre å GRATULERE. Denne gjengen blir spennande å følge vidare. Gratulerer til alle rundt G16 laget.
NM er neste mål for G16
No blir det å lade litt batteri, og få eit par veker med god trening. Alle må sette av lørdag 19 august kl 1700 i Hafstadparken. Då kjem Ålesund på besøk i 8 delsfinalen i NM G16. Denne gjengen fortener all støtte dei kan få for å slå Ålesund.
Norway Cup 2023 er dermed historie, og vi ser fram til ein hekstisk og spennande haustsesong.
Førde-laga imponerte stort under dei siste kampane på Ekebergsletta onsdag kveld. For på rappen vart både 14-årslaget og begge dei to 13-årslaga klare for 1/8-delsfinalar i A-sluttspelet på torsdag.
Torsdag kjem til å bli ein ny nervepirrande dag på Norway Cup sett med Førde-auge. For trass i tøffe motstandarar gjennom onsdagen er det heile seks Førde-laga som er med og kjempar om å gå heilt til topps i årets gigantturnering.
Nervepirrande
Det heile starta på ettermiddagen med at J15-laget feide Lillesand av bana, før det var tid for gutane. G16-laget hadde ingen vanskar med å tukte trondheimsklubben Charlottenlund med heile 3—0, før G14-1 og dei to G13-laga til Førde starta oppvisninga.
Trass i kraftig regnskyll stod dei alle tre mot presset frå høvesvis Kristiansund, Ataka (Litauen) og Ølen, og alle dei tre Førde-laga sikra seg ein viktig eitmålssiger.
Og med tanke på at G19-laget allereie er klare for ny kamp i A-sluttspelet i morgon tidleg, så har Førde framleis seks lag med i den gjevaste delen av cupen. Samstundes har Førde allereie eit lag klare for kvartfinale, då G13-14 i sjuarfotball slo Lesja heile 6-3 og dermed skal møte naboklubben Høyang i kvartfinale i B-sluttspelet.
Kampane
Her er oversikt over dagens kampar:
B-sluttspelet:
G13-14, 7´ar: Førde-Salangen 5-2 (1/16-delsfinale, Førde-Lesja 6-3 (1/8-delsfinale)
G15: Førde-Brattvåg/Ravn/Norborg 0-0 (Førde tapte etter straffespark-konkurranse.
A-sluttspel:
J14: Førde-Kolbotn 0-1
J17: Førde-Holstein/Kiel 0-1
J15: Førde-Lillesand 4-0
G16: Førde-Charlottenlund 3-0
G14-2: Førde 2-Bergen Nord 0-6
G13-1: Førde-Oppsal 4-0, Førde-Ataka (Litauen) 1-0 (1/16-delsfinale)
G13-2: Førde 2- Ullern 4-1, Førde 2-Ølen 1-0 (1/16-delsfinale)
G14-1: Førde 1-Kristiansund 2-1 (1/16-delsfinale)
G19: Er allereie kvalifisert og møter sunnmørsklubben Emblem torsdag morgon.
Vi brukar bilde av gjennomblaute 13-åringar etter at begge desse laga kvalifiserte seg for 1/8-dels-finalar seint onsdag kveld. I morgon tidleg er dei klare for nye kampar.
Vi ønsker alle dei sju resterande laga lukke til med både A- og B-sluttspelet i morgon.
HEIA Førde
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Lagleiarar for Førde-laga
Det er mange som stiller spørsmål om korleis det er mogleg at det kan vere så mange sunnfjordingar i Oslo, for tida. Her er noko av forklaringa.
Førde il Fotball byggjer klubbkjensle og samhald under Norway Cup. Dei fleste spelarane bur på det same hotellet på Fornebu, og totalt nyttar klubben 230 rom.
Intensjonsavtale
-Vi inngjekk ein femårsavtale med hotellet i 2020. Dei to første åra øydela pandemien Norway Cup, så dette er andre året vi samla dei fleste på dette hotellet. Og det er bevisst for at vi skal byggje samhald og klubbkjensle på tvers av både spelar- og foreldregrupper. Vi innførte slagordet “Ein del av noko større” sist vinter, og dette er heilt klart ein del av det, seier Geir Vindheim som er breiddeansvarleg i Førde il Fotball.
-Så langt er det berre positive tilbakemeldingar på opphaldet, og det er tydeleg at det er stor trivsel. Noko ikkje minst kjem fram gjennom desse fellesbilda som er teke seint på tysdagskvelden før sluttspelet startar, seier Geir Vindheim.
Bli eller heim
Onsdag er nemleg den første “vinn eller forsvinn-dagen” i årets Norway Cup, og nokre lag står sjølvsagt i fare for å bli slått ut av cupen. Anten i A- eller B-sluttspelet. Totalt har klubben hatt formidabel suksess med heile 9 av 11 lag vidare til A-sluttspelet i verdas største fotballturnering.
Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Tone Lin Støfring Skovro
–