NÅR FOTBALL ER NOKO MEIR

Førde sine 13-14-åringar fekk ei oppleving for livet under dagens kamp på Ekebergsletta. I oppgjeret mot Rawahel frå Palestina fekk alle spelarane overrekt kvart sitt skjerf frå motstandarlaget, og det vart teke bilde kor alle spelarane var samla.

-Dette var utruleg flott og viser at fotball er noko anna enn berre kamp om ballen, kunne trenarane og lagleiarane for Førde-laget fastslå etter at fotoseansen var over. Samstundes med at alle Førde-spelarane fekk kvart sitt skjerf i gåve, overrekte Førde-kapteinen ein Førde-vimpel til det palestinske laget.

Ute på bana fekk det unge Førde-laget ein fantastisk leksjon i effektivt angrepsspel av eit teknisk godt motstandarlag, og Rawahel vann til slutt heile 13-0 over Førde sitt sjuarlag for 13-åringar.

Uansett har både spelarar, trenarar og lagleiarar fått eit minne for livet etter vennskapskampen mellom Førde og Rawahel frå Palestina.

Trenarar for dette Førde-laget er Roger Aase og Øyvind Oppedal.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Børge Daviknes Klakegg

NY SCORINGSORGIE AV DESSE

-Dette var ein topp kamp av oss. Spelarane responderte svært godt, og no kan vi ta nokre veker velfortent ferie, smiler Førde-trenar Knut Erik Folland etter utklassinga av Raufoss 2.

-I dag fekk endeleg Vegard utteljing på sjansane sine, og hadde skikkeleg ketchup-effekt på slutten av 1. omgang, smiler Førde-trenaren og siktar til midtspissen sitt raske hattrick. For i løpet av sju minutt scora Savland tre mål, og langt på veg knuste ammunisjonslaget sine forhåpningar om å komme tilbake i kampen.

God på midten

-Slutten av 1. omgang var svært god frå vår side. Elles er eg veldig godt nøgd med heile laget sin innsats. Det er alltid vanskeleg å motivere til siste kamp før ferien, men i dag var det verkeleg topp over heile linja, seier Folland etter 0-6-siger og kan likevel ikkje unngå å trekkje fram midtbanespelaren Magne Aarøen.

-Han spring og spring i 90 minutt, og eg trur jammen han spring etter bussen heim igjen også, ler Folland og verdsett midtbanespelaren sin enorme innsats.

-Han er trass alt berre 18 år, og har hatt ein formidabel vårsesong. Han er kanskje den spelaren som har imponert meg mest, seier Folland og såg også at toppscoaren Sander Aamelfot avslutta si karriere i Førde med to scoringar.

Ferie

-I dag er det så mykje bra at det er vanskeleg å trekkje fram einskilde spelarar. Vi jobbar for kvarandre, og eg er imponert over viljen spelarane viser i heile kampen. Sjølv om vi leiar komfortabelt og kan eigentleg ta det med ro. Men likevel jagar vi på heile tida, og det vitnar om god moral, seier Folland.

No skal Førde ha spelefri fram til bortekampen mot HamKam 2 i midten av august. Noko som skuldast at den første haustkampen, mot Florø, vart framskunda og spelt 16. mai.

-Vi kjem til å gjennomføre dei tre planlagde ferievekene som var bestemt. Spelarane har fått eit treningsopplegg, og i samband med oppkøyringa til hausten, skal vi ha ein treningskamp. Mest sannsynleg mot Stryn, seier Folland og vedgår at stemninga i bussen på returen er svært god.

 Med denne sigeren klatra Førde opp på 5. plass på tabellen.

Tekst og foto (arkiv): Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

RAUFOSS II-FØRDE 0-6 (0-4)

Norsk Tipping-ligaen

Nammo stadion

Mål:

0-1 28 min Sander Aamelfot

0-2 37 min Vegard Savland

0-3 42 min Vegard Savland

0-4 43 min Vegard Savland

0-574 min sjølvmål

0-6 89 min Sander Aamelfot

Førde: Fredrik Hanssen (Kristian Johansen i 80.min), Eirik Flatjord (Elias Grimeland i 65. min), Ole Petter Hjelle Larsen (Kristian Lilleaasen i 68. min), Øystein Østvik, Andreas Hvidsten, Elias Rognebakke, Magne Aarøen, Jacob Bergset (Elias Vindheim i 80. min), Sander Aamelfot, Vegard Savland, Nicolas Gudvangen Trollebø (Lasse Aamelfot i 68. min)

HER LEGG DEI GRUNNLAGET

Når spelarane til Førde gjer seg klare til kamp, blir grunnlaget lagt her. -Her får vi alltid god service og næringsrik mat, seier Jens Sagevik.

Samarbeidsavtalen mellom Coop Nordvest og Førde il Fotball inneheld mange element, men for spelarane er truleg dette den ein avdei viktigaste med tanke på å vere godt førebudd til kampane. Nokre timar føre kampstart møtest nemleg spelarane i eit eige rom på Coop Extra-kafeen på Kronborg og her diskar butikksjef Martin Haug opp med ferdig mat.

Næringsrikt

-Det går ofte i lasagne eller kylling med ris. Det er lagleiar Jens Sagevik som bestiller maten, og då stiller eg sjølvsagt opp, smiler Martin Haug medan Førde-patrioten stikk innom for å høyre om mattilbodet som spelarane har.

-Dei er her før kvar heimekamp, og så lagar vi niste i samband med borteturane deira. Så i dag på fredag når dei skal til Raufoss så har dei bestilt bagettar med ost, skinke og slikt, seier Martin Haug og ryddar unna koppar og fat i kafeen.

Viktig avtale

Samarbeidsavtalen mellom Coop Nordvest og Førde il Fotball er svært viktig for begge partar. Coop Nordvest viser til at dette er ein av dei større samarbeidsavtalane dei har. Og er ikkje minst viktig då Førde il Fotball har over 1000 medlemmer og derfor engasjerer mange i Førde-samfunnet. Både direkte og indirekte. Mange medlemmer er kundar, og det er også mange av medlemmene i Førde il Fotball som jobbar deltid i Coop Nordvest sine avdelingar. Ikkje minst på sommarstid.

Bortekamp

-Eg trur dette er ein avtale som er ein styrke for begge partar. Vi prøvar å leggje til rette for at iallfall spelarane skal få eit så godt tilbod som mogleg her hos oss. Og tilbakemeldingane er iallfall gode, seier Martin Haug og viser som butikksjef for Coop Extra-kafeen at det er gode tilbod elles til dei fleste i Førde-fotballen.

-Eg trur til dømes ikkje at det er alle som er klar over at viss du har sesongkort for Førde il Fotball, så får du 10 prosent avslag ved å vise det fram i kassa, seier Martin Haug.

Etter kampen på Nammo stadion på Raufoss laurdag tek A-laget til Førde sommarferie, og neste kamp er ikkje før 19. august på bortebane mot HamKam 2.

Men gjennom sommaren er sjansen stor for at du vil treffe på nokre av Førde il Fotball sine medlemmer på jobb i Coop Nordvest-systemet.

DEI STØTTAR OSS, OG VI STØTTAR DEI

Tekst og foto: Stig Roger Eide

-I ÅR BLIR VI LANGT FLEIRE

I fjor var det omtrent 300 førdianarar på Norway Cup. -I år blir vi rundt 450. Dette blir ei knallveke for alle laga våre, seier Geir Vindheim.

Førde er som venta den største klubben frå Sogn og Fjordane under årets Norway Cup. Totalt stiller klubben med 11 lag i verdas største fotballturnering, og har med omtrent 180 spelarar.

-Vi har to lag meir enn i fjor. Men med større tropper på kvart lag, så blir vi totalt fleire spelarar i år. Vi reknar faktisk med at omtrent 450 førdianarar vil prege årets Norway Cup. Mot om lag 300 i fjor, fortel breiddesjefen i klubben, Geir Vindheim.

Fullt hotell

I 2022 var det første året vi samla alle våre lag på same hotel under Norway Cup. Mange tenker cup med overnatting på skule for spelarane, og var kanskje litt spente på korleis opplegget med hotell vart.

-Her fekk vi positive tilbakemeldingar, og har i år lagt beslag på så godt som alle romma på hotellet EXPO Fornebu. Dette er med å bygge samhald i klubben. Vi har booka totalt 230 rom, og alle er smekk fulle. Dessutan er det mange som overnattar på andre hotell, eller privat. Uansett så kjem Førde til å sette sitt preg på Oslo i perioden 29. juli til 5. august, seier Vindheim.

Turneringa i Oslo har deltakarar frå totalt 30 nasjonar, og det stiller om lag 2000 lag i turneringa. Og som venta er klubbar rundt hovudstaden dominerande i storleik. Klubben Lørenskog er den største med totalt 80 lag.

Støtte frå Sparebankstiftinga

Frå Sogn og Fjordane dominerer Førde med sine 11 lag, men det er i tillegg heile 17 klubbar frå fjordafylket som stiller i årets turnering.

-Dette kjem til å bli ei fantastisk flott veke, seier Geir Vindheim og viser til at dei 200 000 kronene klubben fekk av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i fjor haust, er med å bidrar til at kostnadane per spelar blir lågare.

Troppen

Dette er oversikta over Førde-laga som skal delta i årets Norway Cup:

J14: 1 lag, 19 spelarar

J15: 1 lag

J17: 1 lag, J15 og J17 har til saman 33 spelarar

G13: 3 lag, 33 spelarar

G14: 2 lag, 32 spelarar

G15: 1 lag, 22 spelarar

G16: 1 lag, 21 spelarar

G19: 1 lag, 18 spelarar

-Dessutan har Førde il Fotball med to dommarar til årets turnering. Det er Jonas Sande Mossestad og Astrid Kiil. Så dette blir ei fantastisk veke for Førde-fotballen, seier Geir Vindheim.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Privat

HØGDRAMATISK, MEN UTAN MÅL

Plaskregn, sklitacklingar og knottangrep gjorde at Førde sin siste heimekamp før ferien vart ein thriller. Denne kampen innheldt alt, bortsett frå scoringar!

Førde hadde sjansen til å ta eit skikkeleg jafs på tabellen med tre poeng, men nyetrenar Knut Erik Folland måtte sjå at det berre vart 0-0 i comebacket på Førde stadion. Likevel var han godt nøgd etter kampen.

-Ein fantastisk innsats av spelarane, og dei viser vilje til å vinne. Eg ser at alle spelarane legg alt i boksen, og det følest sikkert litt ille at det berre blir eitt poeng. Men vi gjer eit heiderleg forsøk, og gjer vårt beste, seier Folland etter 0-0 på ei sleip grasmatte.

God dommar

Sjølv om det vart 0-0 i målprotokollen, så hadde kampen dei fleste ingrediensane ein fotballkamp skal ha. Taklingar, trøyehalding, seks gule og eit raudt kort. Men alt vart styrt forbilledleg av kampen beste aktør, dommar Tommy Skjerven frå Kaupanger.

-Dette var ein skikkeleg fotballkamp og akkurat slik det skal vere. Dette er jo kjekt, smilte Norges mest profilerte fotballdommar, Tommy Skjerven, etter kampen. I vår stoppa han opp på rekordhøge 402 Tippeligakampar gjennom karriere si.

Bonanza

I etterkant er det nesten uverkeleg at nokre av sjansane til begge lag ikkje resulterte i nettkjenning. I 1. omgang bølga spelet fram og tilbake, men begge lag hadde likevel sine store målsjansar. Molde hadde eit skot i tverrliggjaren, medan heimelagets Vegard Savland sklei på den blaute grasmatta då han skulle sette ballen i lengste.

Mot slutten av 2. omgang overtok Førde meir og meir av banespelet, og då Molde 2 fekk utvist ein spelar, vart det einvegskøyr. Men flipperspelet framføre Molde sitt mål vippa ikkje Førde sin veg, og heller ikkje innhoppet til Sander Aamelfot det siste kvarteret var nok til å få den forløysande scoringa.

Nøgd Folland

-Dette var ein fantastisk kamp av våre spelarar, og dei har respondert godt på oppgåvene sine. No er det bortekamp mot Raufoss 2 til helga, og då er det nok ein viktig kamp. Etter det er det ferie. Og slik tabellen er i denne avdelinga, så vil det bli mange viktige kampar utover hausten, seier Knut Erik Folland etter oppgjeret.

For faktum er at med berre eitt poeng i kveld, så klatra Førde likevel fire plassar oppover på tabellen, og ligg for tida på 9. plass.

Det kjem meir om kampen litt seinare.

På bildet kunne Vegard Savland ha gjeve heimelaget leiinga, men spissen sklir på den gjennomblaute grasmatta, og Molde-keeperen får handa på ballen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampprogram Førde – Molde 2

Førde – Molde 2 

FØRSTE MØTE MED GJENGEN

I ettermiddag var den nye trenar-troikaen til Førde på plass på Førde stadion. -No begynner alvoret for vår del, smiler trioen Knut Erik Folland, Gisle Isene og Øystein Vetti.

Endeleg er desse tre tidlegare Førde-kapteinane samla på eit brett. Dei har lang fartstid som Førde-spelarar, og no skal dei forsøke å ta Førde til nye høgder som trenarar.

-Målet er at vi skal bistå så mykje som mogleg på treningsfeltet. Det betyr nok at vi kjem til å delta på så godt som alle treningane, seier dei to nytilsette assistentane, Gisle Isene og Øystein Vetti.

Tidlegare kapteinar

-Vi er begge småbarnsfedre, og må sjølvsagt ha det i bakhand. Men i utgangspunktet er dette noko vi begge to har veldig lyst til å vere med på. Så då prioriterer vi deretter, seier duoen før dei blir presenterte overfor spelargruppa.

Faktum er at med det unge mannskapet som Førde har for tida, så er det ikkje alle spelarar av i dag som kjenner desse to si forhistoria. Då er det greitt at Knut Erik Folland går god for dei på ein slik måte:

-Vi veit at fotballkompetanse trumfar det meste. Derfor var eg ikkje i tvil om at desse to hadde eg lyst til å ha med i den jobben vi skal gjere framover. Dessutan skal Eirik Flatjord sjølvsagt halde fram som fysisk trenar, og det kjem til å bli eit tett samarbeid med oss. Så no førebur vi oss allereie til kampen mot Molde her på Førde stadion førstkomande måndag, smiler Folland og let spelarane starte oppvarminga.

Bur i Førde

Når det gjeld dei to nye assistentrenarane, så bur dei begge i Førde. Gisle Isene skal om kort tid ta til i ny jobb som lærar ved Flatene skule, medan Øystein Vetti jobbar på Sport1-butikken på Elvetorget.

-Målet vårt er å hjelpe til så mykje som mogleg, og ikkje minst hente kompetanse frå Knut Erik. Vi har hatt eit tett samarbeid tidlegare, og gler oss stort til å komme i gang, seier dei to og vedgår at dei ikkje har tal på kor mange kampar dei har på bana som spelarar for Førde.

-Nei, slikt får Olav´en (red.mrk: Olav Flatjord) ha kontroll på. Men det er nok nokre hundre kampar totalt på oss tre, ja, smiler dei to og konsentrerer seg om trenarjobben ute på feltet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KNUT ERIK TEK OVER JOBBEN

Onsdag ettermiddag var det klart at Knut Erik Folland tek over som hovudtrenar i Førde. – Dette er midlertidig, og eg har som mål å byggje eit lag av lokale trenarar som på sikt kan overta jobben, seier Knut Erik Folland.

Folland har stadfesta overfor leiinga i Førde il Fotball at han tek over hovudansvaret for Førde sitt A-lag ut sesongen. Samstundes understrekar han at dette er ei midlertidig løysing, og at han har sterke ønske om å få fram nokre av dei lokale trenartypane som klubben har til å ta ansvar. Fleire av desse trenarane har han allereie hatt kontakt med.

-Eg har fast jobb som einingsleiar i Sunnfjord kommune framleis, og har avgrensa med tid. Men når eg vart spurt av styreleiar Arild Sandvoll om eg kunne overta, så sa eg ja. Dessutan har Terje Rognsø vore positiv til at eg gjer dette, ikkje minst overfor spelargruppa. Eg har jo vore med rundt laget det siste halve året, og kjenner spelarane ganske godt, seier Folland.

Høgt nivå

Knut Erik har tidlegare vore spelar i mange år på Førde, og var også hovudtrenar i klubben i perioden 2007 til 2014. Dessutan har han assistert Terje Rognsø den siste sesongen.

-Då eg trente klubben sist, var vi oppe i det øvre sjiktet av 2. divisjon. Faktum er at nokre av dagens spelarar i Førde-fotballen har individuelle ferdigheiter på eit høgare nivå enn då. Her er mange spennande spelartyper, og målet må vere å få dei til å utvikle seg. Det er ein enorm breidde i aldersbestemt fotball, og det handlar om å hjelpe klubben for å komme gjennom ein utfordrande situasjon, seier Folland som understrekar at han allereie har sondert terrenget med tanke på å finne medhjelparar.

-Og eg står heller ikkje i vegen for andre som vil slippe til, seier han.

Få opp unge trenarar

-No er det så mange talentfulle og unge trenarar i klubben at det skulle ikkje vere vanskeleg å finne ein eller fleire som kan bidra. Dette handlar om å få kompetanseheving på trenarsida, slik at klubben på sikt også skal ha lokale trenarar. For ikkje noko er så kjekt som å sjå ein svært stor spelarstall berre med lokale spelarar. Det er kort og godt fantastisk. Og mange av desse kjem til å ta steg, seier Folland og ser elles at klubben har utvikla seg mykje sidan han sist var inne som trenar.

-Det er klart at med den erfaringa eg har som trenar, så skal det vere mogleg å få utvikla ein del lokale trenarar også. Min motivasjon for å gå inn i jobben er iallfall fundert på det. Og mantraet kan vere: Lokale trenarar for lokale spelarar, seier Folland.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

TREKKJER SEG SOM TRENAR

Med bakgrunn i ulikt syn på sportsleg strategi har Terje Rognsø i dag valgt å trekkje seg som trenar for Førde sitt A-lag for herrar.

Førde il Fotball vil nytte høve til å takke Terje Rognsø for den jobben han har gjort i Førde il Fotball i 2 ½ år.

-Terje har tilført klubben mykje, og vi har lært utruleg mykje av han. Terje Rognsø er sterk fotballfagleg, og har levert bra som trenar for A-laget. Spesielt i fjor då vi vart nummer to i Norsk Tipping-ligaen, seier sportsleg leiar Lars Solnørdal etter møtet med Terje Rognsø i Florø sundag ettermiddag.

-Trass i sjukdom og skader på fleire av spelarane har han likevel fått det beste ut av laget, og vi skiller no lag som gode vener. Og vi ønsker han sjølvsagt lukke til vidare i si trenargjerning, seier dagleg leiar Per Øyvind Storevik, som også var med på møtet med Terje Rognsø.

No jobbar klubben med å leggje ein ny trenarkabal, og har håp om at denne skal vere på plass om kort tid.

-Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette, og håpar vi lukkast med å få det på plass i løpet av kort tid, seier dei to Førde-leiarane.

Tekst og foto: Stig Roger Eide