SCORINGSORGIE MOT SOGNDAL

-Vi hadde eigentleg forventa dette. Vi skulle stå høgt som ein del av treninga og då vart det målrikt, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter heile ti scoringar Fosshaugane Campus tysdag kveld.

Mannskapet til Tore André Flo hadde seriøse ambisjonar, og den tidlegare Chelsea-profilen gav klar melding føre møtet med Førde.

-Vi er skikkeleg skuffa etter at vi tapte 0-3 mot Aalesund i helga. Vi må vise oss frå ei langt betre side når vi møter Førde. Vi kjem til å bruke store delar av troppen, sa Flo føre oppgjeret og det tok ikkje lang tid føre heimelaget var i føringa med 3-0 etter 15 minuttars spel. Og det trass i at Førde også hadde hatt fleire store målsjansar.

Stod høgt

-Det måtte nesten bli slik. Begge laga stod høgt, og det vart store rom. Noko sjølvsagt det beste laget utnytta betre enn oss, seier Rognsø etter at sluttresultatet viste heile 8-2 til heimelaget.

Til pause stod det 3-1 til Sogndal, og i 2. omgang var det tydeleg at Førde-spelarane hadde tappa mykje energi på å stå høgt dei første 45 minutta. Avstandane vart større og når den defensive jobben heller ikkje var prima, måtte Førde bli straffa.

-Vi var klar over dette, og ser på dette som ein viktig treningsøkt. I mange av kampane våre ligg vi gjerne kompakt i forsvaret, men vi må også jobbe med alternative tilnærmingar. Vi kunne godt ha samla heile laget i forsvar, men det hadde ikkje vore så stor læring. Då er det betre å teste dette ut i ein treningskamp slik at spelarane også føler på kroppen kva som skjer, seier Rognsø som saman med Knut Erik Folland leia kampen mot Sogndal.

Mykje bra

-Offensivt er det mykje bra i laget, begge kantane (Sander Aamelfot og Mathias Helgheim) var periodevis bra, og Vegard Savland på topp var kanskje vår beste, seier trenarduoen etter oppgjeret og ser Tore André Flo rusle nøgd inn i garderoben.

-Vårt hovudfokus no er 4.rundekampen i NM-cupen på Fosshaugane om knappe 14 dagar. Og når Lillestrøm kjem, så må vi vere budde på noko heilt anna enn i dag, seier Flo.

Vi kjem tilbake med bildeserie og kampfakta litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

DEI VAR SENTRALE I STORSIGER

Dei tre førdejentene Kaja Johannessen Skrede og tvillingane Inga og Kristina Hjelmeland Berqvam var sentrale då kretslaget til Sogn og Fjordane slo Hordaland heile 3-0.

-Normalt brukar Hordaland å vere betre enn oss når vi kjem opp i 15-årsalderen. Men i dette kullet har vi faktisk to sigrar og ein uavgjort mot dei. Og i dag var vi fullstendig suverene, smiler Kaja J. Skrede som saman med Inga Hjelmeland Berqvam spelte heile kampen i Hafstadparken. Når det gjeld Kristina Hjelmeland Berqvam, så vart ho byta ut då det var nokre minutt igjen av oppgjeret.

Betre enn naboen

-Det var sjølvsagt kjekt for oss førdejenter å spele kampen her i Hafstadparken. Mykje publikum og god stemning. Og når vi vinn, så blir det ekstra kjekt, ler Kaja etter at kretskampen mot Hordaland er over.

-Dei fleste kretslaga på vår alder brukar å slite med Hordaland, så då er det kjekt at vi kan slå dei, seier Kaja og såg at spissen Emilie Eckhoff scora to mål i oppgjeret medan landslagsspelaren Nathalie Høgi scora det tredje mål.

På bra nivå

Dei tre Førdejentene har spelt på kretslaget dei to siste åra, og ser at dei ikkje på nokon måte ligg langt bak dei beste spelarane.

-Vi har jo ei jente på landslaget (Nathalie Høgi) på kretslaget vårt og vi kjende igjen nokre av dei beste spelarane på Hordaland etter ei samling vi hadde med Arna-Bjørnar. Vi er iallfall ikkje så langt bak dei beste, seier Kaja etter storsigeren i Hafstadparken.

I dagens kamp i Hafstadparken var det Marianne Mellesdal og Jan Tore Jåstad som var trenarar for laget.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Privat

SKAL MØTE NORGES BESTE I CUPFINALEN

Merk deg helga 10. til 12. mars. Då skal Førde vere med på cupfinalehelga og møter der Norges beste innandørslag. –Vi har iallfall ikkje noko å tape, seier Fredrik Hanssen.

Førde sin sisteskanse er klar i sin tale føre cupfinalehelga i futsal i Drammen. For etter at Førde vann innandørs-KM føre jul, så kvalifiserte laget seg til å spele kvalifisering mot vinnaren i Hordaland. Men då laget «Melkeplassen» frå Bergen trekte laget sitt, så har Førde fått plass i finalehelga. Der møter dei fem lag frå eliteserien i futsal, og dei to siste klubbane ligg i toppen av kvar si 1. divisjonsavdeling.

Medan Førde spelar ikkje futsal i det heile!

-Det heile verkar sjølvsagt litt spesielt, men så lenge vi er kvalifisert, så stiller vi, er kaptein Fredrik Hanssen si klare melding.

Dette er laga

Dei laga som Førde skal møte i Drammen er følgjande:

Sjarmtrollan (Tromsø)

Vesterålen (Sortland)

Utleira (Trondheim)

NTNUI (Trondheim)

Sandefjord

Veitvet (Oslo)

Oldenborg (Oslo)

-Eg har gått gjennom lagoppstillingane til dei laga vi skal møte, og ser ingen kjende fotballnamn der. Men det skuldast nok at den veksande futsal-idretten blir meir og meir spesialisert, og at «vanlege» fotballspelarar blir sjeldnare. Men vi får håpe at vi likevel kan henge med, smiler Fredrik Hanssen føre finalehelga.

Nye namn

Under innandørs-KM stilte Førde med desse spelarane som er avbilda her: Mathias Sagevik, Jacob Bergset, Øystein Østvik, Sander Aamelfot, Vegard Savland, Magne Aarøen, Fredrik Hanssen og Mathias Helgheim.

-Vi stiller med desse spelarane i cupfinalen også. Dette er klarert med hovudtrenar Terje Rognsø då vi ikkje skal ha nokon treningskamp den helga. Men Øystein Østvik står over kampane i cupfinalen, så vi kjem til å hente inn ein eller to spelarar i tillegg. Dette blir først klar ut i neste veke, seier Førde-kapteinen føre cupfinalehelga i Drammen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Oppstart for 2017 kullet

No nærmar det seg fort oppstart for 2017 kullet. Klubben har sendt ut informasjon til barnehagane i Førde, og vi startar med å ta påmeldingar. Det blir også rekrutteringsdag laurdag 15 april i Hafstadparken. Håpar å sjå mange av Dykk i 2023. Det er satt ein påmeldingsfrist 20 mars, men det er fullt mogleg å bli med seinare. Då tar dåke kontakt via e-post barnefotball@forde-fotball.no. Vi kjem tilbake med nøyaktig tid denne dagen når det nærmar seg. Påmeldingslink ligger her:

https://docs.google.com/document/d/1Y-8UirCqHrpfO1ZNGtTdgVeUIDeKRgSc/edit?usp=sharing&ouid=116495783179709986556&rtpof=true&sd=true

-Frivillege

Vi treng foresatte som ynskje å bidra som trenare, så når de melder på bornet håpar vi fleire av Dykk også set eit kryss for kan bidra som trenar. Klubben sørger for nødvendig kursing for å kunne gjennomføre rolla som trenar i barnefotballen.

-Trening og Cup

I tillegg til trening 1 gang pr veke blir det tilbod om delta på cup. Det vil være fire kongleriketurneringar + vår eigen OPUS Cup som blir holdt 23 april. Opus Cup blir den første turneringa for årskull 2017, så her får ein tidleg oppleve gleda over å delta på cup.

STOPPA IKKJE FØR DET VAR 6-0

Førde utklassa Florø heile 6-0 i Hafstadparken laurdag ettermiddag. –Og det var ikkje eitt mål for lite, seier Førde-trenar Terje Rognsø.

Eit nykomponert Florø hadde lite å stille opp med då Førde stilte med tilnærma toppa mannskap i Hafstadparken laurdag. Tre mål i kvar omgang fortel det meste om Førde sin dominans, og det er tydeleg at Terje Rognsø har komme lenger i sine sesongførebuingar enn Florø-kollega Dan Jøran Hafsås.

-Men vi må hugse at Florø har eit heilt nytt mannskap, og treng noko meir tid. Og får dei inn dei forsterkingane dei er ute etter, så vil dei garantert bite betre frå seg når sesongen startar, seier Rognsø etter kampen og er raskt ute med å rose spelarane sine med årets første siger.

Mykje bra

-Ja, dette var i periodar svært bra. Spesielt er vi dyktige og gode i gjenvinningsspelet vårt. Dette er noko vi har jobba ekstra med på treningane i det siste, og det viser seg at det sit langt betre no enn mot Fjøra. Noko som sikkert skuldast både motstanden i dag og ikkje minst underlaget, seier Rognsø etter oppgjeret på ei våt og rask kunstgrasbane.

-No går vi inn i ein treningsperiode fram til kampen mot Sogndal om 10 dagar. Den er i utgangspunktet oppført inne i Sognahallen, men vi håpar sjølvsagt at den blir spelt ute. Men på denne årstida er det umogleg å vite, seier Rognsø og såg snøbygene ri forbi Hafstadparken i perioder. Faktisk var snøbygene så lokale at treningskampen mellom Dale og Bremanger som skulle bli spelt på Naustdal stadion, berre 12 kilometer unna, måtte bli flytta til bane 2 i Hafstadparken.

Kjem meir

-Vi skal vere glade for at vi fekk gjennomført denne økta. Og spelarane skal ha ros. Her var det mykje bra. Einaste vi slit litt med i dag er å komme gjennom når vi spelar i etablert angrep. Men så er jo dette kanskje noko av det vanskelegaste i fotball også, smiler Rognsø etter 6-0 i treningskampen mot Florø.

Førde 2 skulle også ha spelt treningskamp i dag, men denne vart avlyst då Studentspretten ikkje kunne stille lag.

Vi kjem tilbake med bildeserie og fakta frå årets første kamp på heimebane litt seinare.

På bilde ser vi Sander Aamelfot sette inn årets første mål på heimebane.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

SAMLAR DEI BESTE SPELARANE I SUNNFJORD

Sjekk dette bildet! Dette er dei beste jentespelarane i Sunnfjord samla på Akademitrening i Førde. –Vi er opptekne av at nivået på jentefotballen skal bli betre, seier Bjørn André Storøy.

Torsdag kveld var 22 av dei beste jentespelarane fødde i 2008 og 2009 samla til trening i Hafstadparken. Dette er spelarar frå klubbane Askvoll/Holmedal, Gaular, Dale, Jølster, Eikefjord og Førde il Fotball.

– Vi gjekk også ut med tilbod til klubbane Florø, Tambarskjelvar, Høyang og Svelgen, men så langt har vi ikkje fått med spelarar frå desse klubbane, seier Storøy som har hovudansvaret for initiativet som har Førde har teke.

Lært av Sogndal

-Vi har hatt kontakt med Sogndal FK Damer om dette akademiopplegget, og byggjer ein del på deira erfaringar. No håpar vi at dei andre klubbane rundt oss også hentar inspirasjon frå oss og tek dette med til sine klubbar, seier Storøy som saman med Geir Fonn, Charlotte Skuggen og Ottar Klopstad gjennomførar treningane.

-Vi har fått ein kjemperespons frå klubbane rundt oss,. Vi hadde i utgangspunktet tenkt oss 16 til 20 spelarar, men no er vi oppe i 24 totalt. Dette er ein gjeng utruleg positive og engasjerte spelarar, og no håpar vi at dei tek med seg desse opplevingane tilbake til sitt miljø. På same måte håpar vi at både klubbtrenarar og foreldre dukkar opp på samlingane i Førde, og hentar inspirasjon frå oss. På den måten kan vi alle vere med på å heve kvaliteten på jentefotballen i området, seier Storøy etter endt akademitrening i Hafstadparken.

Ting på gang

-Vi har treningar på torsdagar i Hafstadparken, og det er planlagt ein treningskamp mot Sogndal sitt akademi i midten av mars i Skei storhall. Dessutan jobbar vi også med andre tiltak som endå ikkje er heilt fastlagt. Men det kjem vi tilbake til, ler Storøy og ser nøgde spelarar rusle av bana i Hafstadparken.

På bildet ser vi spelarane som deltok på akademitreninga torsdag kveld. Bak frå venstre: Bertine Hauge Angedal (Førde), Ida Sætre Øvrebø (Førde), Malin Øren Otternes (Førde), Andrea Løkkebø Lekva (Førde), Laura Menes Standnes (Dale), Lisa Gjervik Bruland (Askvoll/Holmedal), Lilly Gjervik Undertun (Askvoll/Holmedal), Sonja Margrethe Waagene (Askvoll/Holmedal), Amelia M. Sroga (Askvoll/Holmedal), Anna Espeland Øvrebø (Gaular), Emmelie Fosse (Gaular), Ada Halland Eide (Jølster og Emma Felde Førde (Jølster). Framme frå venstre: Matilde Palma Flaten (Førde), Signe Rege Fjermestad (Askvoll/Holmedal), Julie Rivedal Åsnes (Askvoll/Holmedal), Helene Angelica Håøy (Eikefjord), Frida Fraas Øren (Eikefjord), Anna Saltskår Gjervik (Askvoll/Holmedal), Rakel Hestad Båtevik (Gaular), Maria Klakegg (Jølster) og Maria Østenstad Sandal (Jølster). Dessutan er dei to Førde-spelarane Amanda Midtbø og Othilie Thorsen med.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

ER DET EIN NY COLINA ELLER SKJERVEN HER?

Miguel Colina er verdas mest kjende fotballdommar, på samme måte som Tommy Skjerven truleg er Norges mest kjende. No håpar Førde il Fotball at det skal dukke opp eit nytt unikt dommartalent her.

-Eg har mest lyst til å tene pengar! Eg vil gjerne lære meg reglane! Eg har lyst til å lære andre korleis dei skal oppføre seg!

Det var mange forskjellige grunngjevingar frå dei unge deltakarane då Jonas Mossestad onsdag kveld stod ansvarleg for klubbdommar-kurs i Hafstadparken. Han er Førde il Fotball sin mest profilerte dommar for tida, og har gjort kometkarriere dei siste åra trass sin unge alder. Seinast under Miljøhelga til fotballkrinsen rett føre jul vart han kåra til «Årets dommar i Sogn og Fjordane».

Karriere

På klubbdommarkurset deltok eit trettitals unge spelarar frå klubben, og no er håpet at nokre av desse skal ta steget vidare på dommarstigen. Seinast sist helg var også 5-6 unge dommarar frå klubben på rekruttdommarkurs hos fotballkrinsen.

-Eg starta sjølv på denne måten, og fekk raskt mange spennande oppgåver. Sist sesong fekk eg dømme finale på Norway Cup og eg har fått dømme seniorspelarar som er langt eldre enn meg. Og eg skal skrive under på at DETTE er kjekt, fortalde Jonas før han starta opplæringa av reglane til framtidas dommarspirer i klubben.

Bli dommar

No håpar vi verkeleg at nokre av desse tek utfordringa, og startar i det små med å dømme i klubben.

Vi heiar på alle som tek dommarutdanning!

For utan dommarar stoppar fotballen opp!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

ÅRETS FØRSTE TRENINGSKAMP PÅ HEIMEBANE

Førstkomande laurdag spelar Førde årets første treningskamp i Hafstadparken. Dette blir kanskje også den einaste heimekampen før serien startar.

Naboklubben Florø kjem på Førde-besøk på laurdag. Då møtest sunnfjord-rivalane i den første av minst fire kampar i år. Skulle laga også møtest i cupkamp i mai, vil det bli fem møter mellom desse klubbane før vi skriv sommarferie.

Dette er kampane mellom naboklubbane i 2023-sesongen:

18.februar: Klokka 13.30 Førde-Florø, treningskamp i Hafstadparken

18. mars: Klokka 13.30 Florø-Førde, treningskamp på kunstgrasbana i Florø

10.april: Klokka 15.00 Florø-Førde, seriekamp på Florø stadion

16.mai: Klokka 18.00 Førde-Florø, seriekamp på Førde stadion

Eventuell kamp i NM-cupen mai månad.

Skjerpar oss

Medan Florø allereie har spelt tre treningskampar, så har Førde i medio februar berre gjennomført ein. Det var mot Fjøra sist veke, kor mannskapet til Terje Rognsø tapte 2-3 i Sognahallen. Dessutan er det avtalt kamp mot Florø i midten av mars, samt treningskamp mot Tore André Flo og Sogndal tysdag 28.februar.

-På denne tida startar vi så smått kampførebuingane treningar framover mot sesongen. Noko som betyr at vi kjem til å jobbe meir og meir med formasjonar og slikt utover. Derfor er kampen mot Florø på laurdag viktig i så måte, seier Terje Rognsø på onsdagstreninga i Hafstadparken.

Mange med skade

Likevel understrekar den tidlegare Florø-trenaren at han så langt ikkje legg så mykje vekt på resultata i treningskampane.

-Nei, vi hadde i utgangspunktet tenkt å bytte inn mange spelarar i denne kampen. Men grunna mange skader, så vil vi i denne kampen ikkje ha så mange byte. Også fordi Førde 2 rett etter oppgjeret mellom Førde og Florø, skal møte Studentspretten i Hafstadparken. Så dette er eit eineståande høve til å sjå både Førde 1 og Førde 2 i løpet av ein kjapp ettermiddag, seier Rognsø føre kampen mot sine gamle lagkameratar.

Ny Florø-trenar

Florø blir denne sesongen trent av eidaren Dan Jøran Hafsås med Alexander Lekva frå Førde som assistent. Laget frå kystbyen har allereie spelt tre treningskampar med følgjande resultat: Sogndal-Florø 9-0, Florø-Fjøra 2-1 og Florø-Hødd II 2-2.

Så kom i Hafstadparken på laurdag og sjå årets første (og truleg einaste) treningskamp på heimebane!

Vel møtt!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

SPESIALISTAR PÅ 2.OMGANG

-Sist låg vi under 1-2 ved pause og vann 7-3. I dag var det 0-0 ved pause, medan vi vann 4-0 til slutt, seier trenar Johan Pettersen etter J19-laget sin andre kamp i vinterserien.

Tilsynelatande klar Førde-siger i dag altså, men trenar Johan Pettersen er klar på at dei framover må vere noko kvassare i den første omgangen.
-Vi møter ofte lag som legg seg bakpå, og då treng vi kanskje litt tid for å finne opningane. Så dette er flott trening for oss i Vinterserien då vi trur at vi kjem til å få mange slike kampar i serien også når den startar opp, seier J19-trenaren etter kampen mot Stryn i Skei storhall søndag ettermiddag.

Målscorarar
Måla til Førde i 2. omgang i dag var scora av Inga Hoff (2), Dina Sande Søgnen og Anne Gyldenskog Kilnes.
-I dag nytta vi høve til å bruke store delar av spelarstallen. Vi er totalt 26 spelarar, og når vi på torsdag kveld skal møte gutelaget fødd i 2009, så skal dei spelarane som ikkje var på bana i dag i aktivitet. Det er viktig at alle får speletid, seier Johan Pettersen etter 4-0-sigeren.

Rein finale
Etter to kampar leiar Førde vinterserien i J19, og oppgjeret mot Sogndal 12. mars vil difor vere ein rein finale.
-Ja, det blir ein rein seriefinale. Det laget som vinn den kampen er klar for NM-cupen utpå vårparten, seier Førde-trenaren.
På bildet ser vi dagens tropp i storhallen på Skei, og då mønstra trenar Johan Pettersen følgjande spelarar:
Sofie Honningsvåg Aarnes, Lea Oline Aamot Fonn, Linnea Levik Aamot, Dina Sande Søgnen, Johanne Støfring, Anne Gyldenskog Kilnes, Sigrid Welle, Martine Honningsvåg Aarnes, Henrbiette Palma Flaten, Inga Hoff, Sofia Hagen Paulen, Alette Slåtten Ulltang. Kaja Johannessen Skrede, Vilde Sunde SWie, Kaja Ørjansen Lervåg og Viktoria Zablotna.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Terje Norevik

STORMEN STOPPAR IKKJE DESSE

Dettte er eit godt døme på kreativitet: Når stormen ular ute og snøen kjem inn over Hafstadparken på tvers, så legg damelaget treninga like godt til den nye Kletten-tunellen.

Etter min månad med gode treningstilhøve og godt oppmøte, kan hovudtrenar for Førde il Fotball sit damelag, Johan Pettersen, fastslå at det var litt utfordringar torsdag kveld.

Intervallar

-Ja, i dag hadde vi førebudd oss på å spele treningskamp mot gutelaget i Hafstadparken. Men vi forstod raskt at det var bortkasta energi. Så i staden vart det intervallar og teknisk løpstrening i Kletten-tunellen i staden. Ikkje vanskeleg så lenge både spelarane og trenarane i laget var positive til initiativet, fortel Pettersen etter økta i den nye tunellen.

Han konkluderer også med at det er både kjekt og motiverande å involvere seg i klubbens nye motto: Ein del av nok større.

Kamp til helga

No skal J19-laget spele vinterseriekamp i Skei storhall førstkomande søndag. Motstandar då er Stryn. Og det er planlagt ny treningskamp mot gutelaget i Hafstadparken neste torsdag.

-Vi tek dei utfordringane som kjem, og med all den positiviteten som er i gruppa så er dette berre ein fryd, seier hovudtrenaren.

Tekst: Stig Roger Eide