GJEKK FRÅ 1-1 TIL 13-1

Dei to siste åra har denne 2007-årgangen (og nokre 2008-spelarar) vunne omtrent det som dei har stilt opp i, både lokalt og nasjonalt. Tysdag kveld knuste dei Gaular heile 13-1 i årets første kamp i vinterserien.

Førde-trenar Bjørn Totland var sjølvsagt strålande nøgd etter at Førde sitt G16-lag hadde vunne heile 13-1 over Gaular i laga sin første kamp i Vinterserien. I storhallen på Skei vart det i praksis spel mot eit eitt mål, og Totland fekk nytte høve til å la alle spelarane i troppen få mykje speletid.

Spennande

-Dette vart ei god treningsøkt med spel på motstandaren sin banehalvdel, og mange gode offensive takter. Dessutan utruleg flott at så mange fekk speletid i dag, då vi i oppgjeret mot Aalesund i helga stort sett køyrde «eit spissa lag», seier Totland og var spesielt godt nøgd med høgrekanten Miguel Grønli Garfors.

-Han er heilt ny i klubben, og kjem frå Naustdal. I kveld vart han også toppscorar med tre mål, og viser mykje spennande. Skal bli kjekt å følgje han vidare utover vinteren, seier Totland etter kampen.

Kvalik til NM

-Vinterserien gjev oss mange treningskampar, og vi må rekne med at kvaliteten på motstandarane vil variere. I grunnspelet skal vi møte Florø, Sandane, Gaular og Jølster 2. Og så må vi vere klar over at dette er kvalifisering til junior-NM for 16-årslag i 2023-sesngen, seier Førde-trenaren.

Målscorarar i oppgjeret i Skei Storhall var Miguel Grønli Garfors (3), Vegard Lorgen (2), Steffen Vårdal Helle (2), Vegard Otterlei Fløholm (2), Teodor Levik Aamot (2), medan Emil Frøysland og Noah Øren Otternes scora eitt mål kvar.

Førde sin neste kamp i vinterserien går går etter terminlista 7. mars.

Bildet er frå siste kamp i fjor då laget sikra seg KM-tittelen.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

SAMLA 150 UNGDOMMAR

Måndag kveld var 150 unge fotballspelarar i alderen 13 til 16 år samla på Scandic Sunnfjord Hotell. – Målet er å komme ut med nødvendig informasjon, seier Geir Vindheim.

Breiddeansvarleg Geir Vindheim i Førde il Fotball har teke initiativ til å gå nye vegar for å informere spelarar, leiarar, trenarar og foreldre i ungdomsgruppa.

-Første kveld var ein suksess, og vi er svært godt nøgde med frammøtet. Ikkje dårleg å samle om lag 150 unge gutespelarar mellom 13 og 16 år på ein slik kveld, seier Vindheim og kan fortelje at det på onsdag kveld er klart for jentene i den same aldersgruppa.

-Det er noko mindre kull, men vi håpar på rundt 100 jentespelarar i aldersgruppa 13 til 16 år, seier Vindheim etter at kvelden med gjennomgang av forskjellige aktuelle tema var gjennomført.

Tema om kvelden

– Vi har informert om praktiske ting som opptek spelarane i ungdomsgruppa, slik som til dømes seriespel og cupar, til dømes både Norway Cup og Adidas Cup. Dessutan hadde Bjørn Totland ein bolk om spelarutvikling og kva krav du kan møte med tanke på sone- og kretsaktivitet. Dommar Jonas Mossestad freista dei unge til å delta på dommarrekruttkurs i sitt innlegg. Vi treng nemleg heile tida nye dommarar, seier Vindheim som også orienterte om Fair Play-satsinga til klubben, Eirik Flatjord tok for seg temaet trening og restitusjon, medan dagleg leiar Per Øyvind Storevik orienterte om våre viktige samarbeidspartnerar.

Nye vegar

-Når spelarane deltek på slike kveldar, så inviterer vi også trenarar og lagleiarar for desse ungdommane. I neste veke skal vi også invitere foreldrene til dei same aldersgruppene til ein tilsvarande gjennomgang. Vi håpar at med å samle til foreldremøte, så kan vi komme ut med lik informasjon til alle, seier Vindheim etter den første ungdomskvelden for Førde il Fotball i 2023.

Allereie onsdag kveld er det altså jentespelarane i aldersgruppa 13 til 16 år som er i fokus, sjølvsagt samann med trenarar og lagleiarar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

ELIAS MED FORNYA TILLIT

Førde-spelaren Elias Grimeland fekk sin landslagsdebut sist haust. No skal ungguten delta på ny landslagssamling for G16.

Venstrebacken Elias Grimeland fekk spele dei siste minutta for Norge sitt G15-landslag mot Sverige i haust. No har han fått fornya tillit på talentsamling til G16-landslaget, og er innkalla til samling i Østfoldhallen i Sarpsborg. Totalt er det innkalla 36 spelarar til Equinor si talentsamling, og det er påfallande at så godt som alle desse spelarane kjem først og fremst frå klubbar i eliteserien og OBOS-ligaen. Dessutan er det to spelarar frå 2. divisjonsklubben Alta, samt fire spelarar frå 3. og 4. divisjon. Dette gjeld klubbane Førde, Stathelle, Storm og Årdal (Julian Lægreid). Gruppa er delt inn i ei landslagsgruppe og ei skyggelandslagsgruppe. Dei to spelarane frå Sogn og Fjordane er begge med i skyggelandslagsgruppa.

Landslagstrenar for G16 er Bjørn «Bummen» Johansen, og ansvarleg for skyggelandslaget er Jan Tore Jåstad.

Samlinga i Østfoldhallen vil bli avvikla i perioden 30. januar til fredag 3. februar. Prestasjonane på denne samlinga vil også danne grunnlag for neste landslagsuttak.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

JIPPI, DET BLIR KAMP 16. MAI

No er det klart. 16. mai blir det kamp mellom Førde og Florø på Førde stadion. – Dette er kort og godt fantastisk, seier Per Øyvind Storevik.

Det har vore hektisk aktivitet mellom fotballforbundet og dei to sunnfjordklubbane etter at det vart kjent at framlegget til terminliste for 2023-sesongen hadde glippa med tanke på tradisjonskampen mellom Førde og Florø på 16. mai. Fredag morgon kom derimot meldinga om at no er det klart, og at alle involverte partar har akseptert løysinga.

Blir kamp

-Dette er kort og godt fantastisk. Klubbane Florø og HamKam 2 har gått med på å flytte sin planlagte kamp i midten av mai til 21. mai, og dermed er det rom for at vi har fått flytta haustkampen mellom Førde og Florø til 16. mai. Denne kampen skulle eigentleg ha blitt spelt på Førde stadion 12. august, men går no i staden på fotballens festdag, strålar Førde il Fotball sin daglege leiar.

Dette betyr at det blir to kampar mot Florø tidleg på 2023-sesongen. Laga skal nemleg også møtest i kystbyen i 1. serierunde.

Gull verdt

-Vi får ein kjempefin start på sesongen. Desse lokaloppgjera mellom sunnfjordbyane er gull verdt for oss, og viser i klartekst kva lokalfotballen har for betydning. No kan vi allereie starte førebuingane til 16. mai-kampen mot Florø. Det er ein kamp som samlar mest sannsynleg godt over 1000 tilskodarar på Førde stadion, seier Storevik og viser samstundes til at flyttinga av haustkampen mot Florø betyr at spelarane får ei veke ekstra sommarferie.

-Dette er vinn-vinn for oss. Og vi er svært glade for at klubbane HamKam og Florø har vist så stor velvilje for å få dette på plass. Det betyr at tradisjonen med fotballkamp mellom sunnfjordbyane på fotballens nasjonaldag lever i best velgåande. Og vi skal gjere alt som er mogleg for at dette skal bli ein festkveld, seier Storevik.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

SANDER TRENAR MED ELITESERIEKLUBB

-Dette er ein avtale som er gjort med Aalesund-trenar Lars Arne Nilsen. No får Sander kjennskap til korleis det er å vere profesjonell fotballspelar i ei heil veke, seier Terje Rognsø.

Denne veka skal Førde sin høgrekant, Sander Aamelfot, trene med eliteserieklubben Aalesund. Dette er ein avtale som er gjort mellom Aafk-trenar Lars Arne Nilsen og Førde-trenar Terje Rognsø, og desse to trenarane har diskutert temaet ved fleire høve.

-Det er eit godt tidspunkt for at Sander får høve til å teste ut dette no. Vi er akkurat i oppkøyringa, og ei tøff treningsveke i Aalesund no kan vere positivt. Så får vi sjå korleis det endar opp når veka er over. Eg er iallfall sikker på at Sander kjem til å lære mykje i løpet av denne veka, seier Terje Rognsø og vil ikkje ha nokre tankar på noverande tidspunkt om ein eventuell overgang til eliteserieklubben på Sunnmøre

-Nei, du veit jo sjølv at Sander hadde store skadeproblem sist sesong, men markerte seg likevel godt medmange mål og mange målgjevande. Så no får han testa seg ut på eit høgare nivå. Det er utelukkande positivt, seier Rognsø om spelaren som har kontrakt med Førde.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

NO ER HAN TILBAKE I KLUBBEN

-Eg har sagt ja til å hjelpe til i ein overgangsperiode, kan tidlegare Førde-trenar Knut Erik Folland fastslå etter at han vart presentert på spelarmøte i Hafstadparken måndag kveld.

Knut Erik Folland har i ei årrekkje vore både spelar og trenar i Førde il Fotball, men sidan 2016-sesongen har han ikkje vore involvert i fotballen. Men no har han altså sagt ja til å assistere Terje Rognsø i tida som kjem.

Tida inne no

-Ja, eg har funne ut at tida kan vere moden for det. Eg var i Førde ut 2014-sesongen, og hadde deretter trenarjobb i Vard Haugesund i 2015. Men etter at eg assisterte Terje Rognsø i Florø i 2016, så har det blitt lite fotball på meg. Men no er tida inne, seier Knut Erik Folland som til dagleg i det sivile er einingsleiar for legetenesta i Sunnfjord kommune.

-Eg kjenner at eg har lyst til å bidra litt i ein overgangsperiode. Etter at Elias Øvretveit Larsen reiste til Aalesund FK har dette blitt aktualisert meir og meir, og no kjenner eg at eg ser fram til å vere på feltet igjen, seier Knut Erik som i utgangspunktet skal leie treninga med førstegruppa på måndagar.

I gruppa

-Så har det det vore snakk om nokre laurdagstreningar, og kanskje nokre kampar. Vi får sjå korleis det utviklar seg utover. Men eg gleder meg verkeleg til jobbe med Terje igjen. Det skal bli kjekt, seier Folland.

Dette betyr at treningsgruppe 1 i 2023 vil vere: Terje Rognsø, Knut Erik Folland, Eirik Flatjord og Per Øyvind Storevik. Treningsgruppe 2 vil vere: Bjørn Totland, Benny Rivedal, Ørjan Vikum og Knut S. Løseth.

Bildet er frå Knut Erik Folland sin siste heimekamp som trenar i Førde hausten 2014. No er han tilbake.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

NO REISER HAN FRÅ FØRDE

Eliteserieklubben Aalesund FK har kasta sine auge på Førde-trenar Elias Øvretveit Larsen. Allereie på

torsdag er han på si første trening hos tangotrøyene på Sunnmøre.

-Ja, når eg først fekk tilbod om å jobbe på heiltid med fotball, så var ikkje valet så vanskeleg. Men

som eg sa til Førde-spelarane på tysdag, at viss det var følelsane som skulle avgjere, så hadde eg blitt

i Førde. Men dette var eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, seier Elias Øvretveit Larsen som har brukt

dei siste dagane til å ta avgjerda.

Kjende profilar

– Ja, då eg fekk telefonen frå Per Gidlund i Aafk tenkte eg at dette var ein sjanse eg burde ta. Eg har

alltid hatt eit mål om å jobbe med fotball på heiltid, og no kunne eg få jobbe saman med mange

dyktige fotballtrenarar, seier Elias Øvretveit Larsen som no vil få plass i samme kontorlandsskap som

profilerte trenarar som til dømes Tor Hogne Aarøy, Amund Skiri og Lars Arvid Nilsen på Color Line

stadion.

-Jobben min vil vere delt mellom G17-laget til klubben og det nyoppretta «Sunnmørsakademiet». I

akademiet skal eg jobbe saman med sportsleg leiar Fredrik Carlsen og trenarutviklar Reidar Vågenes.

Der er målet å bidra til auka kvalitet i barne- og ungdomsfotballen på Sunnmøre. I mine auge ein

svært spennande jobb, seier Elias som har spelt med heilt opne kort om denne prosessen med Førde

il Fotball.

Godt samarbeid

-Ja, dette har eg diskutert med Terje Rognsø mange gonger, og vi har hatt samtalar med styret. Vi har

dessutan prøvd å legge ein ny kabal med tanke på framtida for Førde il Fotball. Ikkje minst har det

vore viktig å få opp i dagen kva arbeidsoppgåver som må ivaretakast i klubben, fortel Elias Øvretveit

Larsen som torsdag 5.. januar signererte kontrakt med Aafk, og hans første trening på Sunnmøre er venta å

vere ein av dei første dagane.

-Eg kunne kort og godt ikkje la denne sjansen til å jobbe med fotball på heiltid gå frå meg. Det er

noko også Terje Rognsø har støtta meg 100 prosent på. Førde il Fotball har heile tida vist forståing for

dette. Eg ser at det blir skapt utfordringar i klubben, men eg føler meg trygg på at dette er noko som

vil bli løyst på ein god måte, seier Øvretveit Larsen overfor Førdepatrioten.

Følelsar

-Eg har hatt gode dagar i Førde-fotballen og har lært mykje. Og kanskje eg ein gong vender tilbake.

Uansett skal eg følgje med klubben tett framover, seier Elias emosjonelt og prøvar ikkje å skjule at

det er sterke følelsar når han reiser.

-Men eg kan ikkje la følelsane mine styre dette. Målet er å jobbe med fotball i 100 prosent stilling. No

har eg endeleg fått sjansen, seier han og takkar for samarbeidet.

Førde il Fotball takkar for eit svært god samarbeid gjennom fleire år, og ønsker lykke til, Elias!!

Bildet er teke under romjulsturneringa i Førdehuset då Elias var kaptein på det vinnande laget, og alle spelte i Bodø/Glimt-drakter.

Tekst og foto: Stig Roger Eide