Yrande folkeliv i Hafstadparken

Publisert 19.02.2025 av Helge Bjørke

Del via

Tysdag 18. februar var årets fyrste trening for Åsen & Øvrelid Fotballakademi i gang.

Kvart år arrangerer Førde IL Fotball akademi for spelarar i alderen 9 til 12 år. Vi arrangerer eit akademi i februar til april, og eit frå oktober til desember. I vår er det rekordpåmelding med over 125 utøvarar. Tysdag var over 80 spelarar frå klubbane Tambarskjelvar, Gaular, Jølster og Førde på fyrste av totalt 15 treningar.

Åsen & Øvrelid er eit akademi for gutar og jenter som er fødd frå 2016 til 2013. Akademiet er mynta på dei som elskar fotball, og ynskjer noko ekstra i kvardagen. Tilbudet går også ut til våre naboklubbar.

På øktene setter vi fokus på fart i det vi gjer. Vi spelar masse, har skåringstrening, jobbar med teknikk og pasningar og mykje 1vs.1. Vi har også sekvensar med styrketrening lagt inn i våre treningar, og vi legger til rette for keepertrening. Akademiet skal vera ein fin arena for ekstra påfyll i fotballkvardagen for dei som deltar.

Unge trenarar

Fotballakademiet er ikkje berre ein arena for spelarutvikling. Vårt mål er å sette nye unge trenarar inn på øktene, for også å driva trenarutvikling. I år er det ni unge trenarar som har meldt seg til tjeneste. Nokre har vore med før, og nokre er ferske trenarar. Saman med rutinerte foreldretrenarar er akademiet ein god arena for dei unge trenarane.

Bli med du også

Sjølv om fyrste trening har vore, er det ikkje for seint å melde seg på. Vi har treningar mandag 17:30 – 19:00 og onsdag 17:30 – 19:00. Påmeldingen finner du her:  https://fotball.fordeidrettslag.no/next/events/p/1000122471/asen-and-ovrelid-fotballakademi 

Relatert