Vil du vera ein del av noko større?

Publisert 13.11.2024 av Helge Bjørke

Del via

Vi håpar å sjå deg i Hafstadparken torsdag 28. november klokka 18:45.

Vår visjon henvender seg til deg som er nysgjerrig på fotballaktiviteten i Førde. Vi håpar å sjå deg som kunne tenkt deg ei trenarrolle eller ei klubbrolle. Vi vil presentere klubben, vår organisering og aktivitet, slik at du kan vurdere om noko av dei rollene vi vil fylle kan passa deg.

Inn mot 2025 skal vi fylle rollar som trenarveiledar, trenar til akademi og spelarutviklingsdag, trenar til lag og dommaransvarleg, for å nevne nokre. Har du erfaring som trenar eller dommar, er dette møtet for deg. Har du ikkje erfaring, men har interessa for fotballaktiviteten, er dette møtet også for deg.

Vi vil støtte alle som tar på seg ei rolle i klubben. Det gjer vi gjennom tilbud om kurs, gjennom styringsdokument og oppfølging.

Førde IL Fotball er avhengig av frivilligheten. Kanskje er du akkurat den vi leitar etter?

Kom i Hafstadparken torsdag 28. november klokka 18:45.

Påmelding gjøres ved å klikke her.

Relatert