Vil avslutte vårsesongen i kretsligaen med stil
Førde 2 har gjennomført ein god vårsesong i kretsligaen, og sjølv etter førre helgs 3-1 tap heime mot Måløy ligg laget på ein flott 5 plass. Kampen mot Måløy søndag var ikkje representativt for korleis Førde 2 har stått fram tidlegare i sesongen. Her møtte dei eit Måløy lag som ville meir i alle spelets…
Førde 2 har gjennomført ein god vårsesong i kretsligaen, og sjølv etter førre helgs 3-1 tap heime mot Måløy ligg laget på ein flott 5 plass. Kampen mot Måløy søndag var ikkje representativt for korleis Førde 2 har stått fram tidlegare i sesongen. Her møtte dei eit Måløy lag som ville meir i alle spelets faser, og då blir det vanskeleg når Førde i tillegg mangla nødvendig preisisjon. Måløy viser og at dei er mykje betre enn tabellsituasjonen tilsa, og vil plukke meir poeng ut over sesongen. Det kan også nemnast at Førde 2 har hatt ein vårsesong med overvekt av bortekampar. Inkludert Årdal har det vært 7 av 11 kampar borte, så det kan bli mykje moro i Hafstadparken til hausten med sju heimekampar.
-Ynskje å avslutte med stil
Torsdag kveld reiser gjengen til Årdal for avslutte vårsesongen. I motsetning til kampen mot Måløy er det no Årdal som er store favoritter. Førde 2 gjengen er klar til å gje Årdal kamp om poenga, og vil revansjere tapet mot Måløy. Årdal og Fjøra er laga som kjempar om opprykk og er klart betre enn dei andre over tid, men i enkeltkampar kan alt skje. Førde 2 er iallefall klare til å ofre alt for tre poeng.