Vi ynskjer russen velkommen på kamp!
Vi vil sjå flest mogeleg på kamp i helga og komande veka, i Hafstadparken og på Førde stadion.

Førde IL Fotball håpar flest mogeleg russ tar turen til Hafstadparken og Førde stadion fram mot 17. mai. Fredag spelar andrelaget på damesida kamp mot Måløy, søndag spelar a-lag herrer mot Åsane 2, mandag spelar Førde 2 mot Florø i Kretsligaen og torsdag 15. mai tar a-lag damer i mot Fyllingsdalen 2.
På alle kampar kjem russen gratis inn. Vi håpar dykk kjem og skapar gode rammer på våre kampar.
Fortsetter poengfangsten på Førde stadion?
Søndag tar a-lag herrer i mot Åsane 2. Eit lag som slit i botn av tabellen. Førde på si side har fortsatt sin forrykande start, med 13 av 15 poeng. Sjølv om resultata til bortelaget ikkje skremmer nokon, veit vi at Åsane er eit fintspelande og godt fotballag. Søndagens oppgjer på graset blir viktig for å henga med i kampen om tabelltoppen.
Forrige heimekamp var ein skuffelse for oss Førdepatriotar, der Lyngbø fekk kjempa til seg eit poeng. Herrelaget er med andre ord revansjesugne og klar for å gjera Førde stadion til eit fort. Rammene rundt er viktige, og vi håpar felst mogeleg tar turen til stadion. Avspark er 15:00 søndag 11. mai.
16. mai-kamp den 15. mai.
Damelaget sin opprinnelige kamp mot FK Fyllingsdalen 2 laurdag 10. mai er flytta til torsdag 15. mai. Vi får med andre ord eit 16. mai-oppgjer den 15. mai i Hafstadparken. Førdejentene er klare for å snu skuta og fortsetta poengfangsten frå starten av sesongen.
FKF 2 starta sesongen med å slå Bjarg 3-1 på bortebane. I andre kampen for sesongen tapte dei 5-2 mot Os. Førde står med seks poeng etter fire kampar. Alle poenga laget har tatt til no, er tatt i Hafstadparken. Etter to tøffe bortekampar, håpar no jentene på at nye tre poeng blir i Førde. Avspark er 19.30.
2. og 3.laga i gang
På mandag sesongåpna Førde 2 kvinner borte mot Eid. Kampen enda 1-1, etter scoring av Dina Sande Søgnen. Vårt andrelag er ein viktig arena for spelarar som jagar startplass på fyrstelaget og for dei som ynskjer å spela fotball utover ungdomsfotballen. At vi har to lag på seniorsida er veldig gledelig for klubben.
På fredag tar damene i mot Måløy, som vann serien i fjor. Til no i år har dei spelt to kampar, ein mot Sogndal damer 2 og ein kamp mot Stryn. Det har enda med ein seier og eit tap. Vi forventar ein god kamp fredag, der publikum kan vera med å bikka kampen i vår favør.
Førde 2 og Førde 3 herrer er også godt i gang med fotballsesongen. Førde 2 har spelt mot Jølster, Årdal og Bremanger. Det har resultert i fira poeng. 12. mai står Florø på andre banehalvdelen, ein kamp det luktar svidd av. Førde er klare for eit spennande oppgjer der vi håpar på ei god ramme med mykje folk i Hafstadparken.
Førde 3 har spelt borte mot Måløy og heima mot Lærdal. Mandag 12. mai spelar dei borte mot Syril.
Bli med, med eller utan russebukse!
Vi håpar russen, Førdepatriotane og alle dykk andre i og rundt Førde blir å sjå i Hafstadparken og på Førde stadion i helga og komande veka.