VI VART HARDT STRAFFA

Publisert 19.05.2022 av Emil Rasmussen

Del via

-VI VART HARDT STRAFFA     Førde er ute av årets NM-cup, etter at Hødd vart for sterke på Førde stadion torsdag kveld. -Det var kort og godt brutalt i 1. omgang. Då scorar Hødd på alle dei fire sjansane dei har, medan vi mislukkast på dei vi har. Så hardt og brutalt kan det…

-VI VART HARDT STRAFFA

 
 

Førde er ute av årets NM-cup, etter at Hødd vart for sterke på Førde stadion torsdag kveld.

-Det var kort og godt brutalt i 1. omgang. Då scorar Hødd på alle dei fire sjansane dei har, medan vi mislukkast på dei vi har. Så hardt og brutalt kan det vere, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter 1-5-tapet mot sunnmøringane.

 

Ute av NM

Og sjølv om det resultatmessig vart langt betre i 2. omgang, med 1-1 i målprotokollen, så må Førde takke for seg i cupen. På same måte som både Florø og Fjøra også måtte gjere det mot Sogndal og Aalesund.

-Ja, dette vart resultatmessig nedtur for dei tre lokale klubbane. Vi kan no ha fokus på serien og ikkje noko anna. Noko vi eigentleg også la til grunn i dag, seier Rognsø og tok ikkje sjansen på å nytte spelarar som Eirik Flatjord, Sander Aamelfot eller Vegard Savland i oppgjeret mot Hødd. Og truleg er dei alle klare til seriekampen mot Volda på bortebane søndag.

 

Serien neste

-Ja, eg håpar dei er klare då. Og dei som kom inn i dag gjer ein god jobb. Spelemessig var det langt betre enn mot Florø, sjølv om vi ikkje fekk utteljing på samme måte som Hødd. Eg trur faktisk ikkje keeperen vår,Fredrik Hanssen, har ei einaste redning i dag. Det fortel eigentleg alt om kor effektive Hødd var, seier Rognsø etter oppgjeret på ei tørr og humpete Førde stadion.

-Det er ikkje lett å spele fotball på ei slik bane, men det er jo samstundes likt for begge lag. Og i dag er det tydeleg at Hødd profiterer på at dei er fysisk sterkare og tøffare enn oss. Men det visste vi jo på førehand. Dei er trass alt eit topplag i 2. divisjon med klare ambisjonar om å rykke opp til OBOS-ligaen. Men eg føler at resultatet lyg litt i dag, sjølv om det sjølvsagt er fortent at Hødd er vidare i NM-cupen, seier Førde-trenaren og ruslar av grasmatta på Førde stadion.

 

 

Kampfakta

1.runde i NM-cupen

FØRDE-HØDD 1-5 (0-4)

250 tilskodarar

Mål:

    1. 3 min Oskar Sira Sivertsen
    2. 11 min Oskar Sira Sivertsen
    3. 30 mon Ola Heltne Nilsen
    4. 35 min Robin Hjelmeseth

1-4 46 min Mathias Sagevik (str)

1-5 86 min Alfred Schriven

Dommar: Sivert Endestad Orheim, Florø

Gult kort: Andreas Årseth , Førde

Førde sitt lag: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Ole Petter Hjelle Larsen, Andreas Årseth, Kim Vik (Andreas Tefre i 45.min), Magne Aarøen (Stefan Aase i 45.min), Mathias Sagevik (Mathias Helgheim i 82.min), Elias Vindheim, Ntege Kone (Lasse Aamelfot i 65.min), Jacob Bergset (Kristian Henrik Lilleaasen i 73.min), Kristian Bell

 

 

Tekst og foto: Stig Roger Eide

 
 

Relatert