Vi søker trenarar i ungdoms- og seniorfotballen
Førde IL Fotball ynskjer fleire trenarar rundt våre lag, ta kontakt om du er interessert.

Førde IL Fotball har om lag 80 lag påmeldt til seriespel. I ungdomsfotballen og seniorfotballen ynskjer vi eksterne trenarar til alle våre lag.
Vi søker hovudtrenarar, assistenttrenarar og keepertrenarar rundt våre lag. Vi søker også trenarar på våre akademi og ekstratilbud. Har du lyst å ta på deg eit trenarverv i 2025, ta kontakt med sportsleg leiar Helge Bjørke eller spelarutviklar Bjørn Totland.
Førde IL Fotball ynskjer trenarar som både rekrutterar, beheld og vidareutviklar fotballspelarar. Det gjer ein best ved å sikre ein god kultur i laget, skapar gode treningar som er tilrettelagt godt for dei som møter på trening.
Oppgave og ansvarsområde
Som trenar har du ansvar for gruppa du trenar. Med det legg vi krav om at du planlegg og gjennomfører trening og kamp for laget.
Vi anbefalar å bruka Tiim.no som verktøy for planlegging av økter. Spelarutviklar er behjelpelig i prosessen. Vi er også i prosess med å laga eige speldokument, der vi har øvelsesbank opp mot ønska spelestil.
Vi som klubb har følgande forventningar til våre trenarar:
- Samspel med lagleiar når det kjem til lagspåmelding og FIKS.
- Orienterer spelarar og foreldre om forventa kultur og rammer for laget.
- Sett deg inn i klubbens sportsplan.
- Planlegg og gjennomfører treningar i tråd med klubbens sportsplan.
- Har forberedt den daglege økta med riktig antall spelarar.
- Gjennomfører kampar i tråd med NFFs og klubbens retningslinjer.
- Følger opp lag og enkeltspelarar gjennom sesongen.
- Samspel med klubbens sportsleg leiar og spelarutviklar gjennom sesongen
- Møter opp 15 minutter før oppstart av trening
- Delta på trenarforum
Vi anbefaler alle trenara å gjera følgande for å vera ein god trenar:
- Sjå alle spelarar.
- Hjelp spelarane gjennom å vera tydelig på og utenfor banen.
- Vær forberedt.
- Møt på trening og kamp med eit smil.
Sportsleg leiar Helge Bjørke, +47 993 53 582 / hb@forde-fotball.no
Spelarutviklar Bjørn Totland, +47 907 71 263 / bjorn@forde-fotball.no