Bli med og skap liv i Hafstadparken

Publisert 11.04.2025 av Helge Bjørke

Del via

– vi treng fleire kioskheltar!

Førde IL Fotball har ein stor aktivitet, med Hafstadparken som vårt hjerte og Førde stadion som heimearena for vårt a-lag herrer. Vi ynskje å skape gode ramme rundt våre arrangementa våre. For å få til dette, treng vi ei blant anna ei kioskgruppe som kan dele på ansvar og drift av kiosken.

Vi ser etter deg som :           

  • Har lyst til å vere med på dugnad i eit godt fellesskap
  • Synest det er kjekt å møte folk og bidra til god stemning
  • Kan bidra til at kiosken blir ein naturleg møteplass under kampane
  • Kan vere med og skape eit triveleg kioskmiljø

Kiosken vår vil ha fleire arenaer:

  • Hafstadparken, der mykje av aktiviteten vår skjer
  • Førde stadion, heimebana til A-lag herre
  • Ei mobil kioskvogn, som vi tek med på ulike arrangement

Som medlem av kioskgruppa får du vere med og påverke kva vi sel, når vi held ope og korleis vi skal engasjere publikum. Du får god opplæring, og vi har retningslinjer som gjer det enkelt å komme i gang.

Vi håpar DU blir med på laget!

Ta kontakt med oss viss du er interessert, har spørsmål eller berre vil slå av ein prat. Kanskje er det akkurat deg vi treng?

Ta kontakt om du er interessert:
Geir Vindheim (+47 481 67 022, etter 16:00 man-fre)
Helge Bjørke (+47 993 53 582)
Per Øyvind Storevik (+47 918 19 543)

Relatert