-VI SKAPTE NOK SJANSAR TIL Å VINNE
Førde tapte 0-2 i Hafstadparken mot Sogndal onsdag kveld. Dermed er cupeventyret over for Førde-juniorane for denne gong. -Vi hadde ein god prestasjon, men slit med å score, seier trenar Bjørn Totland. Om lag 200 tilskodarar fekk sjå ein fartsfylt og intens kamp mellom fylkets to beste juniorlag i Hafstadparken. Sogndal vann til slutt med…
Førde tapte 0-2 i Hafstadparken mot Sogndal onsdag kveld. Dermed er cupeventyret over for Førde-juniorane for denne gong. -Vi hadde ein god prestasjon, men slit med å score, seier trenar Bjørn Totland.
Om lag 200 tilskodarar fekk sjå ein fartsfylt og intens kamp mellom fylkets to beste juniorlag i Hafstadparken. Sogndal vann til slutt med to mål, men det var heimelaget Førde som skapte flest målsjansar.
-Ja, Førde skapar fleire store sjansar og det er kanskje litt flatterande at vi leiar 1-0 til pause. Men vi er godt organiserte, og har vel kanskje det vi kallar ein matchvinnar i keeper Daniel Gjerde Sætren. Han er landslagskeeper, og skapar mykje tryggheit rundt seg, seier Sogndal-trenar Nils Tore Krosshaug som var tilbake i Hafstadparken med eit hardtsatsande juniorlag.
Mykje ungt
-Vi har sjølvsagt utfordringar med at mange av våre spelarar har ei tøff belastning for tida, då dei spelar både OBOS-liga og Norsk Tipping-liga med Sogndal 2. Derfor hadde vi landslagsspelarar som Erik Hovden Flataker og Kristoffer Haukås Steinset ute i dag, samt eit par til. Så vi spelte med sju spelarar som er fødde i 2006, og dei fekk oppleve korleis det er å spele mot fysisk tøffare motstand. Men eg er likevel godt nøgd med det vi presterer, seier Krosshaug etter oppgjeret.
Gode Førde-spelarar
For Førde-trenar Bjørn Totland var det også mange lyspunkt å sjå i dagens oppgjer, kor spelarar som Nikolai Hvidsten, Jonas Frøiland Nistad og Mathias Helgheim utmerka seg.
-Vi skapar nok sjansar til å vinne, og burde ha hatt ein to-tre mål berre i 1. omgang. Og vi dominerer såpass mykje også i 2. omgang at vi burde ha vunne kampen. Spelarane våre er disiplinerte og følgjer dei taktiske planane vi hadde lagt lojalt, og skapte ein langt betre kamp enn då vi tapte 1-5 i Sogndal for ein månads tid sidan, seier Totland og høyrer Sogndal-songen «Stao no pao» runge frå Sogndal-garderoben.
-No er vi ute av NM-cupen, men har fått matcha oss mot spelarar som er inne i OBOS-ligastallen til Sogndal. Mange av våre spelarar er ikkje langt unna, og det bør motivere dei til å trene ekstra, avsluttar Totland.
På bildet ser vi Tobias Holme stoppe Sogndal sin første målscorar, Viljar Stavø.
Vi kjem tilbake med meir tekst og bilde frå kampen om ikkje lenge.
Tekst og foto: Stig Roger Eide