– Vi skal bygga vidare i 2025
Laurdag 18. januar kick-startar vi kampsesongen med treningskamp mot Årdal i Skeihallen.

26. desember sendte hovudtrenaren film til sportsleg leiar om at oppkøyringa var i gang. Fotballsesongen 2025 kan ikkje koma raskt nok for a-lag herrer.
Fjorårssesong starta med eit brak i Bergen i april, med ein sterk bortesiger mot Bjarg. Våren fortsette med mange gode resultat og prestasjonar. Gjennom hausten endra klubben fokus, då vi såg at eit opprykk kunne bli vanskeleg og eit nedrykk langt unna. Fleire unge spelarar fekk speletid og utvikling inn mot fotballsesongen 2025 blei eit hovudmål.
Gjennom hausten og vinteren har vi jobba for å beholde laget som var i 2024. Vegard Gjermundstad fortsetter ikkje i år, og i oktober fekk Vebjørn Høynes jobbtilbud han ikkje kunne sei nei til. Utover det har vi den samme gjengen. Det gjev oss ein tryggheit i vidare arbeid.
– Fotballsesongen 2024 viste kva dette laget er god for, gjennom mange gode prestasjonar. Både enkeltspelarar og lag stod tidleg fram og vi fekk ein veldig god sesong. Ved at vi står med mykje av dei samme spelarane, gir det meg som trenar gode rammer for den oppkøyringa vi står ovanfor no, fortel Lekva.
Hentar referansar og inspirasjon frå Hødd Fotball
I desember var Alexander på studietur til Ulsteinvik. I tre dagar fekk han fotfølgja Marius Lenni Bøe for å få betre kjennskap til korleis han jobba i kvardagen. Som eit viktig element i vårt utviklingsarbeid som klubb, er det å læra av andre utviklingsmiljø viktig. Du kan lese meir om studieturen her.
Ei spennande avdeling
– Vi var spent på avdelingsoppsettet, etter eit år med lag frå Hordaland og Rogaland. Det var mange kjekke kampar, mot god motstand. Fjorårets kampar viste oss at kravet i tredjedivisjon er høgt. Vi må vera på tå hev kvar kamp. Årets avdelingsoppsett gjev oss gjensyn med mange av fjorårets motstandarar, i tillegg til fleire 2.lag. Det er ei spennande, men tøff avdeling, konkluderer Lekva.
I fjor var Bjarg lenge med i kampen om opprykk, der Sandviken til slutt tok steget opp i PostNord-ligaen. Os, Askøy og Djerv 1919 var dei andre laga som havna over Førde på tabellen. I 2025 er Fyllingsdalen og Sandefjord 2 er komen frå ei anna avdeling i NT-ligaen. Gneist, Lygbø, Lyn 2 og Fjøra er ny-opprykka. Vålerenga 2 kjem frå PostNord-ligaen.
Målsetninga til a-lag herrer er å blande seg inn i toppen av Norsk Tipping-ligaen avdeling 4. Dette skal gjerast med unge, lokale spelarar. Laga vi møter er Askøy, Bjarg, Fana, Fjøra, Fyllingsdalen, Gneist, Loddefjord, Lyn 2, Lyngbø, Os, Sandefjord 2, Vålerenga 2 og Åsane 2.
Serieopninga blir borte mot Fjøra. Eit oppgjer vi er favorittar i og gler oss til. Det var synd for lokalfotballen at både Florø og Årdal rykka ned frå Norsk Tipping-ligaen i 2024. Vi er veldig glade for å få Fjøra opp og håpar begge lag bit godt frå seg den komande sesongen.
Oppkøyringa
Laurdag 18. januar kick-startar vi kampsesongen med treningskamp mot Årdal i Skeihallen. Vidare skal vi spele mot Fjøra 1. februar i sognehallen og Åsane 2 15. februar i Bergen.
I mars startar vi på vegen mot Ullevaal. Fyrste hinder blir bortekamp mot Volda i 1. kvalifiseringsrunde. Dato og tidspunkt vil koma, kampen skal spelast innan 16. mars.