VI HADDE NI – NO ER DET SJU IGJEN

Publisert 03.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Førde-laga held fram med å imponere i Norway Cup. I dag var første dag av A-sluttspelet, og framleis er det sju av våre lag som er med til dei neste rundane. Årets Norway Cup har vore ein formidabel suksess sett med Førde-briller. Etter gruppespelet dei tre første dagane kom alle laga våre gjennom det første…

Førde-laga held fram med å imponere i Norway Cup. I dag var første dag av A-sluttspelet, og framleis er det sju av våre lag som er med til dei neste rundane.

Årets Norway Cup har vore ein formidabel suksess sett med Førde-briller. Etter gruppespelet dei tre første dagane kom alle laga våre gjennom det første nålauget, og kvalifiserte seg til A-sluttspelet. Og etter cupkampane i dag, var det berre to av laga som måtte takke for seg. Og det etter minst mogleg margin: Gutelaget med 14-åringar tapte 1-2 mot Åkra, og det på regelen om «golden goal». Noko som betyr at det laget som scora først i ekstraomgangane vinn kampen.

Deretter måtte sjuarlaget til 13/14-jentene takke for seg etter å ha tapt 0-1 mot samarbeidsklubben LIL/MSIL/FIL frå Sunnmøre etter at dei først hadde slått Ål 4-1 i den første sluttspelskampen tidleg i dag.

Desse er vidare

Alle dei andre laga har derimot gått vidare, så torsdag blir nok ein spennande og innhaldsrik finaledag på Ekebergsletta. For sjå berre korleis våre lag har gjort det i dag:

Det starta med G15-laget som feide all tvil til sides mot Lamberseter som kjem frå nabogrenda til Ekebergsletta. Førde vann 4-0 etter scoringar av Daniel Gjelsvik, Thomas Sunde, Sander Lekva og Aron Okbandrias, og skal i 1/16-delsfinalen møte bergensklubben Loddefjord.

16-åringane til klubben feide på si side all tvil til sides i sjuarkampen mot Tromsø. Førde vann heile 7-2 i den første finalekampen i dag, og deretter imponerte dei like mykje med ein knallsterk 5-1-siger mot sogneklubben Jotun. Dermed er det kvartfinale på desse gutane i morgon, og då er det brasiliansk motstand i klubben B3 Academy.

Dessutan vann 13/14-årslaget begge sine sluttspelkampar i dag, først 4-1 mot Ål og deretter 1-0 mot Skåla frå Molde. Dermed er dei klare for kvartfinale på torsdag, og då mot Aksla frå Ålesund.

Sju igjen

Og for å komplettere dagens Førde-suksess så tok 15/16-åringane blant jentene sigeren mot Hardhaus med 1-0 onsdag kveld. Dei er dermed også klare for kvartfinale torsdag morgon, og møter då anten Blindheim eller Høle.

Dessutan har vi både Jente 14, G17-årslaget for gutar og J15-laget klare for finalar på torsdag. Her møter det yngste jentelaget islandske Throttur, medan G17-laget skal opp mot anten Hødd eller Hammerfest. Og for dei 15 år gamle jentene blir det lokaloppgjer mot Sogndal.

Derfor kan vi seie som i barneregla:

Vi hadde så mange: NI

No har vi så mange igjen: SJU

Følg med, følg med. Desse Førde-laga er klare for å skape enda meir fotballglede.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Diverse lagleiarar og foreldre i Oslo.

Relatert