VI ER SUVERENT BEST
Dette bildet av glade Førde-spelarar kan stå som eit symbol på det som skjedde i helga. Då herja Førde-laga i kvalifiseringa til KM-innandørs, og heile 18 lag frå vår klubb er klare for finalehelga tidleg i mars. Innandørsfotball er svært populært, og etter helgas kvalifiseringsturneringar rundt omkring i fylket fekk totalt 104 lag av 176…
Dette bildet av glade Førde-spelarar kan stå som eit symbol på det som skjedde i helga. Då herja Førde-laga i kvalifiseringa til KM-innandørs, og heile 18 lag frå vår klubb er klare for finalehelga tidleg i mars.
Innandørsfotball er svært populært, og etter helgas kvalifiseringsturneringar rundt omkring i fylket fekk totalt 104 lag av 176 deltakar-lag klarsignal til finalehelga på Sandane. Og med tanke på at nesten 20 prosent av desse laga kjem frå Førde, må vi trygt kunne seie at vi er suverene.
Og hadde vi stilt med lag i G19-klassa, så hadde vi mest sannsynleg fått med enda fleire lag. Men desse juniorane har andre og viktigare oppgåver føre seg, og har ikkje prioritert futsal-sesongen denne sesongen.
Dette er laga til Førde som skal delta på finalehelga i Trivselshallen på Sandane 4. og 5. mars:
Jenter 13 år: 2 lag
Gutar 13 år: 2 lag
Jenter 14 år: 1 lag
Gutar 14 år: 2 lag
Jenter 15 år: 2 lag
Gutar 15 år: 2 lag
Jenter 16 år: 2 lag
Gutar 16 år: 3 lag
Jenter 19 år: 2 lag
Klubben gratulerer med strålande innsats og flott oppførsel i kvalifiseringsturneringane. Lukke til når finalekampane tek til.
Tekst og foto: Stig Roger Eide