Vi er re-sertifisert som NFF Kvalitetsklubb

Publisert 20.02.2025 av Helge Bjørke

Del via

12. februar godkjente NFF Sogn og Fjordane Førde IL Fotball for to nye år.

I april 2016 sertifiserte NFF Sogn og Fjordane Førde IL Fotball som NFF Kvalitetsklubb. Eit stempel på at klubben tilfredsstiller kriterier satt av Norges Fotballforbund på kva som er viktig å ha på plass i ein klubb for å driva ein trygg og god aktivitet.

Dommar i fokus

I vinter har vi, saman med fotballkretsen, gjennomgått ein prosess for å bli re-sertifisert. Vi har sett på kvart enkelt kriterie, og svart ut status på det arbeidet vi gjer. Vi blir godkjent på det teoretiske rammeverket vi har og veileda på det praktiske arbeidet som blir levert. Vi ser at vi gjer mykje bra i vår klubb, og skapar ein trygg og god aktivitet for mange. Framover har vi satt oss som mål å forbetra dommararbeidet vårt.

Det er eit stort behov for dommarar i klubben. Vi har rekruttert inn Jonas Sande Mossestad som dommaransvarleg, og det er satt opp eit rekrutteringsdommarkurs i mars. Vi er med andre ord allerede godt i gang. No handlar det om å få rekruttert dommarar, legga til rette for og skapa eit godt dommarmiljø og sikra ei fin utvikling på dommarsida i klubben. Vi alle, både foreldre, spelarar, trenarar og klubb har eit felles ansvar her.

Les også: Bli med på dommarkurs!

Forenkle og forbetre klubbkvardagen

Målet til NFF innan klubbutvikling, er å forenkle og forbetre kvardagen til klubb og medlemmar. Gjennom tydlege styringsverktøy får ein ramme å driva etter. Etter 2016 har vi som klubb javnlig blitt fulgt opp av fotballkretsen. Både i 2017, 2020, 2021 og i 2025 har vi levert besvarelsar for å visa at vi er i tråd med forventa standard. Den oppfølginga gjev både fotballkrets og klubb moglegheit til å sjå på arbeidet vi gjer i dag og vidareutvikla klubben. Det er områda aktivitet, organisasjon, kompetanse og samfunns- og verdiarbeid NFF Kvalitetsklubb tar føre seg. Under der er det kriteriar knytta til rekruttering, styringsverktøy, politiattestordning, Fair play for å nevne nokre. Alle punkta har som hensikt å skapa ein trygg og god aktivitet. Les meir om NFF Kvalitetsklubb her.

Ein stolt kvalitetsklubb

Vi som klubb er glade for at vi er sertifisert NFF Kvalitetsklubb. Det gjev oss tryggheit i kvardagen. Vi veit at vi har rammeverk som styrar oss og styringsverktøy som seier korleis denna klubben skal vera. Førde som sertifisert klubb kan sei høgt til våre medlemmar, sponsorar og andre at vi jobbar kvar dag for å skapa ein trygg og god aktivitet. Vi kan sei at vi har føringar frå NFF og gjennomgår status kvart år internt for å sikre at vi er i tråd med kriteria. Det styrkar klubben og omgivelsane våre.

Relatert