Velkommen til kick-off 2025
Torsdag 3. april klokka 19:00 håpar vi i Førde IL Fotball og Sparebank 1 Sogn og Fjordane å sjå deg på Scandic Sunnfjord.

Fotballsesongen 2025 står ved dørene, og vi håpar du blir med og sparkar den nye sesongen i gang saman med oss. Temaet for avsparket er kultur og lagsbygging. Vi ynskjer leiarar, trenarar, kontaktpersonar/lagleiarar, foreldre og spelarar frå heile Sunnfjord velkommen, dette er eit kick-off for regionen vår.
Tidspunkt: Torsdag 3. april klokka 19:00
Stad: Scandic Sunnfjord, Sunnfjordsalen
Påmelding finner du, ved å klikke her! Påmeldingsfristen mandag 24. mars.
Knut Skeie Solberg kjem, kjem du?
På programmet vil dei nye verdiane til Førde IL Fotball bli presentert. Vi vil snakka om kva dei betyr og kvifor dei er viktige for vår fotballsesongen. Vi har også Knut Skeie Solberg på programmet. Han er journalist, foredragsholdar og rådgjevar. I følge hans eigne sider brenn han for kommunikasjonen og samarbeidet som skaper kulturen som varer. I Førde 3. april vil han snakka om kultur og lagsbygging. Dette vil vera skreddarsydd for fotballaktiviteten og lagsdrifta i våre klubbar. Eit fordrag vi gler oss veldig til.
Programmet handlar vidare om klubbdrift og sportsleg aktivitet. Målet er å gje forståelse av klubbaktiviteten i Førde, inspirera til god lagsaktivitet og setta fokuset på flest mogleg, lengst mogleg og best mogleg inn mot 2025-sesongen.
Vi håpar å sjå DEG torsdag 3. april i Førde.
