Vann Norway cup
J16 sikra gull etter 3-2 siger over Kvaløya SK.

J16 vann over Kvaløya SK 3-2 i fredagens finale i J15-16 7er. Førdejentene avslutta med det ei god veke perfekt.
Til Firda uttalar Rasmus Faleide, som er trenar for jentene, at det både er pur glede og lettelse å vinne finalen. Jentene fekk ein god start på kampen, og gjekk til pause med 3-1. I andre omgang snudde kampbildet, men Førde beholdt leiinga heilt inn, tross redusering. Forsvarsarbeidet i andre omgang var svært heroisk fortel Rasmus.
Jentene er det fyrste jentelaget frå Førde som har vune Norway cup.
Ei perfekt avslutning
Som vi har skreve om gjennom veka, har dette vore ei god veke for Førde IL Fotball både på og utanfor bana. Å avslutta med ein siger i finalen for eit av våre lag, er den perfekte avslutninga. Vi vinn både på og utanfor bana, med gode sosiale rammer og mange flotte prestajonar. Det at vi har vår eigen “camp” på Quality hotel Expo gir eit godt utgangspunkt for det som skal vera ei sommarturnering med fokus på lag, sosialisering og fotballglede. At vi er over 250 Førdianarar på ein plass er kjekt.

Vi gratulerer alle involverte med ein flott innsats, på og utanfor bana, gjennom heile Norway cup. Vi gratulerer spesielt alle på og rundt J16 som tok gull. No gler vi oss til ein flott haustsesong med nye mogelegheiter for gode prestasjonar og mykje fotballglede.
