Utdanning i fokus
Vi vil at våre trenarar og leiarar tar trenar- og leiarkurs for å skapa ein trygg og god aktivitet.

Førde IL Fotball har fokus på utdanning. Vi ynskjer at alle våre trenarar, på alle lag, skal kurse seg. Vil vi gje trenarar kompetansen som skal til for å ivareta våre spelarar på best mogleg måte.
Gjennom året så tilbyr vi våre trenarar heile grasrottrenar-utdanninga (delkurs 1-4). I tillegg så vil vi oppfordre og trenarar og andre ressursar til å ta høgare utdanning, som UEFA A og B. Vi har og trenarar som vi ynskjer skal ta trenarveildeningskurs, og leiarar i klubben som tek leiarkurs via NFF.

Grasrottrenar Del 1 i neste veka
Første kurset vi startar opp med er grasrottrenar del 1. Dette kurset tek for seg oppstarten av barnefotballen 6-8 år. På kurset får du nyttig info om korleis ein held god aktivitet for dei aller ferskaste. Du får og vite masse om korleis ting skal vere i klubben vår. Kurset er obligatorisk for alle som er trenarar i barnefotballen, og ein må ha delkurs 1 for å kunne ta andre delar av grasrotkurset.
Kurset består av e-læring, samt to kveldsøkter med teori og praksis. Desse to kveldsøktene er mandag 3 februar og mandag 10 februar.
Du melder deg på ved å sende ein e-post til trenarveiledar Bjørn Totland, på bjorn@forde-fotball.no.
UEFA A-lisens i 2025

I januar starta Alexander opp med nytt trenarkurs. UEFA A-lisens er det nest høgaste nivået i hovudtrenarutdanninga. Kursets formål er å gi deltakara kunnskap, forutsetningar og kompetanse til å leia utviklings- og prestasjonsprosessar for lag og spelarar.
Kurset går over eit år og gir klubben ein unik kompetanse. Det og våre andre trenarkurs er viktig for å sikre at vår aktivitet er attraktiv og spennande for alle.