TREKKJER SEG SOM TRENAR
Med bakgrunn i ulikt syn på sportsleg strategi har Terje Rognsø i dag valgt å trekkje seg som trenar for Førde sitt A-lag for herrar. Førde il Fotball vil nytte høve til å takke Terje Rognsø for den jobben han har gjort i Førde il Fotball i 2 ½ år. -Terje har tilført klubben mykje,…
Med bakgrunn i ulikt syn på sportsleg strategi har Terje Rognsø i dag valgt å trekkje seg som trenar for Førde sitt A-lag for herrar.
Førde il Fotball vil nytte høve til å takke Terje Rognsø for den jobben han har gjort i Førde il Fotball i 2 ½ år.
-Terje har tilført klubben mykje, og vi har lært utruleg mykje av han. Terje Rognsø er sterk fotballfagleg, og har levert bra som trenar for A-laget. Spesielt i fjor då vi vart nummer to i Norsk Tipping-ligaen, seier sportsleg leiar Lars Solnørdal etter møtet med Terje Rognsø i Florø sundag ettermiddag.
-Trass i sjukdom og skader på fleire av spelarane har han likevel fått det beste ut av laget, og vi skiller no lag som gode vener. Og vi ønsker han sjølvsagt lukke til vidare i si trenargjerning, seier dagleg leiar Per Øyvind Storevik, som også var med på møtet med Terje Rognsø.
No jobbar klubben med å leggje ein ny trenarkabal, og har håp om at denne skal vere på plass om kort tid.
-Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette, og håpar vi lukkast med å få det på plass i løpet av kort tid, seier dei to Førde-leiarane.
Tekst og foto: Stig Roger Eide