Tre nye år med Alexander Lekva
Førde IL Fotball er glade for å ha landa ei avtale med herrelaget sin hovudtrenar Alexander Lekva i tre år til. Resultata og utviklinga har i 2024 vore svært positive. Det ynskjer vi å ta vidare, med unge og lokale spelarar. Ei langsiktig avtale gir klubben moglegheita til å sjå prosjektet i eit lengre perspektiv.…

Førde IL Fotball er glade for å ha landa ei avtale med herrelaget sin hovudtrenar Alexander Lekva i tre år til.
Resultata og utviklinga har i 2024 vore svært positive. Det ynskjer vi å ta vidare, med unge og lokale spelarar. Ei langsiktig avtale gir klubben moglegheita til å sjå prosjektet i eit lengre perspektiv.
– Ein del av noko større
Alexander som trenar treff godt med klubben sin visjon. I vår klubb er alle ein del av noko større, og det å ha ein a-lagstrenar på herresida som ynskjer å ha tette band mellom ungdomsfotballen og seniorfotballen, er viktig. I åra som kjem vil vi jobbe ytterlegare for å skape ein raud tråd i klubben. Alexander blir ei viktig brikke i dette arbeidet på guttesida.