Tre fekk hospitera med Sogndal
Victoria Zablotna, Marthe G Stølen og Sigrid Welle fekk alle verdifull erfaring mot Aalesund Fortuna laurdag.

F.v.: Victoria Zablotna, Marthe G Stølen og Sigrid Welle. Foto: Sogndal Fotball
Marthe Gjerde Stølen, Victoria Zablotna og Sigrid Welle fekk alle tre prøva seg i treningskamp mot Aalesund FK Fortuna, då dei var på hospitering hos Sogndal FK.
I følge heimesida til Sogndal bar kampen preg av at det var den fyrste kampen for året. “Aafk var det førande laget frå start til slutt og det er berre å erkjenne og lære av at vi fekk så hatten passa av eit skarpt 1. divisjonslag i dag”, skriv Sogndal.
I følge hovudtrenar Martin Natvig, fekk Sogndal gode referansar. Han skildrar Aafk som eit lag som spelar med høg intensitet og har gode relasjonar.
Spelar- og klubbutvikling
Vi i Førde er opptatt av å sjå mot andre miljø. Det gjev oss referansar som vi kan ta med oss tilbake i vår treningskvardag. Den gode dialogen vi har med Sogndal FK er avgjerande for vår utvikling på jentesida. At tre av våre a-lagsdamer får prøva seg mot ein motstandar frå nivå 2, gjev gode referansar tilbake til deira eigen kvardag og samstundes til vårt lag og klubb. For oss som klubb så handlar det om å lytte til erfaringane jentene fekk frå kampen og sjå kva vi skal og bør gjera for å vidareutvikla oss.
Som klubb ser vi heile tida etter korleis vi skal organisera ein fotballaktivitet som er tilpassa heile klubben vår. Spelarutviklingsdag er eit av tiltaka vi har lagt til rette for i 2025, der vi har ei felles trening for alle spelarane i ungdomsfotballen og seniorfotballen. Det er kun våre to a-lag som ikkje har fått tilbud om den spesialiserte treninga.
Målet med spelarutviklingsdag er å kunne ta ned tal treningar for våre lag, og heller tilby ei frivillig trening for dei som ynskjer noko meir i kvardagen. Treningane vil ha meir fokus på øvingar og utvikling, enn spel. På desse treningane kan vi jobba vidare mot dei referansane vi får ved å trene og spele med andre lag.
Vi takkar Sogndal Fotball for at tre av våre jenter fekk moglegheita laurdag.