To nye mottok blå diplom
Heidersteiknskomiteen i NFF Sogn og Fjordane delte i helga ut kretsen sin blå diplom på miljøhelga.

Laurdag 30. november og søndag 1. desember arrangerte fotballkretsen Miljøhelg i Førde. Det er ein storstilt avslutning av fotballsesongen, med fokus på fag, utvikling og heider.
Under festmiddagen på Miljøhelga blei det delt ut fleire prisar og diplomar. Der mottok Vibeke Hafstad Wennevold og Ole Henrik Gulliksen det synlege beviset for lang og vedvarande innsats i klubben, ved å motta blå diplom.
Verkeleg fortjent
Vibeke har i 2024 vore med rundt vårt historiske andrelag på damesida som spelte i den lokale 3.divisjonen og lagt ned stor innsats under Førde cup som kjøkkenansvarleg. Ole Henrik har vore med som trenar på G16. Vi er stolt over Vibeke og Ole Henrik, og det arbeidet dei legger ned kvar dag for fotballen i Førde, og gratulerer dei med velfortjent heider.
Denne utmerkelsen er utelukkande for innsats på klubbnivå. Kandidatar skal ha utført ein lengre vedvarande innsats i klubben (minimum 8 år) som leiar, trenar, lagleiar. Klubben kan årleg innstille 1-2 personar (store klubbar inntil 3 personar). Desse må vere rangert og CV på klubbnivå må ligge ved søknaden.
Vår innstilling
Ole Henrik Gulliksen
• 2016 keepertrenar A-lag herrar
• 2017 Assistenttrenar A-lag herrar
• 2015 – 2020: Trener 2008 kullet
• 2021: Hjelpetrenar G13
• 2022 Hjelpetrenar G14/15
• 2022 Hovudansvar for G14/15 lag 2 og 3
• 2023 Hovudtrenar G15
• 2024 Hovudtrenar G16
Vibeke Hafstad Wennevold
• 2015 – d.d: lagleiar for 2007 – jenter kullet
• 2024 Kjøkkenansvar – Førde Cup