Tine Fotballskule i hundre!

Publisert 01.07.2025 av Helge Bjørke

Del via

Spelarane i alderen 10 til 12 år fekk ein aktiv start på sommarferien.

Frå tirsdag til fredag forrige veke var hundre gutar og jenter samla på Tine Fotballskule i Hafstadparken. TINE Fotballskule er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og TINE som starta i 1998. I 28 år har TINE Fotballskule samla over 1,7 millionar born over heile Noreg, og med det blitt ein av verdas største og mest inkluderande fotballarrangement.

TINE Fotballskole er mer enn bare fotball. Det er en nasjonal dugnad hvor lokale ildsjeler, idretten og vi i næringslivet skaper aktivitet, vennskap og gode opplevelser for tusenvis av barn over hele landet. Samtidig er det et fellesskap hvor barna får høre til, kjenne på trygghet og oppleve mestring. Sammen får vi til noe som betyr mye for veldig mange, sier konsernsjef i TINE, Ann-Beth Freuchen.

Øvelsar, spel og leik

Fotballskulen i Førde har fokus på ferdighetsutvikling, leik og morro. Med unge instruktørar og gjestetrenarar er målet å gje spelarane fire kjekke dagar. Instruktørane er spelarar frå våre seniorlag. Gjestetrenarane var a-lagstrenar Alexander Lekva og Lars Ove Nistad, i tillegg til spelar- og trenarutviklar Bjørn Totland og sportsleg leiar Helge Bjørke.

Med 100 påmeldte, hadde vi gode mogelegheiter til å differensiera godt og legge opp til reine jentegrupper og keepergrupper. Gjennom dagen fekk spelarane ulik påverknad.

– Vi ynskjer å gje deltakarane på Tine Fotballskule ei variert veka, med både øvelsar, spel og leik. Mange kom direkte frå Lerum cup, så ein må tilpassa programmet. I tillegg er ingen vane med fire timar fotball kvar dag, så det er viktig å variera frå øvelsar og spel, til ana aktivitet, fortel Bjørn Totland.

Torsdagen fekk alle mogelegheita til å ta minimerke, dei fekk prøve seg på fotballgolf og andre artige leikar.

Stor deltakelse også i år

Med 100 påmeldte, opplever vi stor pågang til fotballskulen. Det er veldig stas, fortsetter Bjørn. Han gler seg til august, då vi skal ta i mot 6-9 åringane. Mange påmeldte er ein trend ein ser over heile landet.

Gjennom TINE Fotballskole sprer vi fotballglede og gir barn muligheten til å oppleve gøyale øyeblikk sammen med andre. Vi ser at stadig flere barn blir med, og det skaper sunne, aktive fellesskap over hele landet, sier fotballpresident Lise Klaveness. 

Denne sommaren arrangeres over 430 fotballskular fra nord til sør, der rundt 400 klubbar, 12 000 unge instruktørar og nesten 70 000 born deltar i ei aktiv og sosial veka.

TINE Fotballskole er en fantastisk mulighet for barn og unge til å oppleve bevegelse, mestring og vennskap. Vi gleder oss over at så mange blir med på denne positive trenden, og vi ser at tallene for deltakelse bare stiger, smiler Klaveness. 

Førde IL Fotball er glad for stor deltakelse på fotballskulen for 10 til 12-åringane, og vi gler oss til ny fotballskule i august. Det er fortsatt mogelegheit til å melde seg på, det gjer ein ved å gå inn på vår heimeside. https://fotball.fordeidrettslag.no/next/blog/post/251580/tine-fotballskule-2025?ispage=true

(intervju med Tine og NFF er henta frå tine.no si sak om Tine Fotballskule.)

Relatert