Tidenes målscorar har signert!

Publisert 12.11.2024 av Helge Bjørke

Del via

Vegard Savland er klar for å score nye mål for Førde i 2025.

Vegard Savland har vore, og er, ein viktig spelar for Førde IL Fotball. Gleda er derfor stor over at storscoraren har signert ny kontrakt med klubben.

Han har heile 169 kampar for klubben. I dei kampane har han scora og scora og scora. Vegard står med 114 mål for klubben, og har ingen plan om å stoppe der.

I følge NFF sine sider har han totalt 282 kampar, og 185 mål i si karriere. Det utgjer eit målsnitt på 0.66 per kamp. I 2024 har han scora utrulige 16 mål på 18 kampar. Med andre ord har vi mykje spennande i vente.

Ein bauta i angrep og ein bauta i mål med vidare

Der Savland setter standarden for ein kvar spiss, har mannen som setter standarden i andre enden av banen også signert. Fredrik Hanssen er også klar for ein ny sesong med Førde-logoen på brystet.

Det å ha med vore rutinerte, og lokale spelarar gledar klubben stort. Fredrik er og har vore ein viktig mann på og utenfor banen. I tillegg til å vera viktig i mål for a-laget på herresida, er Fredrik også viktig for keeperutviklinga i klubben. Han, med fleire, vil vera viktig i det vidare arbeidet for å skape fleire keepera i klubben. Som forbilde som spelar og som trenar er fredrik svært viktig for vår satsning vidare i ungdomsfotballen og seniorfotballen.

Relatert