Teppet går ned
Førde kunne ende på alt frå 4. til 7. plass på tabellen, medan Frøya mest truleg måtte vinne for å få ny kontrakt i divisjonen. Som alltid dramatikk før siste runde.

Tekst: Knut Strand Løseth
Søndag var det duka for eit siste hurra, i siste serierunde, mellom Førde og Frøya i Hafstadparken. Grunna overvatn var kampen flytta, og når ein såg bygene som kom før og under kampen var nok det ei lukke. Heimepublikummet satt nok like fullt pris på at det var mindre spennande før siste runde, med tanke på heimelaget, enn det var 2023-sesongen og at den største spenninga var om ein kunne hjelpe Årdal å overleve i divisjonen.
Dei unge sin arena
Førde mangla seks mann som har vore meir eller mindre faste denne hausten, og hovudtrenar Lekva fekk nå prøve fruktene av at han denne hausten har slept til mange unge spelarar for å sjå om dei kan ta steg. I fråveret av Flatjord, Hallstensen, Bergset og Høynes var det årets yngste førdelag som mønstra til siste kamp.
I stiv kuling, og sidevegs vind, skulle unggutta vise at dei var ansvaret verdig. Kampen starta som ein kunne vente, med eit bortelag i ei låg ramme og eit heimelag som prøvde å spele seg gjennom. Dette passa det unge Førdelaget godt, og sjølv om det ikkje var mange sjansar den fyrste halvtimen var det mange gode tendensar. Frøya på si side kom til kampen med to sigrar på rad, og hadde nok funne si sukessoppskrift. Fråværet av sjansar, og brudda på midten kunne tyde på det skulle bli ein suksess denne runda også. Då er det godt med eit lag, og spelarar, som kan bidra med det lille ekstra.
Ein soloprestasjon av den vakre sorten
I det kampen virka å ha låst seg i ein ny stillingskrig på midten, der berre flaks og dødballar vil føre fram, får publikum sjå eit snev av fotballmagi i internasjonal klasse.
Ola Rognebakke tek eit raskt frispark i retning Vegard Lorgen som er på veg på eit Leoløp inn i feltet. Med ryggen til ballen vender han seg og tek ballen ned, og med, på kassa. I løpet av dei tre neste toucha er to forsvararar borte vekk, og med det fjerde ligg keeper og spreller i motsatt hjørne av det hjørne ballen ender i. 1 – 0 Førde. Kansje årets vakraste soloprestasjon gjennom sesongen? Vi skal ikkje dra supperlativa og forventingane for langt, men nokon minner går attende til Zlatan sitt debuttmål for Ajax.
Gleda varer ikkje lenge, for Frøya svarer umiddelbart. I det Førde prøver å spele av eit press bryt Frøya ballen, og på 20 meter finn ein spydspiss og toppscorer Dennis Pettersen. Han vender på ein tiøring, og gjer ingen feil. Strak vrist frå omlag 16 meter ned i hjørnet, og ein er like langt. På dette tidspunktet var det to like lag, både i spel og sjansar, og ein kunne frykte at bortelaget som spelte for “livet” kunne få blod på tann.
Frøya trykker på, men får smake eigen medisin. Eit langt utspark frå keeper Hanssen lander presist på fot hjå lagkamerat Savland. I kamp mot overmakta – fire forsvararar – klarer veteranen å skaffe frispark på 18 meter. Ikkje så farleg for Frøya, ser ein på Førde sin frisparkstatistikk dette året. Men… Vegard Savland har ikkje skutt eit einaste av dei. Nå er det han som stiller seg opp, og han ser moglegheiten i keeperhjørnet. Knallhardt, med ein liten boge, heilt oppunder tverrligger. 2 -1, og i Årdal står det 0 – 0. Alt går vegen!
Ein god keeper avgjerande
Andre omgang blir i det store og heile ein parademarsj for Førde. Fleire store sjansar tilkjem heimelaget gjennom omgangen. Både Savland, E. Rognebakke, Helgheim, og Nistad får sine moglegheitar til å punktere kampen. Frøya på si side er sjeldan på besøk i Førde sin 16. meter, og når dei kjem dit er det ofte fordi Førde lokker dei fram.
Men… når ein ikkje set sjansane smell det fort i andre enden. I det klokka til dagens dommer Håkonsen runder 90 skjer det som ofte skjer. Ein uheldig hands etter corner og Frøya får frispark på 22 meter. Dennis Pettersen stiller seg opp og fyrer av ei kanon, gjennom forsvaret og mot keeperhjørnet. Keeper Fredrik Hanssen er dekka, og får så vidt slengt ei hand attende og geleida ballen i stolpen og ut. I seg sjølv ei stor redning, men… På 8 meter kjem Frøya åleine mot ballen, og heilt upressa skal ein berre sette ballen i motsett hjørne. Hanssen har derimot andre idear, og har komme seg opp att. Med eit tigersprang av ei beinparade held han også denne avslutninga ute av nettet.
Sjølv om Fredrik hadde spelt ein solid kamp kunne denne redninga åleine kvalifisere til Dagens Førdespelar, og 20 sekund seinare er det akkurat Hanssen som får denne utmerkinga av speaker Odd Hagen, på vegne av ein samstemt euforisk jury.
Takk for i år.
Dommer Håkonsen bles i fløyta, og Førde Herrer sin siste kamp for året er over. Når vi ser på dei andre resultata blei det 45 poeng og ein 5. plass for heimelaget til slutt. Ei stor forbetring frå året før. Diverre kunne ein ikkje redde Årdal, som til slutt tapte 0 – 4 for seiemester Sandviken. Førde Fotball gratulerer bergenslaget, og ynskjer lukke til i 2. divisjon. I motsatt ende må Florø, Årdal, og Frøya ta turen ned eit hakk. Førde Fotball vil takke alle, bortelag, dommarar, publikum, og frivillige for innsatsen i år. Nå gjenstår det berre ein seniorkamp denne sesongen, og det er damelaget sin avsluttande kamp mot Voss neste søndag. Etter dagens 2 – 1 siger mot Bjarg blir dette ein formalitet, og vi håper mange tek turen i Hafstadparken for å markere ein flott sesong.
Vi sjåast igjen til neste år.
Til cup
Til sereiespel
Til Lokalfotball!
Takk for i år.
Kampfakta:
Norsk Tipping-Ligaen avd. 1
Førde – Frøya 2-1 (2-1)
Hafstadparken
142 tilskodarar
Mål:
⚽️1-0 30 min Vegard Lorgen
1-1 35 min
⚽️2-1 42 min Vegard Savland
Gult kort Frøya: Jon André Thue og Sondre Sivertsen Kvalheim
Dagens dommartrio:
Hoveddommer: Yngve Håkonsen (Fjøra FK)
Ass.dommer 1: Matias Lesto Larsen (Selje IL)
Ass.dommer 2: Jarl Ivar Hauge Mjånes (IL Høyang)