TEODOR ER KLAR FOR ELITESERIEKLUBB

Publisert 24.08.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Etter suksessen som Førde sitt G16-lag har hatt dei siste åra, er det kanskje ikkje så underleg at større klubbar blir klar over våre spelarar. No er midtbanespelaren Teodor Aamot klar for FK Haugesund. -Ja, frå mi side er alt klart no. Eg har flytta nedover, og har allereie hatt fleire treningar på Kraft-akademiet, som…

Etter suksessen som Førde sitt G16-lag har hatt dei siste åra, er det kanskje ikkje så underleg at større klubbar blir klar over våre spelarar. No er midtbanespelaren Teodor Aamot klar for FK Haugesund.

-Ja, frå mi side er alt klart no. Eg har flytta nedover, og har allereie hatt fleire treningar på Kraft-akademiet, som FK Haugesund driv. Faktisk er det ein tidlegare Førde-spelar, Maid Memic, som er trenar for G17-laget her og som har treningane med oss, fortel midtbanespelaren som allereie i vinter var på prøvespel i Haugesund.

Prøvespel i vinter

-Eg har ein stefar og stebror som bur her nede, og då eg samstundes opplevde at kombinasjonen toppfotball og vidaregåande skule i Haugesund passa meg veldig godt, valde eg å satse på denne klubben, seier teknikaren som under G15-finalen i Adidas Cup i fjor vart kåra til beste spelar totalt.

-Vi har hatt ei flott oppleving i Førde med det som i dag er G16-laget. Eg fekk ikkje spele NM-kampen mot Aalesund sist helg, og skal heller ikkje spele kvartfinalen Førde skal ha mot Brann. Og slik eg ser laget no, så trengst eg heller ikkje, ler Teodor Aamot som reknar med å spele for FK Haugesund sitt G17-lag i den nasjonale serien utover hausten.

Nasjonal serie

-Eg er eitt år yngre enn dei fleste spelarane, men det er berre ei flott utfordring no i starten. Og eg har sett at spelarane held eit høgt nivå, seier midtbanespelaren. Faktisk ligg FK Haugesund på femteplass i 1. divisjon i den nasjonale serien, og har klubbane Vålerenga, Stabæk, Viking og Rosenborg føre seg på tabellen føre haustinnspurten. Medan klubbar som Brann, Sogndal, Åsane, HamKam, Sandefjord og Aalesund held til i divisjonen under med sine G17-lag.

Draumen er eliteserien

Teodor Aamot har begynt på Haugesund Toppidrettsgymnas, og tek studiespesialiserande retning med toppidrett.

-No har eg eit perspektiv på tre år her i Haugesund, og skal kombinere fotball med vidaregåande skule. Eg har sjølvsagt eit mål om å få sjansen til å springe ut på Haugesund stadion på sikt, men veit at det førebels er ein lang veg å gå. Men eg er villeg til å gje det ein sjanse, seier midtbanespelaren og håpar hans tidlegare lagkameratar knusar Brann om 14 dagar.

-Det hadde vore kjekt viss Førde kunne slått ut Brann frå NM-cupen, ler Teodor «Teo» Aamot om kvartfinalekampen som er terminfesta til 10. september på Varden Amfi i Bergen.

-Sjølv om eg no er Haugesund-spelar, så seier eg «Heia Førde» i den kampen iallfall, ler den ferske Haugesund-spelaren.

På bildet er Teodor Aamot saman med den tidlegare Førde-spelaren Maid Memic etter dagens trening.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat

Relatert